Dag og Tid nr. 20, fredag 16. mai 2003

Leiar:
Redaktørane må ta ansvar

Upresis og unøyaktig. Spekulasjonar og overdimensjoneringar. Kritikken mot deler av pressa er svært sterk i kjølvatnet av Tønne-saka. Korleis kan ei avis, i dette tilfellet først og fremst Dagbladet, vera upresis og unøyaktig i ei sak som så grunnleggjande og fundamentalt gjeld integriteten og tilliten til ein namngjeven person? Avisa veit jo at i slike tilfelle bør alt gjerast som gjerast kan for å sikra at det som vert trykt i spaltene, er korrekt.

Som lesar forventar du at det skjer. Som lesar forventar du at avishusa har strenge rutinar, ansvarlege redaktørar og vaktsjefar som stiller dei naudsynte kritiske spørsmåla til journalistane, og kontrollerer at det som skal på trykk, er korrekt. At førstesider, titlar, ingressar, biletbruk, bilettekstar og utheva sitat er med på å underbyggja tiltrua til saka, og ikkje som verkemiddel for å spissa saka og skapa spekulasjonar og sensasjonar.

Som lesar forventar du at det avisene skriv, heile tida er til å stole på. Det skal lite innsikt til for å skjøna at så ikkje er tilfelle. Tønne-saka er eit døme i ei stor og viktig sak. Men det same må gjelda i dekninga av alle typer saker, også kultur, underhaldning og sport. Det må liggja i ryggmergen til journalistane utan omsyn til kva saka måtte gjelda. Spekulativ journalistikk i ein type stoff smittar over på dekninga i andre saker.

Redaktørar og vaktsjefar bør sjå det som ei av dei viktigaste oppgåvene å tona ned presentasjonen av stoffet i avisene og få fram nyansane og dei mange sidene ved ei sak. Dette krev rakrygga og modige redaktørar som ikkje lèt seg forføra av den ibuande drivkrafta i eit avishus om å skapa sensasjon og store oppslag.

Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |