Dag og Tid nr. 20, fredag 16. mai 2003

Bøker:
Fagbokeksperimentelt stunt

Per Thomas Andersen er truleg den einaste blant våre litteraturvitarar som er skrivekløktig nok til å kome ned på beina etter eit slik fagbokeksperimentelt stunt, skriv Ole Karlsen.


Per Thomas Andersen:
Tankevaser
Universitetsforlaget

Eg må seie eg vart skeptisk då eg fekk Per Thomas Andersens Tankevaser. Om norsk 1990-tallslitteratur i hendene, sjølv om boka var aldri så blå og pen å sjå til. For eg bladde litt, slik eg plar gjere, og oppdaga fort at dette ikkje var noka fagbok i vanleg forstand. Eg las litt i innleiinga og fekk min skepsis stadfesta. Her fortel nemleg Andersen om ein førelesingstur han har vore på i Budapest, og ei cellospelande jente i parken som viste seg å kunne fleire tungemål, tilmed nordsvensk kunne ho. Ja, ja, tenkte eg, så har eg då lært at den såkalla globaliserte kulturen femnar det gamle Aust-Europa òg – det visste eg faktisk frå før! At ungdommen i Budapest voks opp i kultur utan det loeske bankebrettet, visste eg derimot ikkje; den gjennomgripande kommersialiseringa er komen på stuttare tid der, utleidde eg, og eg skjøna òg eit hovudpoeng: Dei sosiologiske draga vi kjenner frå norsk samtidsprosa, kan jamvel aust-europearane kjenne seg att i. Javel, tenkte eg, skal vi få nok eit døme på at alt skal vere så eksepsjonelt (pseudo-?)essayistisk no? Skal litteraturvitaren måtte stå med lua i handa når han møter den skjønne litteraturen og skrive på skjønnlitteraturens premissar, ikkje eigne, tenkte eg. Skal det ikkje gå an å skrive ei fagleg artikkelsamling lenger no, spurde eg meg sjølv og funderte vidare over saknet, kan hende litt nostalgisk, etter den tradisjonelle, litteraturvitskaplege fagboka. Men så tok eg til å lese og litt ut i det fyrste hovudkapitlet Tankevaser, ei vandring fyrst og fremst i Solstads forfattarskap, meir presist ved det andre møtet med Andersens (fiktive?) tysklandsveninne Lilith, som er Heidegger-spesialist og reinhaldar, måtte eg gi opp skepsisen og innrømme: Joda, det kan gjerast slik òg! Professor Andersen har blant anna to romanar, fleire tradisjonelle fagbøker og ei litteraturhistorisk introduksjonsbok (med visse, somme gonger vellukka, fiktive grep) bak seg, og han er truleg den einaste blant våre litteraturvitarar som er skrivekløktig nok til å kome ned på beina etter eit slik fagbokeksperimentelt stunt.

Den tradisjonelle fagboka

Det hadde nok vore rettare om Tankevaser hadde hatt undertittelen «Om norske 1990-tallsromaner», for det er fyrst og fremst gjennom eit knippe romanar sett saman med og opp mot nokre nyare psykologiske (til dømes John Bowlby) og sosiologiske (Beck, Giddens, Baumann) innsikter at Andersen – i takt med den litterære vendinga mot verda (frå språket) på 90-talet – prøver å lese fram nokre særtrekk ved det seinmoderne og globaliserte norske samfunnet. Det er sentrale prosaforfattarskapar frå 90-talet – ja, Trude Marsteins Elin og Hans er faktisk fra 2002 – han presenterer på den essayistiske vandringa si, og det er knapt særleg tvil om at han med si personlege stemme, sine fiksjonaliseringar og sjølvopplevde «snuttar» kan opne faget sitt opp for dei mange som faktisk er interesserte i Solstad, Øystein Lønn, Hanne Ørstavik eller Erlend Loe, men som ikkje høyrer til blant dei litterært «innvigde». På den andre sida er det litt av eit paradoks at vi no til dags med eit aldri så høgt utdanningsnivå i befolkninga skal måtte ty til det ein (om ein ikkje var ein så god skrivar som Andersen) kunne kalle pedagogiserande krimskrams og fiksfakseri for å presentere eit fagstoff om eit emne som skulle interessere utruleg mange (om ein skal tru salstala på til dømes Solstads, Loes og Ørstaviks bøker). No er sjølvsagt ikkje utdaning og daning heilt det same, og sjølvsagt har litteraturvitskapen til liks med alle andre disiplinar vorte meir spesialisert. Men at det ikkje lenger skulle vere mogeleg å formidle seg gjennom den tradisjonelle, vitskaplege artikkelsamlinga, til dømes om norsk samtidsprosa, er for meg komplett ugripeleg; det må skuldast ei ugrunna, manglande tiltru til folks leseevne (para med rein børstenking?) som har vorte fiks idé og sanning hos dei som skal gi ut bøkene og som difor heller ikkje bruker dei nødvendige midlane for å få slike bøker marknadsførte. Sjølv er eg viss på at dei som les Tankevaser utan særlege problem vil vere i stand til å lese Andersens ekstremt faglege artikkelsamling Fra Petter Dass til Jan Kjærstad. Studier i diktekunst og komposisjon frå 1997, og eg er slett ikkje i tvil om at denne boka har fungert og vil fungere langt betre enn Tankevaser i den stadige pågåande fagsamtalen. Det er til dømes ikkje berre Atle Kittang som seinare har måtta forhalde seg til Brand-kapitlet her. Samstundes kan ein i denne boka lett kontrollere korleis Andersen har nytta sitt teoretiske rammeverk, og i ordentlege fotnotar finn ein presiseringar og tilvising for vidare arbeid. Jamvel om den vitskaplege artikkelen er aldri så sjangermessig konservativ, fungerer han godt for dei fagleg interesserte. Og slike finst! Og det er nok fleire av dei enn folk i forlaga sine marknadsavdelingar trur.

Forbrukaropplysning

No meiner eg ikkje med dette å seie at Andersen med Tankevaser vil melde seg ut av den faglege samtalen, langt derifrå. For det fyrste er boka utstyrd med både oversikt over sekundærlitteratur og register, medan noteapparatet er ofra på essayismens alter, og for det andre presenterer ho verdifulle innsikter i vår nyaste prosalitteratur. Dei estetiske aspekta ved romankunsten er skrella vekk denne gongen til fordel for den «virkelighetsfascinasjon» mange har påstått (og færre påvist) finst i 90-talslitteraturen i motsetnad til i litteraturen frå tiåret før. Og som vi har signalisert er det sentrale verk og forfattarskapar Andersen tek for seg.

Tankevaser
er ramma inn, så å seie, av to av dei store «stadene» i norsk litteratur, nærmare bestemt Solstads Professor Andersens natt og Kjærstads Rand. Det vesle avsnittet om kunsten og rystelsen i det fyrste essayet, er særleg innsiktsfullt, og godt er det å høyre at Andersen, i motsetnad til sin fiktive namnebror hos Solstad, framleis lèt seg «ryste» av kunsten. I det sistnemnde essayet er det særleg i drøftinga av jungelmetaforikken brukt om storbyen at vi legg merke til Andersens tekstanalytiske klo. Mellom desse to «stadene» ligg det til saman åtte tekstar, alle med seinmodernitet og identitetsproblematikk som felles tematisk paraply, med essayistiske og fiksjonaliserte innslag i ulik grad og av ulik lengd og ein professor Andersen som stadig er på reis. I desse åtte tekstane handsamar Andersen – med varsam kjønnskvotering? – til saman 12-13 bøker frå den norske samtidslitteraturen, bøker av Frobenius (som inngår i Solstad-essayet), Fastvold, von der Fehr, Uri, Lønn, Ørstavik, Halberg, Loe, Lund, Marstein, Vaage, Osmundsen, Eggen. Sjølv sette eg mest pris på desse tre essaya: «Shop til you drop» som handlar om Død som en dronte (Fastvold), Jeg må ha nye klær nå (von der Fehr), Dyp rød (Uri) og (blant anna) korleis shoppingsentra er stader der vi opplever tryggleik og kan fordrive det sosiologen Zygmunt Baumann kallar «varighetsangst»; «Den vanskelige kjærligheten» som (blant anna) handlar om korleis dei endra kjærleiksførestellingane og samlivsformene i seinmoderniteten (etter Anthony Giddens) set sitt avtrykk i Øystein Lønns Thranes metode; «Tilbake til Brio og ‘den oseaniske natursubstansen’» som i fyrste del ser Loes Naiv. Super på bakgrunn av Mark Turners kognitive forteljingsteori og jamfører på balansert vis det naivistiske uttrykket med naivismen i biletkunsten. Nemnast må det òg at Andersen har funne plass til ein nynorsking, Lars Amund Vaage og hans Rubato. Andersen peiker på korleis det musikalske heng saman med identitetstematikken i denne boka, og her viser han òg at han ikkje har gløymt sine gamle «tekstkomposisjonelle» kunnskapar frå den før nemnde artikkelsamlinga. Men så er Rubato ein roman som både inviterer til slike estetiske perspektiv og som har slike kvalitetar at han kallar fram ei lesing av det ypparlege slaget hos professor Andersen.

Ole Karlsen



© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |