Dag og Tid nr. 21, laurdag 24. mai 2003
Bøker:
Lengsel som trøyst
Å vise ei slags oppløysing av den magiske barndommen, fragmenteringa av minnet, lengselen som blir tilbake som ei slags trøyst i det triste, er kanskje hovudpoenget i romanen Boston.
Edmund Edvardsen:
Boston
Orkana
Orkana er eit lite lokalt forlag i Svolvær som har spesialisert seg på det nordnorske både innafor fagbøker og skjønnlitteratur, kanskje med eit særleg auge for kystkulturen. I desse dagar gir forlaget ut romanen Boston av Edmund Edvardsen, ein oppvekstroman frå eit nordnorsk kystsamfunn i tidleg etterkrigstid. Resultatet er overbevisande både i det språklege og i miljøskildringa.
Stort spenn
Det er ein roman som spenner over mange felt og har innslag av kollektivroman, folkelivsskildring, poetisk og reflekterande erindringslitteratur og sosiologisk feltstudie. Staden er ikkje namngitt, men må vere eit lokalsamfunn nokre timars båtreise frå Tromsø i 1950-åra, lenge før hurtigbåtane si tid, og heller ikkje med Hurtigruta (som er merkeleg fråverande i teksten), men med gammaldags motorbåt. I dette lokalsamfunnet og i det næraste omlandet, finn vi ei befolkning som er allminnelege og typiske for si tid, i kvardag og fest, samtidig som dei er enkeltindivid med sine særtrekk.
Handlinga er episodisk og langt på veg underordna miljøskildringa slik personskildringa også blir underordna typeteikninga og karikaturen. Det folkelege i humor og det fabulerande i forteljemåte gir krydder til framstillinga, og Edvardsen er ein flink observatør med blikk for så vel gode poeng som innfløkte samanhengar mellom det å sjå og det å bli sett av andre, det å vere på den eine eller den andre sida av dei sosiale skiljelinjene. No kan dette hørast ut som enda ein reprise på Rorbua med Tore Skoglund, men det er langt frå å vere det, sjølv om underhaldningsverdien og det nordnorske gemyttet er like framtredande hos Edvardsen som hos Skoglund.
Magisk overlys
Men Edvardsen har eit større ærend enn berre å underhalde, han erindrar i ein slags magisk realisme og i magisk overlys sin eigen barndom og oppvekst der smaken og lukta og lydane og synsinntrykka og sinnsstemningane er på plass så klare og tydelege og presist gjengitt at denne lesaren må nemne både Knut Hamsun, Terje Stigen og Dag Skogheim for å sette Edvardsens stil og uttrykksevne i perspektiv. Han fangar inn og inderleggjer noko ekte og opphavleg i det å vere til i eit samfunn med andre, på godt og vondt, og med suverent overblikk og stor psykologisk teft viser han fram den eine etter den andre av lokalsamfunnets herrar og knektar, kvar med sine skavankar og uvanar, med sine utnamn og små og store fakter for å bli sedd og lagd merke til av dei andre.
H. Knudsen, ein Mack-liknande figur som eig Bruket og butikken og bryggene og kaiene og kontrollerer heile samfunnet slik ein væreigar skal, blir skildra med stor humor som lokkar fram gapskratten innimellom når mannen tar sitt årlege sjøbad, når han kjøper lastebil og skal lære seg å kjøre, når han lagar i stand juleutstilling i butikken eller når han tar styringa over 17. maitoget. Han går under utnamnet Bræk, noko som har si forklaring, også den kosteleg og svært folkeleg.
Stort typegalleri
Under Bræk opptrer eit hierarki av typar, smiskarar og narrar, originalar og stakkarar, både innanfor den vaksne verda og blant ungane. Boka har ingen hovudperson, men vi følgjer paret Harris og Robert gjennom mykje av den fragmenterte handlinga. Sjømannen, vagabonden på dei sju hav, er heimom med sine eventyr som lokkar og drar, og ein skjønner etter kvart at Harris blir dratt med, blir sjømann og langtids-pendlar mellom heime og borte, og dette er kanskje noko av hovudpoenget hos Edvardsen, dette å vise ei slags oppløysing av den magiske barndommen, fragmenteringa av minnet, lengselen som blir tilbake som ei slags trøyst i det triste: Det faktum at noko er over og aldri meir vender tilbake anna enn som oske slik Harris til slutt kjem heim i ei urne. Eit vakkert bilde, på sitt vis, og ein vakker roman som absolutt er verd å lese.
Edmund Edvardsen (f. 1943) er professor i pedagogikk ved Universitetet i Tromsø og har eit omfattande faglitterært forfattarskap bak seg. Boston er det første større skjønnlitterære arbeidet hans, og det er å håpe at han har meir på lager.
Oddmund Hagen
|