Dag og Tid nr. 22, laurdag 31. mai 2003

Bøker:
Axel Jensens siste bok

Boka er verdlaus for den som kjenner kjeldene, skriv K.E. Steffens. Ein vert trøytt og leid av den omsynslause og omkalfatrande måten dei er nytta på og alt det
diktaren Jensen legg til og smyr på.

Axel Jensen (i samarbeid med Eric Delanouâ):
Guru. Glimt fra Gurdjieffs verden
Cappelen 2002

Axel Jensen vart alt tidleg på 1950-talet interessert i den russiske okkultisten Georg Ivanovitch Gurdjieff og skreiv i Morgenbladet om honom og den kjende eleven hans P.D. Ouspensky, som på spanande vis hadde lagt fram det sokalla «Gurdjieffs system» i boka In Search of the Miraculous.

Eg hadde lese denne boka, som hadde gjort eit sterkt inntrykk på meg, og då eg kom til Oslo hausten 1955 og byrja på eit filologisk studium, tok eg kontakt med Jensen, som då arbeidde i den kjøtfabrikken som farfaren hadde grunnlagt og opparbeidt til eit stort og suksessrikt firma. I 1956 var eg fleire månader i England og studerte Gurdjieff i teori og praksis hjå ein elev av honom, J.G. Bennett, og det førde til ny og nær kontakt med Jensen fram til sumaren 1957. Eg fekk soleis eit godt inntrykk av kor oppteken han var av ideane og metodane til Gurdjieff, og det forundra meg ikkje at ei bok om honom vart det siste han gav ut.

Vitskapskritikk

Ved fødsel, oppvokster, ut-daning og yrke hadde Gurdjieff sers gode fyresetnader for det som alt i unge år vart ein sann lidenskap for honom: Å orientera seg og finna mål og meining i eit tilvære som mangslungne røynsler tvinga honom til å sannkjenna som grunnleggjande mystisk og magisk. Han røynde mangt av det slaget som ein med eit moderne uttrykk vil kalla paranormalt, og han skyna at der måtte vera noko grunnleggjande einsidig og misvisande i den moderne vestlege vitskapen som løyste problema ved beint fram å nekta at fenomena var røynlege. Gurdjieff vart etter kvart overtydd om at det dreidde seg om kunnskap, ja vitskap, og at der fanst personar og grupper som rådde over slik kunnskap og kunne læra honom frå seg.

Han vart kjend med andre som hyste den same trongen til esoterisk kunnskap, og dei byrja ei leiting og ei gransking som førde til kontakt med ymse meir eller mindre uortodokse brorskap i land der islam og buddhisme var rådande religionar. Gurdjieffs reiserute let seg ikkje rekonstruera, og det hev ikkje lukkast å identifisera dei gruppene han eventuelt fekk kontakt med, men det er tolleg god semje om at der er sufiske og buddhistiske islett i det teoretiske og praktiske opplegget hans, men òg idear som han vedgjekk var funne i vestleg filosofisk og okkult litteratur.

Kor som er: Gurdjieffs vart ein mann med ein misjon; han ville gjera desse ideane og metodane tilgjengelege for folk som hadde innsett at der var noko grunnleggjande rangt ved det moderne åndslivet i Vesten.

Naturleg nok etablerte han seg fyrst i Russland, og det var i Moskva i 1915 at han møtte journalisten og forfattaren P.D. Ouspensky som med krigen og oppløysinga av tsarriket som bakgrunn, skildra Gurdjieffs undervisning og framsteller ideane hans i det klassiske verket In Search of the Miraculous (1946). Denne boka er ei viktig kjelde for Jensen, men som det gjeng fram av innleidinga og litteraturlista hev han fylgt med og nytta ut den etter kvart tolleg omfattande litteraturen om Gurdjeiffs liv, tankar og metodar.

Guru
vert presentert av Jensens sekretær og medarbeidar Eric Delanouâ, og han fortel greidt nok at boka ikkje er ein «normal» og kritisk biografi og at læra eller «systemet» til Gurdjieff ikkje vert lagt fram. Er ein velviljug kan ein segja at dei hev plyndra kjeldene, men det er rettare å segja at det langt på veg dreiar seg om herverk blanda med fri fabulering. Men dette kan ein òg lesa i innleidinga: «boken (...) er stappet med skrøner.»

Overdriving

Men dette gjer boka verdlaus for den som kjenner kjeldene: Ein vert trøytt og leid av den omsynslause og omkalfatrande måten dei er nytta på og alt det diktaren Jensen legg til og smyr på. Og ein som lite eller inkje veit om Gurdjieff, vil utan tvil få inntrykk av at han, trass i sjarmerande og morosame, ja kanskje endåtil karismatiske sider, var ein charlatan som på smart vis nytta ut ein marknad for okkultisme og austleg «visdom», som i Vesten fylgde svekkjinga av kristen tru og praksis. Ideane om psykologi og kosmologi, som forklårar korleis mange høgt utdana og sers intelligente kvinner og menn vart fascinerte og overtydde om at her var det mykje av både praktisk og teoretisk verdi, vert som nemnt ikkje lagde fram i denne boka. Derimot eksellerer Jensen, og med mykje overdriving, i alt det bisarre ved Gurdjieffs ukonvensjonelle, ja stundom beint fram sjølvdestruktive åtferd og verksemd. Ein del av dette var nok i samsvar med eit medvite og vilja program, men det er òg realistisk, som eleven hans J.G. Bennett sa i eit uprenta fyredrag, å rekna med at det dreidde seg om krefter i ubalanse og at Gurdjieff måtte betala ein høg pris for kunnskapen og evnene sine.

Hemn

Kor som er: Endå om der er mangt som verkar uturvande eksentrisk og absurd, og det gjeld òg store delar av trilogien All and Everything, som Jensen karakteristisk nok set pris på, var der trass i mange feilgrep noko grunnleggjande sunt og godt ved Gurdjieff og verksemda hans. Eitt av dei beste døma eller kanskje «symptoma» på det er reaksjonen hans då den illgjetne okkultisten Aleister Crowley hadde vore gjest på Le Prieuré, instituttet som han nokre år dreiv i nærleiken av Paris. Gurdjieff fortalde Crowley at han var «dirty» og aldri meir skulle få setja beina sine der. Jensen omtalar denne episoden, men kommenterer berre Crowley estetisk og vil ikkje sjå dei etiske implikasjonane. Og det er ikkje rart, for i grunnen, ja objektivt biografisk sett, hadde Jensen i liv og program, og ikkje minst når det galdt «medvitsutvidande» metodar, langt meir til felles med Crowley enn med Gurdjieff. (Dette gjeng tydeleg fram av Noel Cobbs etterord til denne boka.)

Men korleis skal ein då for-klåra at Jensen var so fascinert av Gurdjieff og kunne satsa so mykje tid og krefter på å fullføra dette bokprosjektet? Eg trur at Gurdjieff tidleg vart eit ideal og ei utbjoding for Jensen, og ikkje minst på det praktiske området. Han prøvde to gonger å meistra det som skulle til for å overtaka fabrikken og verksemda farfaren hadde bygt opp, men vilje og trott strakk ikkje til. Dette såra sjølvkjensla hans og kan ha skapt ein trong til «hemn» og ufårleggjering ved å vektleggja alt det bisarre og absurde ved Gurdjieff og verket hans. Og det hev han med stor suksess greidt i denne boka.    

K.E. Steffens

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |