Dag og Tid nr. 20, fredag 16. mai 2003
Klok på bok 614:
Ikkje berre
«Hei Paula! Eg tykkjer det er greitt at du gjev så klåre opplysningar og hint at vanskane med å finne fram til forfattar og boktittel ikkje blir overvettes uoverstigelege. Det er moro å greie oppgåvene du gjev oss! Boka som Aasne Linnestå har gjeve tittelen Stanislaw. En forestilling, er ei merkeleg samling prosalyriske tekstar om den polske multikunstnaren Stanislaw Ignacy Witkiewicz (berre kalla Witkacy). Eg forstår at eg burde ha kjent til denne dramatikaren og målaren, men eg må tilstå at det gjorde eg ikkje før eg no fekk lesi boka og elles funni opplysningar om han i leksika og oppslagsverk. Har han vori oppført på nokon norsk scene», spør han Karl Johan Grønning på Rykkin.
Du spør meir enn ei novise kan svare, Karl Johan!
«Hei Maud Paulangelica! Svaret denne gang er biografien Stanislaw: (en forestilling) av Aasne Linnestå. Den handler om en veldig rar polakk som het Stanislaw Ignacy Witkiewicz (1885-1939)», skriv ho Hilde Matre Larsen i Oslo alias Hilde Märtha Louisen.
Ho Ranveig Lundquist i Orkanger sender kort med rett svar, enkelt og greitt. Han Olav Molven har late faksen kvile og sender eit godt, gammaldags brev med sniglepost: «Skaffa meg Dag og Tid-sida på biblioteket fredag 2/5, i dag i kveld skriv eg. Skal ut i verda ei vekes tid. Har nyss pakka, ete eit par skiver, og så bladd i arkivet mitt. Kjem fram til: Aasne Linnestå; debutant i 2000. Her er det: Stanislaw. En forestilling (2002). Men kva gjer Halne i Zakopane? Brukar Aa L ordet som uttrykk for fjellvidde eller kva», spør han Olav, og gjer det ikkje lettare for den som liksom skal ha fasiten. Eg veit ikkje eg heller, Olav. Kanskje andre veit no når oppgåva er løyst?
«Hei Paula, det herre va ijnnteressant, fer ved ein skjæbnens tilskikkelse så ha hu Agneta Pleijel åsså skrevve ei bok, Lord Nevermore, kor haijndlinga byijnne i Zakopane å boka haijndle om en kunstner som hette Stanislaw, å så e det ein Bronislaw i tillægg. Men dæm for myijtti å reist dæm da. Det herre va en heilt aijnna type bok, å deinn e skrevve tå hu Aasne Linnestå. Deinn har tittel Stanislaw, deinn har å en person Bronislaw å starte bokstavelig talt i Zakopane. Deinn her Stanislaw har kunstnernavn Witkacy, å haijnn e meget godt kjeinnt i teaterkretsa i Europa. Haijnn laga absurd teater læng læng før båden Beckett ån Ionesco, sjer det ut fer. Kryss i margen, å OBS! OBS! fer hu Aasne. Det ska bli ijnnteressant å sjå ka hu kjem me neste gong. Æ syntes å mærk et skjeildnt
talleint her, men no ska det seias at det e min private vurdering, å æ e rein amatør når det gjeill litteratur (i ordets rette ferstaijnn!)», skriv han Kaare Stegavik i Trondheim.
Amatør eller ikkje, du ser eit talent og det har du heilt rett i. Då eg kjøpte denne boka på ein bytur, sa ekspeditøren til meg: «Den boka er jææævli go». Han var ikkje berre ein god seljar. Eg veit at dei som arbeider i den butikken har greie på bøker.
Om nokon vil vite litt meir om ho Aasne, stel eg fritt frå bokomslaget: Ho er fødd på Rjukan og busett i Oslo. Debuten i 2000 heitte Små, hellige løgner. Og vidare: «I denne tekstmosaikken går Aasne Linnestå inn i Witkacys genreblandende univers og skaper forestillingen om og med ham. Det blir en opprivende forestilling hvor selve den eruptive skaperkraften spiller hovedrollen.»
Den som spelar hovudrolla der eg held hus, er han Barabass. At det går an å bli så gyseleg fornærma berre fordi eg kom i skade for å skrive at eg ikkje var sikker på om lamminga var i gang! Eg var utanbygds då eg fekk spørsmålet, Barabass! Eg var hjå han Peder på snarvisitt. Visitten vart endå snarare enn eg hadde tenkt, fordi det berre er motorsykkel som står i hovudet på han når isen går. Når ein er avstandsforelska som oss det vil seie at vi er saman når vi gidd (Vi bur ikkje ein gong i same bygd! Særbu heiter det visst på fint.) så ventar ein kanskje moglegens litt interesse når ein umakar seg over kommunegrensa. Men neida nei, eg skal ikkje bry dykk med umodne mannfolk anna enn han Barabass då. Han Dale-Oskar kom innom meg i går og spurde om eg ikkje kunne ta meg ein tur og sjå på lamma. Han hadde tru på at
det ville blidgjere han Barabass. Eg skal difor ta på meg dei nye, svarte joggeskorne mine og gå meg ein lang tur. På heimvegen skal eg stikke innom på Dalen. Så håper eg at eg får sove godt i natt utan å telje sure sauer.
Eg sender premien til han Kaare denne gongen. Gratulerer!
Klok på bok 614
to fotografi liker eg godt
det eine av søster mi i bryllaupet hennar
det andre av ein gammal mann i ei gravferd
søster mi står på kjøkkenet og græt
den gamle mannen ler seg mest i hel
bare ein sinnssjuk dansar når han er edru
sa cicero
Denne forfattaren likar å lage nye ord. Dei første tekstane frå desse hendene kom mellom to permar på 1990-talet, om ein skal tru forlagsinformasjonen. Stikkord: Haiku (seinare).
Kven vil eg fram til? Svar blir godt mottekne i Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, hjå paula@dagogtid.no eller på faks 22 41 42 10 før fredag 23. mai.
Paula på posta
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|