Dag og Tid nr. 22, laurdag 31. mai 2003
Irak-krigen:
Opptrer ikkje som intellektuelle
Når intellektuelle som György Konrád og Adam Michnik argumenterer for Irak-krigen ut i frå sine eigne erfaringar som dissidentar under det sovjetkommunistiske systemet, opptrer dei ikkje som intellektuelle. Dei har ikkje dokumentert innsikt og perspektiv nok til å kunne vurdera karakteren av den noverande amerikanske utanrikspolitikken, seier
professor Odd-Bjørn Fure.
Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no
Austeuropeiske intellektuelle har i langt større grad enn intellektuelle i Vest-Europa støtta USAs krig mot Irak. Kjende personar som den polske dissidenten Adam Michnik, Ungarns fremste opposisjonelle, György Konrád, den polske nobelprisvinnaren Czeslaw Milosz, Tsjekkias tidlegare president, Vaclav Havel, og den tid-legare austtyske opposisjonelle forfattaren og songaren Wolf Biermann, kom med klare støtteerklæringar til krigen.
I motsetnad til i Noreg, der det knapt var mogleg å finna intellektuelle som støtta krigen, stod altså heilt sentrale figurar i det kulturelle og intellektuelle landskapet fram som aktive talsmenn og tilhengjarar av krigen.
Kva trur du er grunnen til at så mange austeuropearar støtta krigen, Odd-Bjørn Fure?
No må ein først vera klar over at eit klart fleirtal i folket både i Aust- og Vest-Europa var massivt mot krigen. Alle dei austeuropeiske regjeringane støtta derimot, utan unntak, krigen.
Når vi så ser på gruppa intellektuelle og tek for oss ei snevrare avgrensing, nemleg dei intellektuelle austeuropeiske dissidentane, er det rett at det var nokre, som på ulike premissar støtta USAs krig mot Irak. Men ikkje alle. Jack Kuron, til dømes, ein av dei mest profilerte dissidentane i Aust-Europa, gjekk prinsipielt mot krigen.
Historiske band
Når så mange likevel støtta krigen, har det mykje å gjera med sterke historiske band mellom nokre av desse statane og USA. Tryggingspolitiske omsyn veg også tungt. Dei kan ikkje sjå at dei vesteuropeiske landa kan garantera tryggleiken deira. Frykta for Russland, rasjonelt eller ikkje, er enno sterk. I tillegg vekte det tette samarbeidet mellom Tyskland og Russland uhyggjelege assosiasjonar, særleg i Polen. Denne bakgrunnshorisonten er heilt avgjerande for å forstå korleis mange austeuropearar tenkjer.
Ein kunne trudd at når desse landa no hadde kome ut av ein langvarig satelittstatus, ville dei ha hatt betre disposisjon til å markera utanrikspolitisk sjølvstende. Men her ser vi altså det stikk motsette: Refleksen og det generelle tildrivet er å søkja vern og tett kontakt med den einaste noverande supermakta og i realiteten underkasta seg og innordna seg dei rammene som USA set.
I tillegg har USA ført ein enorm politisk sjarmoffensiv overfor alle desse landa, noko som klart er eit ledd i ein strategi for å splitta EU. Dette har vore framheva av fleire forskarar, mellom anna ved Brooking-instituttet i USA.
Har austeuropeiske intellektuelle, med sine ubehagelege og personlege erfaringar med totalitære regime, større tyngde i sin argumentasjon enn vestlege intellektuelle med arbeidsplass i Strasbourg eller Paris?
Spørsmålet er viktig og vanskeleg. Ein må skilja mellom innsatsen deira som opposisjonelle under dei austeuropeiske kommunistsystema og den oppfatninga dei har gjort gjeldande om krigen mot Irak. Ved det første høvet viste dei mot, klarsyn og dømmekraft. Dei kjempa for sivilisatoriske verdiar med store personlege kostnader. Dette har generelt gjeve dei stor moralsk autoritet.
Men i den norske debatten har nokre hevda at dei tidlegare dissidentane har særskilde føresetnader for å ta stilling til dei metodane som var eigna i kampen mot diktaturet i Irak. Det er ikkje rett.
György Konrád
Korleis vil du vurdera argumenta til to av dei mest framståande austeuropeiske intellektuelle som støtta krigen; György Konrád og Adam Michnik?
Konrád gjer ei alvorleg feilslutning når han hevdar at erfaringane frå kampen mot det kommunistiske styret i Aust-Europa gjev argument for krigen mot Irak. Det var ikkje ved militær konfrontasjon, ved åtak utanfrå, at Aust-Europa vart frigjort frå eit totalitært herredømme. USA eller Vest-Europa intervenerte ikkje i Aust-Tyskland, Ungarn eller Tsjekkoslovakia.
Det var først og fremst indre stagnasjon og erosjon, Natos og USAs oppdemmingspolitikk og ideologiske krigføring, og fordi Vesten tvang Sovjet til å forholda seg til menneskerettsregimet gjennom Helsingforsavtalen noko som heile tida var med på å delegitimera det sovjetiske undertrykkingsapparatet som gjorde at det kommunistiske systemet forvitra. Frigjeringa starta i sentrum av imperiet. Michael Gorbatsjovs reformprosess førde til at banda til satellittstatane vart slakkare. Dette gjorde ein folkeleg motstand og oppstand mogeleg. Ein militær intervensjon i Aust-Tyskland i 1953, i Ungarn i 1956 eller i Tsjekkoslovakia i 1968 ville ha ført til global atomkrig.
Feilslutning
Konrád gjer her, trass sitt briljante intellekt, ei heilt elementær feilslutning. Den austeuropeiske erfaringa gjev ikkje argument for krigen. Diverre må eg seia at for å gjera ei slik tankemessig feilslutning som Konrád gjer her, må ein vera sterkt ideologisk programmert.
Korleis ser Konrád på USAs motiv for invasjonen?
Konrád maktar ikkje å analysera USAs noverande regime. Han føreset implisitt, og delvis eksplisitt, at det er ein kontinuitet mellom det USA stod for på 1940, 1950- og 1960-talet og det som det noverande regimet står for. Der tek han feil. Han ser ikkje at amerikansk utanrikspolitikk har vore gjennom ei djuptgripande nyorientering, og han har inga innsikt i dei globale strategiske perspektiva som Irak-krigen inngår i for USA. Konrád har diverre ingen utsegner som syner at han forstår den nye verdssituasjonen.
Pasifismen har tidlegare vore ein heilt sentral del av Konráds politiske tenking. I boka Antipolitikk frå 1982 gjer han seg til talsmann for eit demilitarisert Europa. I dag derimot, kritiserer han Tyskland for å vera pasifistisk. Er Tyskland det?
Nei, Tyskland er slett ikkje pasifistisk. Tyskland støtta Golfkrigen, var med i Kosovo-krigen, og har i dag militære troppar i Afghanistan. Det er på ingen måte pasifisme som er årsaka til den tyske motstanden mot Irak-krigen. Det er først og fremst den katastrofale, tyske erfaringa med åtakskrig som gjorde at tyskarane forkasta ein krig som var unødvendig og rettsstridig. Tyskarane definerte dei tre første krigane som noko heilt anna enn denne siste. Det ser ikkje Konrád.
Han har også eit antiamerikanismeomgrep som er ubrukeleg. Han skil ikkje mellom antiamerikanisme på den eine sida, og rettkomen kritikk av politikken til det noverande regimet på den andre.
Manglar kunnskap
Eg har stor forståing for at austeuropeiske dissidentar med sine erfaringar frå eit totalitært regime er spesielt opptekne av å eliminera andre totalitære regime. Men det føreset at dei også vurderer metodane og kostnadene. Og det har Konrád diverre ikkje gjort. Korleis kan ein spreia demokrati ved å neglisjera resultatet av demokratiske prosessar i ei rekkje andre land? USA retta eit massivt press mot Tyrkia der over 90 prosent av folket var mot krigen. Både nasjonalforsamlinga og regjeringa sa nei til å delta eller tilretteleggja for krigen. Likevel prøvde USA med eit stort arsenal av midlar å pressa konsesjonar frå Tyrkia, noko som i så fall kunne ha ført til destabilisering av det tyrkiske demokratiet. Kvar er det demokratiske sinnelaget her? Det same galdt i Tyskland. Der var også folket, Forbundsdagen og regjeringa mot. Likevel prøvde USA å pressa landet. Her er det ikkje
logikk frå Konrád si side, men snarare det eg vil kalla for «bekvemmelsesargumentasjon», når han ikkje ser dette.
Det er leitt å seia det, men Konrád er inne på eit område som han ikkje meistrar. Han brukar autoriteten sin som litterat og tidlegare dissident på eit felt han ikkje viser særleg kunnskap om. Konrád argumenterer heilt og fullt ut i frå si eiga erfaring. Han har ikkje dokumentert perspektiv som er vidtrekkande nok til å vurdera karakteren av denne krigen. Det er problematisk, for her lever han ikkje opp til dei krav som må rettast til ein intellektuell.
