Dag og Tid nr. 20, fredag 16. mai 2003
Roald Helgheim:
På toppen av verda
Den 29. mai er det femti år sidan briten Edmund Hillary og Tenzing Norgay, sherpa frå Nepal, stod på toppen av Mount Everest, klokka 11.30 lokal tid. Det er ei hending eg hugsar like godt som at Hjallis mot alle odds tok sitt tredje gull på 1500 meter under OL i Oslo i 1952, då den evige toar Roald Aas fekk et overhendig snøvêr over seg eller like godt som då Egil Danielsen på den andre sida av kloden vart olympisk meister i spyd i 1956, og Halfdan Hegtun gjekk i fistel i skurrande direktesending på radio, grytidleg om morgonen her heime. Bileta eg hugsar frå verdas tak, er ikkje av mannen som seinare vart Sir Edmund, men av sherpaen hans, Tenzing. Det var bilete Sir Edmund tok frå alle vinklar for å vise at dei hadde vore på den toppen menneska då hadde prøvd seg på i hundre år.
Britane rekna i 1852 ut at toppen låg på 29002 fot, berre 33 fot eller ti meter under den offisielle høgda i dag på 8.850 m.o.h. I 1865 fekk toppen namnet Everest, etter ein britisk general i India frå 1830-43, Sir George Everest. Det var etterfølgjaren hans som gjorde framlegg om det, endå Everest sjølv ville gje fjellet eit lokalt namn. Slik hadde den britiske kolonimakta alt erobra toppen symbolsk før Edmund Hillary, ein birøktar frå kolonien New Zealand, først sette foten på toppen. Ein av dei 1200 seinare erobrarane plasserte i 1998 eit instrument der som gjorde det mogleg å slå fast den nøyaktige høgda. Namnet er Wally Berg, som tok eit fantastisk bilete mot vest når resten av fjellheimen ligg i skuggen og berre den høgste toppen langt borte blir lyst opp av dei første solstrålane.
Biletet står i det siste nummeret av National Geographic, magasinet som alltid er fullt av svimlande fotografi og artiklar du aldri får tid til å lese, før det no fortel den andelause soga om ei hending vi i år kan jubilere for på sjølvaste Kristi himmelfartsdag. «Eg retta fram handa for ei handhelsing, men det var ikkje nok for Tenzing, som slo armane rundt skuldrene mine i eit mektig famntak», skriv Hillary, i dag ein oppegåande mann på 83 år. Om det er nokon av dei over tusen tindebestigarane dei kjem til å hugse best i fjellandsbyane i Nepal, er det den beskjedne mannen som ikkje var så oppteken av eigne bragder, som av å gje noko attende til sherpa-folket. I 1953 var 350 berarar med på å frakte ti tonn varer til Base Camp, 3000 meter lågare og langt frå toppen, som vart nådd etter at Hillary og Tenzing overnatta i leir IX og gjekk siste strekk dagen etter. Det var den
fjerde britiske ekspedisjonen for å nå toppen, etter at den første gav opp i 1921, den andre i 1922 og den tredje i 1924.
Sidan har klatrerutene vore mange, både frå kinesisk og nepalsk side. Det er venta at det blir trongt på toppen jubileumsdagen, trongare enn då det ein gong i 2001 var 89 menneske der i løpet av ein dag. Somme kjem til å betale 65.000 dollar for å bli guida opp. Same kor mange det er, vil alle møte den fysiske lagnaden sin ved «dødssona» rundt 26.000 fot (7900 m), då resten er eit spørsmål om liv eller død, etter at toleevna til kroppen er tøygd til det ytste, og du like godt kan bli den 176. som har anda ut på vegen.
I 1978 var Reinhold Messner og Peter Habeler dei første som nådde toppen utan oksygenflasker. I 1980 gjorde Messner ferda åleine utan oksygen, og sidan har nitti menneske gjort den same bragda, i ei høgd der alt som hender er mynta på å bryte ned menneskekroppen, og hjernen er utsett for umenneskelege påkjenningar, i detalj skildra i den medisinske delen av National Geographics krønike. Den første kinesaren nådde toppen i 1960, den første nordamerikanaren ti år etter Hillary, som i 1953 kom ned til leir IV tidsnok til at nyhendet vart telegrafert heim 2. juni, på kroningsdagen til Elisabeth II, som seinare adla han Sir Edmund og gav Tenzing ei medalje. Den første kvinna på toppen var japanske Junko Tabei, andre kalde fakta er at folk mellom 16 og 65 har vore der.
Sonen til sherpaen Tenzing, Tamlin, gjekk til topps i 1996. Sir Edmund er ein beskjeden mann som vigde mange av åra etterpå til å hjelpe det stolte sherpafolket til å byggje skule og sjukehus, eit folk som sørgjer over Hillarys første ektefelle Louise, som i 1975 styrta i eit fly på vegen til klinikken Hillary bygde. Bøneflagga, flagg med bønetekstar på, vaiar like friskt høgt til fjells den dag i dag. Sir Edmund har også jakta på yeti, snømannen som er Himalayas svar på sjøormen.
For sherpa-folket, som har uvanlege evner i å ferdast i store høgder, er fjellet heilagt. 5700 meter over havet bur mange av dei i Solu og Khumbu, område du ikkje kjem til med bil, i eit strok der avstandane blir rekna i dagsreiser. Ein sherpa er eit «menneske frå aust», og ein trur dei første gjekk frå austlege Tibet på 1600-talet. Eit bilete frå 1911 viser to av dei i knapt 7000 meters høgd. «Sivilisasjonen» trugar også sherpa-folket, og berre 10.000 av dei er att i Khumbu. Mange har flytta til Katmandu, sentrum for fjellturismen i Nepal.
Men når National Geographics reporter ordar frampå til ein munk om at «heime byggjer vi vegar høgt til fjells, og hadde det ikkje vore mogleg her i området?». Med eit lidande uttrykk høyrer den innfødde på han, og svarar høfleg: «Om Solu og Khumbu hadde vore i Amerika, tvilar eg ikkje på at det hadde vore eit vegsystem gjennom desse fjella. Det er det de gjer. Men her, her kjem det aldri til å bli nokon veg ikkje i mi levetid, ikkje i levetida til borna våre. Vi er sherpaer. Vi går.»
|