Dag og Tid nr. 21, laurdag 24. mai 2003

Bøker:
Systematisk analyse

Verdifull bok som får fram det kompliserte samspelet av faktorar som må trekkjast inn for å forklare terroråtaket 11. september 2001.


Torbjørn Knutsen:
Blodspor. Om bakgrunnen til 11. september
Cappelen Akademisk Forlag

Mange har synsa og meint mykje om bakgrunnen for terroråtaket mot New York og Washington 11. september 2001. Ikkje fullt så mange har gjennomført ein meir systematisk analyse av dei faktiske og moglege årsaksrekkjene som kan forklare denne ugjerninga. Av dei analysane som ligg føre, er det endå færre som prøver å forfølgje fleire årsakskjeder på ein gong for så å samanlikne og samanføre dei. Dette er Knutsens originale grep og den sterke sida ved denne boka.

Boka viser overtydande at framveksten av Osama bin Laden og Al Qaida som sentrale aktørar i verda i dag må førast tilbake til den sovjetiske invasjonen av Afghanistan i desember 1979. Det tiåret som følgde innebar både ei skjerping av den kalde krigen og avslutninga av denne «krigen». Avslutninga følgde av det faktiske samanbrotet til det sovjetiske regimet på slutten av 1980-talet. Knutsen argumenterer for at USAs og Saudi Arabias støtte til mujahedin i Afghanistan, men også USAs støtte til andre motstandsrørsler mot regime som var avhengige av sovjetisk oppbakking for å klare seg, førte til at Sovjetunionen blei knekt økonomisk av forsøket på å sikre desse regima. Når USA samtidig sette i gang eit nytt rustingskappløp gjennom å satse på stjernekrigsprogrammet, hadde ikkje Sovjet økonomisk ryggrad til å klare seg lenger.

Religiøst forræderi

Men USA var ikkje spesielt interessert i å sikre nærværet sitt i dei landa dei hadde intervenert i, stikk i strid med «klassisk» marxistisk imperialismeteori. Dermed vart Afghanistan overlate til seg sjølv og det kaoset krigsherrane skapte gjennom 1990-talet. Samstundes hadde USAs støttespelarar i kampen mot Sovjet, Saudi Arabia og Pakistan, ideologiske og politiske interesser i å halde fram støtta til nokre av dei minst demokratiske og mest reaksjonære kreftene i landet. Dette gjorde at Taliban kunne etablere seg og etter kvart overta det meste av Afghanistan.

Sjølv om bin Laden var eit resultat av Afghanistan-krigen, var ikkje engasjementet hans mot den sovjetiske okkupasjonen avgrensa til antikommunisme. Det islamistiske engasjementet hans omfatta også ei avvising av vestleggjering og særleg USAs nærvær i muslimske land.

Då USA mobiliserte mot Saddam Husseins okkupasjon av Kuwait i 1990, føreslo bin Laden for det saudi-arabiske kongehuset at «afghanarane» hans – arabiske frivillige med mange års erfaring frå kampen mot Sovjet – skulle brukast som forsvarsverk mot irakisk ekspansjon. Dette vart avvist og USA vart invitert til å sikre forsvaret av Saudi Arabia. For bin Laden var dette religiøst forræderi og fråfall, og kampen mot USAs imperialisme vart ein naturleg forlenging av kampen mot den «kommunistiske» stormakta.

Boka presenterer også sentrale fundamentalistiske og politisk islamske idear, og er med på å forklare dei teologiske og ideologiske drivkreftene hjå bin Laden og tilhengjarane hans. Saman med analysen av USAs politikk med bakgrunn i den kalde krigen og krigen i Afghanistan, gjev dette kunnskap og innsikt i 11. september som også er relevant for å forstå utviklinga den siste tida. Boka vert dermed også viktig bakgrunnsmateriale til å forstå krigen i Irak.

Mange synsarar har peikt på at USA sjølv må bera ein stor del av ansvaret for terroren 11. september, fordi amerikansk politikk definitivt må føre til ein motreaksjon. Ikkje minst Knutsens gjennomgang av slike «blowback»-teoriar er nyttig. Han demonstrerer at det meste i slike teoriar enten er sjølvsagde poeng som lenge har vore kjende i internasjonal teori, eller dei nærmar seg det umoralske og vulgære.

Slurvefeil

Men det har gått for fort for forfattaren. Boka er skjemd av gjentakingar og slurvefeil, i tillegg til å ha eit meiningslaust omfattande noteapparat. Her burde forlaget insistert på ei ytterlegare gjennomarbeiding. Det ville ha stramma opp framstillinga og ført til færre feil.

Men desse kritiske merknadene til forfattar og forlag bør likevel ikkje hindre nokon i å lese ei verdifull bok som gjev lesaren viktig kunnskap og eit spanande analytisk grep på ei hending som vil prege verda i mange år framover.

Lars Gule, generalsekretær i Human-Etisk Forbund

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |