Dag og Tid nr. 20, fredag 16. mai 2003

Bøker:
Eit imponerande stykke arbeid

Det eine kastar lys over det andre, og til slutt vender ein seg mot tittelen og ser at
Alle ting skinner, skriv Oddmund Hagen.

Mattis Øybø:
Alle ting skinner
Oktober

Ein av vårens oppsiktsvekkande gode debutantar er Mattis Øybø. Innan litterære kretsar er han allereie godt kjent både som kritikar og som forlagsredaktør. At han også er ein glimrande forfattar med blikk for samtidas eksistensielle smerte og politiske spenningar gjer han til eit svært interessant namn å følgje vidare. Han er født i 1971.

Fleire plan

Romanen Alle ting skinner har fleire handlings- og tidsplan. Det eine er lagt til nær framtid, vinteren 2003-04, i Oslo. Parallelt med dette finn ein også ei historie frå 1990-åra om hovudpersonen Otto Horn og tida han hadde saman med kjærasten Helle. Ho har seinare tatt sitt eige liv utan at Otto har fått greie på det. Ein del av denne perioden er lagd til studentmiljø i Berlin der Otto og vennen Thomas fordjupa seg i historie og filosofi. Begge desse handlings- og tidsplana er kopla saman på ein finurleg måte der tanken på Helle blir ein slags katalysator mellom fortid og notid, mellom liv og død, empati og kynisme, minne og gløymsle.

Sabotasje

Det heile startar med eit vedvarande snøfall over fleire veker vinteren 2004. Snøen blir som sand i eit velsmurt samfunnsmaskineri, og når det sluttar å snø, fell temperaturen ned mot 30 minus. Midt oppi dette går straumen, og folk blir prisgitt vedfyring, stearinlys og lommelykter samtidig som dei må kle seg etter forholda. Det viser seg snart at brotet i straumforsyninga skuldast sabotasje, og denne sabotasjen blir elegant kopla saman med Otto Horn sine førelesingar på Blindern over revolusjonær teori og praksis med utgangspunkt i den tyske terrorgruppa Rote Armee Fraktion. Ei lita gruppe av studentane med Ottos venn Thomas som leiar, finn tida mogen for å aksjonere.

Spenning

Slik sett fungerer Alle ting skinner som ein spenningsroman. Men dette gjeld berre i det ytre, i komposisjonen. På det indre planet, eller på idéplanet, strekker Øybø seg etter dei store, eksistensielle spørsmåla kring liv og død, vennskap og kjærleik, gløymsle og minne, og i den samanhengen flettar han inn direkte og indirekte tilvisingar til Prousts På sporet av den tapte tid. Han reiser samtidig spørsmål kring det å vere til stades i sitt eige liv, å vere nærverande for andre enn seg sjølv, å ta inn over seg den smerta andre kan kjenne, og her kretsar han på ein interessant og utfordrande måte kring den etymologiske slektskapen mellom fascinasjon og fascisme. Helle ser den kynismen som lurer under den tankeleiken og estetiseringa Otto og Thomas driv kring massedød, øydelegging, utsletting. Kor går grensene mellom idé og handling? Kor går grensene mellom empati og kynisme, mellom individ og samfunn, mellom fornuft og fanatisme?

Familiehistorie

Slike spørsmål melder seg under lesinga, og Øybø skyv framstillinga mot ein katastrofe-situasjon som gir handlingsrom for terrorisme, meir som eksperiment enn som reell trussel, for det heile normaliserer seg mot slutten av romanen, overvakingspolitiet fattar mistanke og går til aksjon.

Midt oppi alt dette er det også fortalt ei vakker familiehistorie. Otto er gift med ei jødisk jente og har tre småbarn med henne. I tillegg har han ein tenåringsson frå eit tidlegare forhold. Når kommunikasjonsnettet bryt saman under det store snøfallet, flyttar foreldra til Otto inn i huset. Faren ligg for døden, minnet svinn bort, alt flyt saman og blir uklart. Derfor spør han etter Helle, og dette spørsmålet frå faren startar den erindringsprosessen Otto gjennomgår mens straumen er kopla ut og han sjølv blir kopla opp til sitt eige liv på ein så nærverande måte som Helle etterlyste mens dei levde saman. Slik heng alt saman i denne romanen, det eine kastar lys over det andre, og til slutt vender ein seg mot tittelen og ser at Alle ting skinner. Ein flott prestasjon, eit imponerande stykke arbeid, rett og slett.

Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |