Dag og Tid nr. 22, laurdag 31. mai 2003

Bøker:
Roman om diktatur i Karibia


Kvifor kjem romanen om diktaturet i 2000? I 2000 fanst det, for Vargas Llosa, berre eitt «diktatur» i Karibia: På Cuba.


Mario Vargas Llosa:
Bukkefesten
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Gyldendal

Mario Vargas Llosa (Peru 1936) har no vore produktiv romanforfattar i 40 år: Då han debuterte i 1963, vart han verdskjend over natta, og han vart ein av grunnleggjarane av «Boom-perioden» i spanskamerikansk forteljekunst. I dag er han ein av tre attlevande forfattarar frå Boom-gruppa saman med Gabriel García Márquez (Colombia) og Carlos Fuentes (Mexico). Dei siste 10-15 åra har alle tre surfa på kjendisbølgja og gjeve ut lettvinte bøker med sviktande kvalitet. I dei same åra har Vargas Llosa i tillegg markert seg som ein nyliberal politikar langt ute på høgresida i politikken.

Genierklært

I år 2000 slo han likevel til att med ein roman som no i år har fått tittelen Bukkefesten i sin norske versjon. Romanen har fått overveldande mottaking frå Lima til Roma og frå Ohio til Oslo. No vert Vargas Llosa atter genierklært, og han legg seg sikkert i løypa mot Nobel-prisen.

Denne gongen har han skrive ein diktatorroman rundt general Rafael Leonidas Trujillo som herja med Den dominikanske republikken frå 1930 til 1961. Romanen veks fram frå tre perspektiv og i all hovudsak rundt Trujillos siste dag i 1961: Urania Cabral er ei av dei kvinnene som vart ofra av far sin for å blidgjere «Bukken» og oppnå hans gunst. Han hadde sjølvskriven rett til å deflorere dei jentene han ville i republikken, og dette dreiv han med heilt til siste slutt i 1961, skal me tru romanen. Urania kjem attende til øya for å vitje far sin og fortida si i 1996, eit ikkje uvesentleg år i dominikansk politikk (sjå nedafor). Så ligg perspektivet hjå ei motstandsgruppe som ventar for å ta livet av Diktatoren i eit attentat i 1961. Og så legg Vargas Llosa eit perspektiv tett inntil president Trujillo sjølv, slik at me kan følgje han i alle gjeremål i løpet av den siste dagen hans i 1961. Dette er ein ny vri for diktatorromanen, som får fram karakterbrest og overmot som fører «helten» lukt inn i katastrofen. Men både Urania Cabral og Bukken får her svært snevre reaksjonsregister, og framstillingane vert enkle og ukompliserte for personteikningane, og dei vert keisame i repetisjonane for lesarane. Dei tre perspektiva alternerer gjennom romanen, og innafor kvart av dei er det plass for tilbakeglimt i eit intrikat kinesisk øskje-system som Vargas Llosa særleg eksperimenterte med i 1969.

Vargas Llosa er ein god forteljar. Han skriv godt. Diktatorromanen dyrka han så tidleg som i 1969, med Conversación en la Catedral. Romanen vart eit beiskt oppgjer med general Manuel Odría, som sat ved makta i Peru størstedelen av 1950-talet. I 1969 var Vargas Llosa fidelist og Cuba-tilhengar. Romanen hadde faktisk-sjølvbiografisk forankring i at unge Mario hadde fått preg av dette diktaturet under oppvekst og utdanning i Lima. Dette gav romanen ein slags «autentisitet» som også vart understreka med nøkkelromantypen der mange peruanarar kunne identifisere historiske personar i teksten. Dette var hovuddrag i den «realismen» som Vargas Llosa streva etter i romanane sine på den tida, då han brukte sine «demonios personales» (eigne smådjevlar) for å generere sin «totalroman» ut frå sjølvopplevde hendingar i tid og rom. I tillegg ville Vargas Llosa på den tida gjere seg berømt med sin språkvilje og språkbruk, når han uhemma skreiv Lima-variantar av spansk språk inn i framstillinga av personar og hendingar. Han skulle då også seinare bli medlem av Språkakademiet i Peru.

Annonsert i 1975

I år 2000 kom Bukkefesten der Vargas Llosa fyller gamal form, frå 1969, med nytt og utanlandsk innhald, frå eit diktatur i Den dominikanske republikken; og denne romanen er skriven av ein nyliberal politikar som i 1990 tapte presidentvalet i Peru for («diktator») Alberto Fujimori. Bukkefesten har ikkje dei faktisk-biografiske forankringane som romanen i 1969 hadde, og Vargas Llosa har ikkje det same grepet på dominikansk språk som han har på variasjonane og rytmane i peruansk spansk. Dette kjem sjølvsagt ikkje fram for norske lesarar som møter boka. I norsk språkdrakt.

Denne romanen vart annonsert (og kan hende delvis skriven) av Vargas Llosa i 1975, men han venta med å publisere han til år 2000. Dermed vil romanen også vere eit slag mot Joaquín Balaguer (1906-2002), ein av general Trujillos næraste medarbeidarar gjennom heile diktaturet, som flykta til USA i 1961. Derifrå motarbeidde han den demokratisk valde Juan Bosch, som vart styrta med eit militærkupp i 1965. Balaguer vart president i landet heile sju gonger, først frå 1966 til 1978. Då han gjekk av etter sin siste periode i 1996, var han, med sine 90 år, den eldste statssjefen i verda. Likevel stilte han atter opp som kandidat ved vala i 2000. Då var han blind, stum og ute or stand til å tale eller til å halde seg på føtene. Med kombinasjonen Trujillo-Balaguer hadde diktaturet i Den dominikanske republikken vart i 70 år. Når Urania Cabral vender heim att for å vitje faren, så skjer dette i 1996.

Antifidelist

Men kvifor kjem romanen om diktaturet i 2000? I 2000 fanst det, for Vargas Llosa, berre eitt «diktatur» i Karibia: På Cuba. Vargas Llosa utvikla seg etter 1971 til ein skarp antifidelist, og på 1980-talet samanlikna han Fidel Castro med Augusto Pinochet. På Cuba har Fidel Castro halde seg ved makta sidan 1959. Han kom til si «kommunistiske» makt i 1961, då Trujillo vart drepen, og han held seg framleis ved makta med metodar, ser me no i media, som liknar svært mykje på dei Trujillo og Balaguer brukte for sine maktkampar på ei anna øy i Karibia. Dersom alt var «rotten in the Dominican state» for lang tid – med ein høgrevridd antikommunist ved makta der – så er det ikkje mindre «rotten in the state of Cuba» over lang tid og i 2000-med ein venstrevridd antikapitalist ved makta der.

Og det kan sjå ut som romanen denne gongen vil arbeide med «diktaturets vesen», på same vis som Vargas Llosa over lang tid og i fleire romanar på 1970- og 80-talet arbeidde med «fanatismens vesen», til dømes i Dommedagskrigen. Og i begge fall står Vargas Llosa i fare for å møte seg sjølv i døra. Før og etter valkampen i Peru i 1990 synte det seg at det demokratiske fernisset hjå Vargas Llosa var svært tynt: «Demokrati» fungerte berre om det var på hans eigne premiss som nyliberalar. Då han tapte valet, søkte han om – og fekk – spansk statsborgarskap. Og så kan han også sjølv bli med i dragsuget frå forteljingsdrifta i romanane sine: For han kan ofte, i politiske artiklar og essays – som han skriv som høgrevridd nyliberalar – verke både fanatisk og diktatorisk i standpunkt og meiningsvalg.

Birger Angvik

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |