Dag og Tid nr. 20, fredag 16. mai 2003

Bøker:
Når antiheltar vert heltar

Det gjekk bra, men det kunne ha gått svært ille. Mange jødar vart berga.


Tzvetan Todorov:
The Fragility of Goodness
Why Bulgaria’s Jews Survived the Holocaust
Princeton University Press, 2001

Med unntak av Danmark og Finland (der det budde svært få jødar) var det berre i Bulgaria av alle land okkupert eller i allianse med Nazi-Tyskland at brorparten av den jødiske minoriteten vart berga. Det er kan hende ikkje så kjent i Noreg. Men i ei mørk tid er Bulgaria blitt ståande som eit av dei få glimta av von for humanitet og sivilt mot under Holocaust. Dette bulgarske unntaket frå den store katastrofen har i mange år vore gjenstand for brei historisk utforsking. Likevel veit ein ikkje enno nøyaktig kva som verkeleg gjekk føre seg og kvifor dette landet – som frå 1. mars 1941 var alliert med Nazi-Tyskland – lukkast med å berga så mange av dei jødiske medborgarane sine. Fyrst og fremst viser historia i Bulgaria kor vanskelege og tilfeldige moralske val kan vera. Og kort lett det var å feila.

Det skjøre gode

No har den bulgarsk-franske litteraturforskaren og kulturkritikaren Tzvetan Todorov (63), forskingsleiar ved det nasjonale forskingssenteret (CNRS) i Paris, gjeve ut ei dokumentsamling som ikkje gjer det så mykje lettare å finna tydelege svar. Det gode var så skjørt, seier han. I New York Times uttala Todorov då boka kom ut at alle nivå i samfunnet var med på å reisa ein offentleg opinion mot utlevering av jødane. Ikkje minst gjaldt det den ortodokse kyrkja i landet, som på dette viset stiller Vatikanet i skuggen i moralsk mot og kraft.

Ein sentral person var òg visepresidenten i den bulgarske nasjonalforsamlinga, Dimitur Peshev. Då spørsmålet om å utlevera 8000 jødar frå det «gamle» Bulgaria kom opp i 1943, skreiv han, etter å ha vorte oppmuntra av ein delegasjon av vanlege borgarar frå byen Kyustendil, eit protestbrev til den antisemittiske innanriksministeren Gabrovski og overtydde han om å stogga ut-leveringane. Deretter skreiv han til statsministeren, Filov, også ein antisemitt, med same bodskap.

Sivilsamfunnet reiste seg

Reaksjonane deretter kom frå dei mest ansvarlege plan i samfunnet til einskilde menneske som ikkje kunne sjå at bulgarske medborgarar som ikkje hadde gjort noko gale, skulle sendast ut på landet frå Sofia – og heva røysta si i protest. Sivilsamfunnet som stod fram, lukkast med å reisa ein vegg mot det tyske presset. Brevet frå Peshev var dropen som fekk det heile til å renne over. Denne protesten gjorde den tilstundande aksjonen kjend og avslørte at regjeringa mangla stønad også frå sine eigne.

Men det var så vidt det gjekk. Som Todorov seier: «Mistak på eit av desse nivå hadde gjort berging umogeleg. Alt kan førast attende til vanten på antisemittiske kjensler i landet». Halvparten av dei jødiske innbyggjarane i Sofia vart sende ut på landsbygda der dei levde under yttarst tronge kår, men dei vart ikkje sende til Polen og den visse dauden. At bøndene var blant dei som protesterte heftigast mot handsaminga av desse ulukkelege, høyrer til dei mest interessante sidene ved denne historia. Bønder er ofte god rekrutteringsmark for fascistiske og etnonasjonale rørsler.

Det kvardagslege gode

Hovudpoenget i boka er at mange var med, men dei såg ikkje på seg sjølve som heltar. Kan hende kan vi tala om det gode som noko kvardagsleg, eit spegelbilete av Hannah Arendt sitt omgrep «det ondes banalitet». Ein annan måte å formulera denne innsikta på er å sjå kor tvitydige moralske val er.

Todorov er overtydd om at ingen kan sleppa unna ansvar for vondskap, eller å ha vorte delaktig i vondskap. I ei rekkje bøker har han pensla ut dette synspunktet med rot i erfaringa frå Bulgaria. «Vi trudde at av di våre private liv var frie kunne vi lyda autoritetane i vårt offentlege liv. Men dette gjorde oss alle medskuldige, eit offer og ein deltakar... Vi brukte det personlege pronomen ‘dei’. All skuld gjekk til ‘dei’.» Det var deira feil. Vi trong ikkje ein gong nemna dei ved namn. Det var ein lett veg ut av å verta medskuldige. Men eg trur det ikkje er mogeleg å dra ei strak line og sjå på oss sjølve som fullstendig reine. Dette gjer at eg så ugjerne ser moralske figurar som alltid peiker på synd hjå andre og ikkje erkjenner at også dei er skuldige», seier han.

Ved utbrotet av andre verdskrigen talde jødane i Bulgaria om lag 48.000 menneske, omkring 1 prosent av det bulgarske folket. Av dei var i kring 60 prosent busette i hovudstaden Sofia. Dei var vel integrerte og hadde jamvel eigne lokale styringsorgan. Men då den bulgarske fascismen kom til å veksa utover i mellomkrigstida, vart 4000 utanlandske jødar utviste i 1939.

Dermed er eit hovudpoeng introdusert. For ordet ‘borgar’ gjev eit fyrste inntak til denne på same tid tragiske og gode historia. På nytt viser det seg at statsborgarskapstilhøve skulle visa seg viktige for lagnaden til jødane. Tyskarane var blinda av å vera formeltjuridisk korrekte. Bulgaria hadde mista tre landområde etter fyrste verdskrigen, Makedonia, Trakia og Dobrudja. I mars 1943 fekk Eichmann sin nestkommanderande, Thedor Dannecker (han tok livet sitt i 1945), til ein avtale om utlevering av 11.343 personar i Trakia og Makedonia. Desse områda låg ikkje formelt under bulgarsk jurisdiksjon. Desse jødane vart sende med lekterar på Donau til Auschwitz. Berre 12 kom attende. Det skitne arrestasjonsarbeidet vart gjort av bulgarsk politi. Få av sivilbefolkninga reagerte på brutaliteten då.

I Dobrudja derimot, som vart regelrett annektert av Bulgaria, slapp jødane unna den nazistiske dødsmaskina.

Utgangspunktet for dei bulgarske jødane var ikkje godt. Bulgaria hadde rett nok ikkje ein sterkt antisemittisk tradisjon og ei veik fascistrørsle («ratnikane»= kjemparane). Men i von om å få attende dei tapte territoria allierte den bulgarske kongen Boris III (1894-1943) seg med Hitler. Alt før denne alliansen hadde landet vedteke ei antijødisk lov – «Lova for forsvaret av nasjonen» – etter modell frå dei tyske Nürnberg-lovene i 1935. På dette tidspunkt var landet styrt av ein protysk koalisjon. I eit eige Kommissariat for jødiske saker regjerte fascisten Alexander Belev, krumtappen i den ekstremhøgre bulgarske nasjonalistrørsla som rådde over legionærar og djupe kontaktar inne i den bulgarske hæren. Det var med han Dannecker forhandla.

Kven skal ha æra?

Kor tvitydige dei moralske vala var, kan lesast av i personen Dimitur Peshev. Han var ingen naturleg moralsk helt. Han var medskyldig i regimet som hadde vedteke dei jødediskriminerande lovene før krigen; han hadde jamvel stemt for desse lovene og stødde alliansen med Hitler. Han var ein tragisk figur, hjå Todorov sjølve symbolet på «the fragility of goodness». Hadde han venta eit par timar med protestskrivet sitt, hadde han hatt litt mindre kraft, gjeve etter for den normale frykta for audmjuking og valdstruslar, hadde deportasjonane gått etter planen. Etter krigen vart handlingane hans gløymde. Han døydde i 1973.

Og Kong Boris III? I oktober 1996 vart det avduka ein minneplakett i ein skog i Bulgaria til minne om dei som berga dei bulgarske jødane. Der vart kong Boris og dronninga hans, Pesjev, og den bulgarske kyrkja heidra. Men dei overlevande frå det makedonske Holocaust protesterte og peika på at det var Boris som gav etter for nazistisk press for å få tak i jødane der og for den jødefiendslege lovgjevinga. Ein kommisjon vart sett ned for å klara opp saka. Den konkluderte med å stryka namnet til kongen av plata. I staden skulle det setjast opp ei minneplate for dei som miste livet i Trakia og Makedonia og for dei som hjelpte jødane (utan å nemna namn).

Så vanskeleg er historia. Så tvitydig er dei moralske vala vi aldri slepp unna.

Bernt Hagtvet, professor ved Universitetet i Oslo


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |