Dag og Tid nr. 21, laurdag 24. mai 2003
Film:
Kvasifilosofisk graut II
Matrix-matrise nummer to er lasta, og heldigvis er det opp til oss om vi vil kjøpe både filmen og tankegodset som følgjer med.
The Matrix Reloaded
Regi: Andy og Larry Wachowski
USA
The Matrix Reloaded held på nesten alle vis like god (eller dårleg) standard som forgjengaren, The Matrix frå 1999 korkje meir eller mindre. Dei mykje omtalte landevinningane av nokre spesialeffektar er sjølvsagt der i rik monn, men faktisk er det heller kvantiteten enn kvaliteten som er oppgradert. Dette har vi i grunnen sett før, men aldri så mykje av det. Filmbrørne Andy og Larry Wachowski ser ut til å ha forelska seg i dei dataanimerte slagsmåleffektane, og dei kunne med fordel ha kutta mange minutt med kjappe skift mellom slåsting i fort og sakte film. Effektane er stilige og dyktig utførte, men dei er nok ikkje lenger så nyskapande som dei var for fire år sidan, og dramatisk stansar filmen nærast opp i mange av møta mellom heltelaget og den oppgraderte motstandaren, Mr. Smith.
Då skal filmskaparane heller ha fjør til hattane sine for at filmen faktisk kunne ha tolt ein reduksjon i effektdosane. Framtidsmytologien får eit lite løft og liknar i større grad enn før på ein mytologi. Eit stort pluss er det òg at humoren sit litt lausare i The Matrix Reloaded enn i den litt alvorstunge forgjengaren.
Grensesprengjande
Mange science fiction-sjeler lét seg gripe av det tilsynelatande grensesprengjande tankegodset i The Matrix: Menneska er umedvitne kuvøseslavar under avanserte datamaskiner, og alt dei opplever er kunstig røyndom produsert av det altomfattande virtual reality (VR)-programmet «Matrisa». Ved å skape illusjon av levande liv med fri vilje, gleder og sorger ein avansert form for hjernevask og propaganda hindrar maskinene opprør i dei underjordiske menneskekoloniane. Det er dette tyranniet Neo, Morpheus og Trinity vil frelse menneska frå.
I Matrix-filosofien er tanken og erfaringa grunnleggjande ubundne av rammer og føresetnader: Eit frigjort sinn kan tenkje kva som helst. Som eit mogleg forsøk på å seie noko om persepsjonspsykologi, er dette det reine visvas. Tanken vår har nettopp som føresetnad at han forheld seg til strukturar og mønster, hjernen krev og søkjer form, og utan mistar vi grepet. Mistar ein strukturane som bakgrunn for erfaringa, går ein anten på tunge hallusinatoriske rusmiddel eller er innlagt i psykiatrien.
Vakne deterministar
Samstundes er, paradoksalt nok, tankegangen i det som er den verkelege røyndomen i The Matrix Reloaded sterkt prega av determinisme og religiøs tru. Og ja, dei er nok smarte, heltane, når dei minner kvarandre om at både den eine og andre tanken kan vere ei ny og snikande «matrise» som trugar med å ta makta over sinnet.
Vi er alle prega av «tankematriser» og for-dommar, og dei fleste av dei er internaliserte. Nokre av dei blir vi merksame på, legg av oss og erstattar med nye, andre held vi fast ved. Kor mange avkristna nordmenn er til dømes ikkje lutherske i tankegangen utan å vere klar over det? Ingen har vondt av å bli medviten om og frigjort frå sine «tankematriser», men eg tviler på at det er ein god idé å hallusinere seg vekk frå dei.
Å surre filosofisk rundt erfaring og røyndomsforståing i filmform kan vere ein meiningsfull leik, men Wachowski-brørne gjer det til eit manipulerande intellektuelt narrespel, dei kokar ein kvasifilosofisk graut som ikkje lèt seg fordøye. Slikt tøv blir det diverre dårleg science fiction av.
Hallvard Østrem
|