Dag og Tid nr. 21, laurdag 24. mai 2003
Industri:
Industri på flukt frå fedrelandet
Kven er det som ikkje tek samfunnsansvar Hydro Aluminium, som vurderer å flytta verk i Årdal, Høyanger og Karmøy ut av landet, eller politikarane som nektar industrien levekår her?
Johan Brox
johan@dagogtid.no
Spørsmålet er aktualisert av di Hydro Aluminium nyleg gjorde kjent at selskapet ikkje vil planleggja ny produksjonskapasitet i Noreg til erstatning for smelteverka i Årdal, Høyanger og på Karmøy som skal fasast ut i 2006 av omsyn til miljøet. Desse verka byggjer på Søderberg-teknologien som i dag er avleggs og ureinande. Og moderne produksjonsmetodar krev investeringar i heilt nye anlegg.
«De norske rammebetingelser gir for tiden ikke grunnlag for bearbeiding av moderniseringsplaner», seier Hydro. Selskapet har såleis berre tida og vegen, og den peikar ut av landet. Til dømes mot Island. Ei arbeidsgruppe er sett ned for å greia ut spørsmålet i løpet av året.
Flaggskipet
Hydro Aluminium, største aluminiumselskapet i Europa og tredje største i verda, har om lag 6.000 tilsette i Noreg, av ein samla arbeidsstokk på 27.000 mann, spreidd på 28 land. Hydro Aluminium-verk er hjørnesteinar i fleire norske lokalsamfunn. Difor kjem ei eventuell utflagging til å råka mange fleire enn dei 1.200 tilsette ved verka som skal stengjast.
Heilt frå 1905 har Norsk Hydro vore sjølve flaggskipet i norsk industri. Hydro er framleis største børsnoterte selskap i landet, og det har Staten som største eigar, med snautt 44 prosent av aksjane. Kan ikkje Hydro Aluminium leva her lenger, må ein undrast på kva smelteverk som kan. Og kva industri? Kva er det som har skjedd med rammevilkåra til tungindustrien? Når gjekk det gale?
Konserndirektør Jon-Harald Nilsen lista på årskonferansen til Prosessindustriens Landsforening (PIL) opp kva han meiner har gått gale:
1) Tilhøva blir ikkje lagde til rette for å sikra ein langsiktig energitilgang til konkurransedyktige, stabile prisar.
2) Her er ein ustabil valutakurs. Aluminium blir, som andre metall og olje, omsett i dollar og ei krone meir eller mindre for dollaren blir fort ein milliard i rekneskapen til Hydro.
3) Kostnadsnivået i Noreg er generelt høgare enn dei fleste alternative lokaliseringsland.
4) Skatte- og avgiftspolitikken er skiftande og uføreseieleg.
5) Her er uvisse om framtidige og eventuelt særnorske miljøkrav, som kan koma til å kosta ei verksemd som Hydro Aluminium dyrt.
7) Den norske oljeøkonomien «tilslører behovet for en langsiktig industripolitikk».
8) Konkurransefordelane som Noreg trass i alt har; nærleik til og sterk posisjonen i marknadene, attåt kunnskapen som finst her i landet, blir svekt med den generelle nedbygginga av norsk industri.
Hydro Aluminium tener stadig pengar i Noreg, viser kvartalsrapporten, sjølv om marginane har blitt mindre. Er her ikkje til å halda ut, informasjonsdirektør Thomas Knutzen?
Evna til å halda ut er noko anna enn viljen til å byggja nytt. Hydro har offentleg kjende krav til avkasting. Investeringane skal, heiter det, i tillegg plassera Hydro i den beste tredjedelen av aluminiumsverka i verda, målt etter driftskostnader, og det er største problemet me har, seier han.
Energipolitikk
Krafta veg tungt. Av kostnadene eit gjennomsnitts aluminiumsverk har, er halvdelen knytt til råstoff og materialar som kostar det same over heile verda. Krafta utgjer kring 20 prosent av kostnadene, medan 30 prosent er knytt til arbeidskraft, vedlikehald, administrasjon og innkjøpte varer og tenester.
Det er denne siste halvdelen av kostnadene som norske styres-makter, om dei vil, kan påverka meir eller mindre, direkte eller indirekte, seier Knutzen, og legg til:
Det finst inga enkel løysing, men situasjonen har heller ikkje blitt som han har blitt over natta. El-kabelen frå Suldal til England og ei full Sauda-utbygging, kan hjelpa på kraftsituasjonen. I det minste får me eit signal om politikarane ønskjer å ha industri, seier han.
Langsiktige avtalar
Effektiv kraftpris til aluminiumsindustrien på verdsbasis er i gjennomsnitt om lag to amerikanske cent 15-16 øre. Og det er då snakk om langsiktige avtalar, seier Thomas Knutzen.
Kor gode kraftavtalar kan Hydro rekna med å få i Noreg?
I dag er det vanskeleg å sjå føre seg at me i det heile får langsiktige kraftavtalar til eit nytt, større industriprosjekt i Noreg. Skal me investera her, treng me 20-40 års kontraktar, som ikkje er urimeleg, ettersom det er snakk om investeringar for fire-fem milliardar kroner.
Men to cent dekkjer ikkje produksjonskostnadene til korkje ny vass- eller gasskraft i dag.
Gasskrafta blir rett nok fordyra av reinsekrava. Til moderniseringa i Sunndal rekna me med ein kraftpris på 18 øre.
Det er med andre ord opp til politikarane om Hydro skal flagga ut etter ikkje. Dei kan ikkje skulda på «utviklinga» og grådige aksjonærar?
Politikarane kan gjera mykje, sjølv om Noreg aldri kjem opp mot dei landa i verda som har aller best vilkår å by på. Hydro Aluminium har ikkje noko vern mot vilkåra på verdsmarknaden. Men her er ei rekkje føremoner ved å produsera i Noreg, som veg opp nokre av ulempene. Nærleik til marknaden, at me kan nytta eksisterande infrastruktur, gjer ei utbygging her rimelegare enn å starta frå botnen av i eit anna land.
Utvidinga i Sunndal kostar til dømes langt mindre per produsert tonn enn om me måtte byggja eit heilt nytt verk på Island trass i at den islandske krafta er billigare.
På rett veg?
Med å ta frita konkurranseutsett sektor for el-avgift, har regjeringa valt ei løysing som alle kan leva med. Det er framleis uvisse om miljøkrav, til systemet med kvotehandel, og til om Noreg går same veg som resten av verda for å møta Kyoto-måla. Det er òg uvisst kva vegval EU tek, men om det kan me få ei avklaring alt i år.
Renta går ned, og dermed skulle kronekursen slå følgje. Er ikkje regjeringa på rett veg?
Jo, men ei rekkje andre land, som absolutt er land som Noreg kan og bør samanlikna seg med, tilbyr vilkår som er endå meir interessante, til dømes Island, Canada og Australia. Attåt lokkar typiske lågkostland som Sør-Afrika, Mosambik, Midtausten, som har enorme energiressursar, og Sør-Amerika, som har eit gigantisk potensial, i sær Venezuela, som til og med har bauxitt, attåt enorme kraftmengder sjølv om det ikkje freistar å investera der nett no.
Dette er det store biletet. Grunnen til at Norsk Hydro ikkje har sett i gang ei konkret prosjektutgreiing for lokaliseringsstader i Noreg, er at ei god og grundig planlegging tek tid og kostar fleire millionar kroner månaden. Me gjer ikkje dette utan at me trur at me kan lukkast. Positive utsegner frå politikarane er ikkje nok til å løysa ut milliard-investeringar. Me treng lovnader som forpliktar i mange år framover. Der er dette mange politikarar ikkje ser ut til å ha fått med seg.
Produktiviteten
Kva med det norske lønsnivået? Må det òg ned?
Lønsnivået er mellom faktorane som selskapet sjølv kan vera med å påverka. I alle høve må produktiviteten per tilsett opp, det ligg til grunn i alle planane som Hydro har uansett lokaliseringsstad. Som i Sunndal, der ny teknologi gjorde at me kunne redusera arbeidsstokken med 80 mann og på same tid dobla produksjonen. Me hadde bygd på same måten og brukt same teknologi i eit lågkostland som til dømes Mosambik, det vil seia bygd for hi-tech, kapitalintensiv drift.
Hydro rettar med dette ei sterk oppmoding til styresmaktene om å få fingeren ut før det er for seint?
Ja. Om utviklinga ikkje snur, kjem den generelle nedbygginga av industrien til å gjera varig skade på dei norske konkurransefortrinna. Noreg er framleis ein av dei få stadene der ein finn fagfolk. Difor kan me bidra med kunnskap til metallindustrien i Slovakia, Argentina, Brasil og overalt. Norsk industri, saman med kunnskapsmiljø som Sintef, NTNU og andre, har kunnskap om produkt, prosessar og teknologi som er unik, i verdstoppen når det gjeld lettmetall. Teknologien som blir brukt i Sunndal no, er utvikla i Noreg, «made in Trondheim». Det er det fleire dr. ing. i Årdal og Sunndal enn det er på distriktshøgskulen i fylket. Difor er det avgjerande, ikkje berre for tungindustrien sjølv, men òg for tilgrensande område, konsulenttenester, informasjonsteknologi og så bortetter, at smelteverka får rammevilkår som er til å leva med, seier Thomas Knutzen.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|