Dag og Tid nr. 21, laurdag 24. mai 2003
Klok på bok 615:
Til helvete
Kyss meg der eg er høgst når eg er på bærtur, sa han Dale-Oskar.
På månen, spurde eg.
Nei, veit du kva! Eg skal ikkje ha på meg at eg sit på ræva. Eg ligg!
Ligg du når du plukkar bær?
Ein treng ikkje å drive matauk om ein er på bærtur, forklarte han.
Nei, no trur eg jammen santen du rotar deg så langt ut på viddene at det er molta du jaktar på, sa eg, og tok meg ein høg ein.
Opphavet til dette tullballet var at eg hadde ymta om at han Barabass kanskje hadde underslege noko post frå meg, sidan vekene gjekk med uhyggjeleg få klok på bok-svar. Det var då han sette i på dette viset. At ingen der på garden nokon gong hadde blitt tekne for å ta noko som helst. Det skulle eg berre vite og så skulle eg kysse han ein viss plass.
Han Dale-Oskar har nok rett i det at eg ikkje skal skulde på han Barabass. Det var berre så nærliggjande å tru det sidan han har vore fornærma på meg ei stund. Men det er nok eg som har vore for gjerrig med hjelp på vegen og til dels uetterretteleg (merkeleg ord!) i dei siste oppgåvene. Di større pris set eg på dei få svara eg får: Tusen takk!
«Denne gongen er svaret ei ungdomsbok av Mette Newth: Det mørke lyset. Fint at de vel ungdomsbøker innimellom synes barnebibliotekaren. Eg las boka med store glede for nokre år sidan: handlinga frå spedalsjukehuset i Bergen er sterk lesnad; hugsar korleis hovudpersonen lærer seg å lesa. Mange burde unna seg denne skildringa», skriv ho Kirsti Bremer Fjær på Deichmanske bibliotek, Lambertseter filial i Oslo, og vinn denne veka. Gratulerer!
Frå ein bibliotekar til ein annan: «Svar på oppgåva: Mette Newth: Det mørke lyset. Her møter me trettan år gamle Tora som har lepra. Ho lever internert på St Jørgen hospital i Bergen saman med andre spedalske. Presten på hospitalet på begynnelsen av 1800-talet var Johan Ernst Welhaven. Han var ikkje far til Wergeland, men til Johan S. Welhaven. Eg trur Wergeland hadde snudd seg meir enn ein gong i grava om han hadde fått vite kva ho Paula har skrive. For Wergeland og Welhaven var ikkje alltid så overmåteleg gode vener. Det var lite dei var samde om, sett bort ifrå at båe tykte at Camilla var det vakraste vesen på jord», skriv ho Ellen Pauline Borch i Gaupne.
Ja, nei eg kan ikkje anna enn å krype til krossen. Eg må ha hatt nasjonaldagen på netthinna då eg blanda saman dei to karane. Eg får berre håpe at det ikkje var grunnen til at svara var så få!
Ho Inger Storbråten i Askim sender kort med blomemotiv og minner oss om at det er vår: «Gripande trur boka blir putta i båsen for ungdomslitteratur, men er vel verd å lese for oss vaksne», skriv ho Inger, som òg gjer meg merksam på tabben.
Ho Ingrid i Gaupne skriv slik på baksida av eit noteark med «Eg fann eit dikt på vegen» av han Halvor J. Sandsdalen, tonesett av han Sigmund Groven: «Kjære Paula på posta. Sjølv om det var noko kjent med Sover du jente?, hadde eg inga aning kva for bok det stod i. Men då eg kom på biblioteket og var på veg for å sjekke stikkordet: Far til Wergeland, kom bibliotekaren med løysinga på Kpb 613: Det mørke lyset av Mette Newth, so der spara eg eit par timars arbeid og kan i staden gå heim og spele diktet på andre sida av arket. Mette Newth er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 69 med barneboka Den lille vikingen. Kpb-boka er ikkje inne akkurat i dag, so eg får ikkje lese ho. Men i staden tek eg med barneboka Ignana våkner av Mette Newth. Ei historie frå Drømme-tiden i flotte fargar. På fredag dreg eg til
Sogndal (ikkje for å sjå fotballkamp mellom Sogndal og Rosenborg på storskjerm) for å hente Det mørke lyset!», skriv ho Ingrid.
«PS. Eg klarte ikkje oppgåva sjølv», skriv han Olav Molven på faks frå Bergen og skuldar på meg: «Gode Paula, eg rota meg bort via faren til Wergeland som altså skulle vere Welhaven sin far osv. Kva så? Jau, det vart å spørje sognejenta i Informasjonen. Konklusjon: Er det rart at det går bra med Sogndal? Ikkje det minste! Ho les bøker, kan svært mykje, og hadde lese boka. Lepramuseet er interessant.»
Ja, nei, eg kan ikkje anna enn å seie meg lei atter ein gong fordi at eg rota med desse to diktarane. Det var ikkje for å forvirre dykk. Det er eg som er forvirra.
Klok på bok 615
«Jeg har sittet her og ventet på deg», sa den gamle mannen som ikke gadd å se på meg.
Det jævla hjertet mitt hoppet over et slag, for faen. Forsiktig, som om jeg hadde grunn til skyldfølelse, heiste jeg opp ryggsekken jeg bar på. Jeg hadde lagt merke til den gamle fyren på ganske lang avstand, vaglet på en fjellknaus, grå som gresset.
Vi skal til helvete, hadde eg så nær sagt, utomlands ikkje det at det nødvendigvis heng saman. Det er eg vil fram til, er eit synonym til helvete for så vidt òg til paradis. Fleire som blir forvirra? Den godt vaksne forfattaren gav ut denne boka på eit saftig originalspråk i 1998. Romanen kom på norsk året etter. Over ti bøker frå denne forfattaren er omsette til norsk. Kven, kva, kor? Stikkord: Kapp og Martin Luther Kings minnepris.
Ver venleg å sende mange svar til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 30. mai.
Paula på posta
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|