Adam Michnik
Adam Michnik kjem i motsetnad til Konrád med sterk kritikk av USA som han kallar arrogant, dominerande og demagogisk...
Michnik er meir nyansert. Han seier at «det er ei dårleg regjering, som med dårlege argument har utført ein god intervensjon i Irak». Han seier også at USA har ein tendens til å intervenera på feil stad til feil tidspunkt. Men dette gjeld ikkje intervensjonen i Irak.
Implisitt kritiserer han USA fordi landet ikkje intervenerte i Aust-Europa i 1956 og 1968! Her registrerer eg eit visst underskot på realisme.
Utgangspunktet hans er at dei politiske fangane i Irak no er frigjorte. Og det er klart det er eit tungt argument. Men skulle ein ta konsekvensen av dette, ville det vorte svært mange intervensjonar rundt om i verda. For eksempel i Usbekistan som er ein av dei mest undertrykkjande statane i verda, men som samstundes er ein av USAs viktigaste allierte i den såkalla kampen mot terrorismen.
Michnik gjer i sin argumentasjon ei samanlikning med Kina og Tibet og seier at det som går føre seg der er like forferdeleg. Men så har han ein merkeleg påstand om at Russland og Kina ikkje representerer nokon fare for sine omgjevnader. Det gjorde derimot Irak og difor var krigen legitim. Men det har knapt vore uavhengige analytikarar som meiner at Irak representerte nokon reell trussel mot nabolanda eller verdssamfunnet. Ingen av dei statane som grenser til Irak, kan hende med unnatak av Kuwait, meinte at landet utgjorde nokon trussel. Irak var så svekt gjennom vanstyre og sanksjonar at landet ikkje hadde kraft til å føra ein offensiv krig. Irak var ein fare for si eiga befolkning, men ikkje ein fare for andre makter.
Fundamentalisme
Michnik ser på dei muslimske fundamentalistane som den største faren for verdssamfunnet og kritiserer vestlege intellektuelle for nærast å sjå på USA som den største trusselen. Har han ikkje her eit viktig poeng?
Problemet er at Michnik ikkje har førestellingar om korleis den islamske fundamentalismen og terrorismen kan demmast opp og eliminerast. Det ligg implisitt i hans resept at militære maktmidlar er tilstrekkeleg, noko det sjølvsagt ikkje er. Og den bølgja av attentat vi no har sett etter krigen, er det ei rekkje internasjonale analytikarar som ser på som eit direkte resultat av krigen mot Irak.
Michnik har i motsetning til Konrád omfattande kunnskap om internasjonal politikk. Men merkeleg nok problematiserer og drøftar han ikkje USAs nye globale strategi. Dermed manglar han eit heilt vesentleg grunnlag for å ta stilling til krigen mot Irak. Han talar om eigne grenser med sjølvironi. Han seier at han berre er 10 prosent europear. Elles står han framleis med beina fast planta i kommunismen og i Asia.
Kva med Michniks samanlikning av Irak og Tyskland i 1936 at ein ikkje må gjera same feilen opp att og lata vera å gripa inn og avvæpna ein farleg diktator?
Ei kvar slik samanlikning er fullstendig meiningslaus. Tyskland var i 1936 på veg oppover, industrielt og militært. Landet hadde eit enormt maktpotensial og ein industriell infrastruktur som det viste seg hadde evne til å kontrollera nesten heile Europa. Irak var i ein slik samanheng ein militær ministat. Adam Michnik sine resonnement her vitnar om mangel på både historisk og aktuell innsikt.
I sum vert det påfallande kor svak argumentasjonen til både Konrád og Michnik er. Korkje Michnik eller Konrád viser innsikt i dei langsiktige strategiane frå amerikansk side som åtaket går inn i. Dei er heller ikkje opptekne av dei langsiktige konsekvensane som åtaket mot Irak kan få. Så lenge begge to i så stor grad baserer seg på personlege erfaringar særskilt Konrád utan ei tilstrekkeleg analyse av den aktuelle verdssituasjon, er sjansen for feilslutningar stor. Og det er diverre det vi ser: Synspunkt basert på ein serie feilslutningar.
Synspunkta til Adam Michnik er henta frå Le Monde 29. april 2003, trykt i Dag og Tid 10. mai 2003. Artikkelen til György Konrad stod i Frankfurter Allgemeine 27. februar 2003.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|