Dag og Tid nr. 20, fredag 16. mai 2003
Vasskraft:
Lenkjegjengmot larveføter i Sauda-vassdrag
«Slaget» i Stortinget om Sauda-utbygginga blir eit spel for miljøgalleriet. Opposisjonen treng like sterkt som regjeringa å bøta på akkumulert underskot av både vasskraft og handlekraft, og Sauda treng arbeidsplassar og skattekroner.
Johan Brox
johan@dagogtid.no
«Ap-haukar for nødsarbeid i Sauda» (Erik Solheim, leiar i Naturvernforbundet i Stavanger Aftenblad 13. mai 2003)
«Miljøvernere rasler med lenkene» (Stavanger Aftenblad 13. mai 2003)
«Bellona gjør klar lenkene» (Stavanger Aftenblad 13. mai 2003)
«Texas i Ryfylkeheiene» (www.bellona.no)
«Thriller om Saudavassdragene» (Aftenposten 12. mai 2003)
«Aps svik mot Langfossen» (Ole Martin Lund i Stavanger Aftenblad)
Jau, saudautbygginga, den såkalla største attverande vasskraftutbygginga i landet (målt i effekt, ikkje naturinngrep strekar utbyggjarane under) står endeleg på toppen av det energipolitiske sakskartet, og truleg for siste gong.
Stortinget skal etter planen gje konsesjon 18. juni, og saksordføraren frå Frp meiner di større utbygging, di betre. Leiinga i Ap skal offisielt behandla saka i veka som kjem, men har, om ein skal tru Stavanger Aftenblad, alt starta sonderingar i Energi- og miljøkomiteen for å reisa støtte til ei større utbygging enn det «altakraftverket» som regjeringa rår til i Sauda. Isolert sett skulle ingenting vera lettare enn å toppa bodet frå Regjeringa. Frp, men òg fraksjonsmedlemene frå regjeringspartiet Høgre, ønskjer to nye «altakraftverk» inst i Saudafjorden.
Skiljelinene
Men dette er realpolitikken. Vasskraft er òg symbolpolitikk, og her er mange som skal markera revir. Regjeringsparti står mot regjeringsparti (Venstre null Høgre full), direktorat mot direktorat (NVE full DN null), kraftsosialistar (full) mot Arbeidernes ungdomsfylking (null), politiske lokallag mot sentralstyre, men syndikalistane står saman med oligarkane (full).
Det vert automatisk rasla med lenkjene hjå Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, Vernegruppa for Saudavassdraget og alle tenkjelege og utenkjelege politiske ungdomsorganisasjonar, så nær som den til Frp. Og det byrjar å gå opp for Sauda korleis dei må ha hatt det i Alta, den gongen dei blei hærtekne av politikarar, reporterar, lenkjegjengar, larveføter og paramilitære styrkar.
Sett bort frå den vesentlege skilnaden at Alta-utbygginga var omstridd til og med i Alta.
Folkeviljen
I Sauda ønskjer alle seg utbygging, ja, dei krev ei utbygging og det snarast råd. Saudabuen har venta og vona på dette i minst femten år, medan næringslivet i bygda rotnar på rot.
Men det er ikkje heilt den same utbygginga alle har venta på, sjølv om dei fleste i nedslagsfeltet vel stiller seg attom den planen som utbyggjarane, Elkem ASA og Sunnhordland Kraftlag (saman med Statkraft) arbeidde ut i 1997, som difor kallast «Plan 97». Naturleg nok er dette den mest omfattande planen av dei mange som ligg føre, investorane vil fanga opp flest mogleg nye elvar og bekker og såleis få større samla produksjon. I konsesjonssøknaden er det stipulert ein auke i årsproduksjonen på 1,12 gigawatt (GWh), eller 1120 millionar kilowatt (KWh). Dette tilsvarer produksjonen frå om lag to Altakraftverk.
Planane
Dei fleste i Sauda kan, til liks med utbyggjarane, òg godta den alternative planen som NVE har presentert, der berre Sagfossen og Saltåna i nordfeltet som drenerer mot Åkrafjorden (Etne og Odda kommunar) er tekne ut frå den opphavlege søknaden. NVE-alternativet gjev ein auka årsproduksjon på 960 millionar kWh snautt éin terrawatt (tWh), nær ein prosent av den samla kraftproduksjonen i landet.
Null-alternativ
Det finst også eit par såkalla «null-alternativ». Desse er det få ved sine fulle fem som støttar. Dei er fyrst og fremst lagde ved som referanse for andre planar, så det er sagt med adresse til Venstre og urbane naturvernarar som trur det mest økologiske er å reprodusera vasskraftteknologi frå 1917 som den dag i dag hanglar og går i Sauda på dispensasjon frå gjeldande føresegner, medan politikarane har drøfta om Noreg skal vera ein energi- eller miljønasjon til dess me korkje er det eine eller det andre.
Plan 2000
Til og med Vernegruppa, trass i at ho har få aktive medlemer i Sauda, vil ha utbygging. Gruppa har arbeidd ut eit eige, godt og grundig forslag, Plan 2000, der dei mest omstridde tilleggsfelta i søknaden er luka ut. Vernegruppa har stokka om vassdrag som alt er tamde på eit vis som gjev minimalt med nye inngrep i naturen, men også mindre og dyrare vasskraft enn utbyggjarane hadde ønskt seg. Plan 2000 gjev 446 GWh ny kraft til ein utbyggingskostnad på 1,3 milliardar kroner.
Steensnæs-planen
Før påske la regjeringa fram eit kompromissframlegg, der to større vassdrag til er luka ut av framlegget til NVE (Indre Etnefjell og Åbødalsvassdraget). Utbyggjarane er ikkje uventa misnøgde med at heile nordoverføringa dermed fell vekk, og med den byggjetrinn II som skulle gje 375 millionar nye kilowattimar i året nok til å forsyna ein norsk småby med kraft.
Steensnæs har til gjengjeld teke fem urørte vassdrag med i utbyggingsplanane, til høglydt protest frå Vernegruppa. Såleis har Regjeringa tilrådd ei løysing som får kritikk frå absolutt alle sider, medrekna både Høgre og Venstre på regjeringskammerset, og såleis lagt eit godt forhandlingsgrunnlag for drøftingane i Stortinget fram mot 18. juni.
I komiteen
I Energi- og miljøkomiteen kjem Framstegspartiet til å møta regjeringa med motframlegg. Frp vil ha ei større utbygging enn det Olje- og energiminister Einar Steensnæs legg opp til. Høgre-fraksjonen, som informerte kjelder meiner står nærast framlegget frå NVE, skal normalt ha gjort sams sak med Frp her, men er bundne i regjering til parti som vil ha mindre.
Splitta Ap
Arbeidarpartiet kan avgjera omfanget av utbygginga, når partiet blir samd med seg sjølv. Det var sjølvaste Jens Stoltenberg som for eit par år sidan kunngjorde for alt folket at dei store kraftutbyggingane si tid i Noreg er forbi men det var medan spotprisen svinga lystig rundt ti øre kilowatten og Noreg hadde tilnærma full sysselsetjing. Dei orda syter ungdomskorrektivet AUF for at ingen gløymer, og ivrar for eit «null-alternativ» i Sauda. Men fylkeslaget til Ap har snudd 180 grader og no står lojalt bak lokallaget i Sauda, Ap-ordføraren der og NVE-framlegget.
Striden i eit nøtteskal
Det som i dag kan seiast med visse, er at både regjeringa og fleirtalet i Energi- og miljøkomiteen ønskjer ei snarleg modernisering og utviding av vasskraftanlegga i Sauda. Det er vidare fleirtal for å ofra Lingvong- og Tengesdalsvassdraget som drenerer mot Suldal kommune.
Dermed har den politiske «thrilleren» på Stortinget kokt ned til ein tvist om Nordoverføringa og Åbødalselva skal med eller ikkje skal med i dei utbyggingsplanane Stortinget gjev konsesjon til om ein snau månad.
Olje- og energiminister Einar Steensnæs er uansett «100 prosent sikker» (Stavanger Aftenblad) på at det blir ei utbygging, sjølv om ho berre skulle bli eit «altakraftverk» stor, og byggjetrinn II fell vekk.
Direktør Ståle Lunde i Elkem Saudefaldne, seier til Dag og Tid at om konsesjonsløyvet ligg på bordet 18. juni, tek detaljplanlegginga til, og anleggsarbeidet kan då så smått koma i gang ein gong seint neste år.
Rasering eller kultivering?
«Rasering frå fjell til fjord», seier naturvernarane om vasskraft-utbygginga i Sauda. Eg kallar detkultivering.
KOMMENTAR
Attåt aktivistar som har slikt å gjera, er det helst fotturistar og badegjester frå Haugesund og Stavanger Turistforening som rasar mot ei fullskala utbygging av dei siste Sauda-vassdraga. Ingen kan nyta ein nytta natur, seier dei.
Så feil kan ein ta.
Frå Skaulen
Sist sommar gjekk eg til Skaulen i følgje med Einar Steensnæs og Hallgeir Langeland. Både energiministeren og nestleiaren i Miljø- og energikomiteen på Stortinget lét til å gleda seg over synet av regulerte vatn som blinka til oss frå langt der nede.
Eg veit likevel ikkje om dei såg det same som meg. Kan hende såg dei berre ein fjellheim som trass i alle inngrep var ganske vakker og vill. Men eg ser Sauda-fjella som eit enormt og spennande kulturlandskap, ei innmark sådd med rike fornminne etter slusken som rydda rom for eit industrieventyr i mest hundre år.
Sjå, der har dei mura med innsikt, flid og handlag som godt toler samanlikning med pyramidemakarane i Egypt. Her rydda dei gamle seg veg i urene. Der er borehola, slegne med handmakt, og der borte stod brakka der dei sov på skift i sengene.
SV-mennesket
Mor mi er som SV-menneske ihuga motstandar av ei fullskala Sauda-utbygging, men eg såg ikkje anna sist sommar enn at ho òg storkoste seg i sola på svaberga i den tørrlagde elva under Berdalsdammen. Dei stilleståande kulpane, restar av eit overløp under vårflaumen, er pisselunka midtsommars, og perfekt. Her er ikkje noko krav om minstevassføring av iskaldt brevatn til lukke for dei små og rumpetrolla.
Utan utbygginga og anleggsvegen hadde nok aldri gamla ein gong kome seg til Berdalen. Ho hadde vel heller ikkje flytt til Sauda i 1968 for å vera lærar på grendeskulen, av di der ikkje hadde vore korkje elevar eller fastbuande folk i økslefør alder.
Eg har vakse opp i dette skamfarne landskapet, og veit, som dei fleste saudafolk, at det går godt an å lika det og bruka det, same kva Erik Solheim seier.
Eg veit òg at om det ikkje hadde vore utbygt, hadde det vore øydelagt i den eigentlege tydinga av ordet:
Lagt øyde. Fritt for folk.
Starten, ikkje slutten
Eg seier ikkje at ein difor bør byggja ut endå fleire vassdrag i dette området: Alle veit no at den nye krafta skal seljast med profitt for konsern med utanlandsk aksjemajoritet på kraftbørsar milevis unna produksjonsstaden, og at berre tilfeldige drypp av det kvite gullet kan koma Sauda til gode denne gongen.
Eg seier berre at ei vasskraftutbygging ikkje er slutten på naturopplevinga. For folk flest i Sauda har det tvert om vore starten, og det er difor me ikkje ottast meir av same sorten. Tvert om!
Johan Brox
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|