Dag og Tid nr. 21, laurdag 24. mai 2003

Roald Helgheim:
Deltakar og tilskodar

MALLORCA: Eg likar å reise på pakketur til Syden, og det trengst ikkje lenger noko alibi for det. Førti år etter at dei første pakketuristane landa på den grøne øya i Middelhavet, møter ein alle slags folk. I fjor møtte eg eit norsk par som hadde reist på kjærleiksferie til Mallorca for femti år sidan. Sidan hadde dei ikkje vore her, før dei fann ut at det var den beste måten å feire kjærleiken på. Og dei såg like forelska ut som dei må ha vore då dei haika til Spania, tok båten over og levde ut si grenselause lukke. Rett skal vere rett. Det er eit anna syn som møter ein når utelivet dreg seg mot midnatt og den generasjonen eg høyrer til, prøver å gjenvinne glansen av noko som var, på møtestaden for den klassiske Sydenturist i meir enn mogen alder. Og her eg sit og filosoferer, på ein av strandkafeane, ser eg menneskeætta i gang med å leggje seg som sardinar i boks, for å la seg grille side om side i den lunefulle sola. Det er då kjensla av Matrix kjem over meg, filmen som nett har fått oppfølgjaren Matrix Reloaded: Mennesket som fange av ein kunstig intelligens det sjølv har skapt, og som har gjort homo sapiens til vegeterande delar av ein gigantisk organisme. Her på stranda blir dei ikkje berre brende av sola. Det er berre ein del av utsuginga, og ingen Keanu Reeves er i sikte som kan berge dei.

Men kven er då eg, ein observatør på ein strandkafe med The Guardian og International Herald Tribune som alibi i staden for Ken Follett? Er eg ein deltakar eller ein tilskodar?

I fjor filosoferte vi over tilhøvet mellom det liggjande og det ståande mennesket, med utgangspunkt i eit essay der Johan Borgen for første gong fekk meg til å forstå kvifor det liggjande mennesket opplever ein annan røyndom enn det ståande. Du har kjent det sjølv i si enklaste form, korleis problem som tårnar seg opp mens du ligg vaken og tenkjer på dei, kan fortone seg som mindre bagatellar når du er oppe. Denne gongen er reiskapen til innsikt Hans Skjervheims essay Deltakar og tilskodar. Her slår han fast at ein av dei viktigaste skilnadene mellom menneske og dyr, er at det første har språk. Gjennom språket går det meste av samhandling mellom menneske føre seg. Ut frå dette analyserer han dei måtane ein møter andre på i språket. I ein samtale seier den andre: «Levekostnadene kjem til å gå endå meir opp». Til det sakstilhøvet kan eg ha to heilt ulike haldningar. Eg kan delta i, la meg engasjere i, problemet. Kjem den andre med ei vurdering, kan eg bli engasjert, komme med ei anna vurdering. Det er ein treledda relasjon mellom den andre, meg og sakstilhøvet, slik at vi deler sakstilhøvet med kvarandre.

Den andre innstillinga er at eg ikkje engasjerer meg i problemet, men berre konstaterer det faktum at dette er noko som opptek den andre. Dette handlar om meir enn kvardagslege situasjonar vi alle opplever, saker vi ikkje orkar å engasjere oss i. Det finst ein tredje tilnærmingsmåte. Ego kan i staden for å høyre etter kva alter (den andre) seier, lytte til dei lydane han produserer og gjere det til eit fysikalsk objekt. Dette er behaviorismen sitt program. I dagleglivet er det ikkje tale om den eine eller den andre, men om alle tre haldningar på same tid. Difor er den mellommenneskelege situasjonen ikkje eintydig.

Dei som kan sin filosofi (!) vil vite at dette er starten på Skjervheims kritikk av positivismen, av objektiveringa av samfunn og relasjonar. Det finst grenser for kva ein kan objektivere, men i psykologien og sosiologien, som er vitskapar om fakta, fører det ofte til sosiologisme og psykologisme, åtak på mennesket sin fridom som på engelsk vert kalla debunking. Det er eit brot med den platoniske tradisjonen i europeisk åndsliv. Sokrates objektiverte ikkje sine medmenneske. Han handsama dei ikkje som «fakta». «I sentrum for hans interesse låg dei etiske problema, spørsmålet om det gode og vakre sin natur.» Det er ei tiltru til fornuft, til at det er mogleg å få kunnskap om det gode, at det var noko som kunne oppdagast.

Nokon burde gå laus på vår tids tabloidiserte ordskifte væpna med Skjervheims tankar. Frå min post i utkanten av Matrix blir emnet for stort. Difor gjer vi eit sprang, til essayet si omtale av Marx, som etter Skjervheim lova meir i ungdomsskriftene enn han greidde å oppfylle når objektiveringa tok over og han snakka om den sosiale røyndommen som ein annan sosiolog. Det var den utopiske Marx som skreiv dette:

«I den grad arbeidet er i ferd med å deles, vil enhver bli henvist til et spesielt felt for sin virksomhet som påtvinges ham og som han ikke kan komme ut over. Han er jeger, fisker, eller kritisk kritiker og må holde seg til sitt fag hvis han ikke vil miste levebrødet. I det kommunistiske samfunn, derimot, hvor ingen blir henvist til et snevert virkefelt, men enhver kan få utdanne seg i den retning han ønsker, hvor samfunnet regulerer produksjonen og derved gjør det mulig for oss å drive med ett en dag og med noe annet en annen dag: Da kan enhver, etter ønske, drive jakt om formiddagen, fiske om ettermiddagen, stelle husdyrene om aftenen og etter aftens utøve kritisk virksomhet, uten derved å være jeger, fisker, kvegrøkter eller kritiker.»

Så nær var Marx i å oppdage den menneskelege fridom, seier Skjervheim. Men det var Kierkegaard som forstod at vi eksisterer ikkje utanfor tida, «vi er endelege i vår eksistens, og vi kan ikkje stille oss utanfor som om vi var tidlause, spesielt kan vi ikkje stilla oss utanfor oss sjølv.»

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |