Dag og Tid nr. 20, fredag 16. mai 2003

Bøker:
Kjøpt og underbetalt

Mange trur årsaka til fattigdom er arbeidsløyse. Men 67 prosent av dei vaksne som ber om krisehjelp til mat i USA, har arbeid, skriv Barbara Ehrenreich. Nickel and Dimed om livet i det låglønte USA kjem no på norsk.

Roald Helgheim
roald@dagogtid.no

Kjøpt og underbetalt
blir den norske tittelen på boka Ehrenreich (60) skreiv etter å ha «wallraffa» på botnen av den låglønte arbeidarklassen i USA. Boka kom i 2001, låg på bestseljarlista til New York Times og har vekt internasjonal oppsikt. Oprah Winfrey inviterte henne til showet sitt. I fjor vart ho lansert på svensk under bokmessa i Gøteborg med tittelen Barskrapad. Same år kom ho ut i England, med forord av Guardian-journalisten Polly Toynbee, som gjorde det same eksperimentet i heimlandet sitt. Og om det sosiale tryggingsnettet er dårlegare i USA (der Ehrenreich var på tokt i Clinton-perioden), har dei ein ting til felles. For dei på botnen har ikkje verda stått stille, men blitt verre. Om økonomane hevdar at det også for dei med rundt seks dollar i timen har vore lønnsvekst på nittitalet, er det enno ikkje nok til å få dei opp på nivået dei hadde i 1973, påviser Ehrenreich. «I første kvartal av 2000 tente dei fattigaste ti prosentane av arbeidstakarane berre 91 prosent av det dei tente i diskomusikk- og watergateepoken», skriv Ehrenreich, som har skrive fleire bøker om liknande emne, og er fast kommentator i ei rad aviser og magasin i USA, mellom dei Time.

Ho bur i Florida, og var først servitør i Key West. Så drog ho til Portland, Maine og arbeidde som reingjeringshjelp og heimehjelp, før ho enda opp i kleskonsernet Wal-Mart i Minneapolis. Formål, å finne ut korleis det går an å leve på minsteløn med billegast mogleg bustad. Svaret er eintydig. Det går ikkje. Mange skøyter på med både ein og to ekstrajobbar, likevel er kampen for å få endane til å møtast eit dagleg strev. Og dette var i perioden etter den såkalla velferdsreforma til Clinton i 1996, som skulle minimere sosialhjelpa og få alle ut i arbeidslivet. Eitt av resultata var at fire millionar kvinner vart sparka ut i jobbar til rundt seks dollar i timen.

Gjennomsnittsevner

Men kvifor må det ein velståande skribent og forfattar til for at omverda skal få opp auga? Barbara Ehrenreich har ei krystallklar forståing for rolla si som turist i arbeidarklassen. Ho har lite til overs for sjølvproletariserte «arbeidarstrebarar». Ho kjem sjølv frå ein arbeidarklassefamilie med far som gruvearbeidar. Difor er det eit privilegium for henne å kunne bruke eit skribentyrke ho heile tida kan falle attende på til å skildre eit tilvere som aldri var meir enn nokre hårsbreidder unna hennar eigen familie. Ho tek ikkje på seg ei helterolle. Og med tida gjer ho to viktige oppdagingar.

Fleire har spurt henne kvifor ingen «oppdaga» kva ærend den middelaldrande kvinna i femtiåra var i. Ho svarar at ho skulle ønskje ein arbeidsgivar ein gong hadde sagt at ho verka meir intelligent eller utdanna enn folk flest. Det hende aldri. Og det heng saman med ein annan refleksjon ho gjer seg når ho evaluerer «jobben»: «Uansett kva eg har prestert elles i livet, var eg i verda til dei låglønte arbeidarane eit menneske med gjennomsnittsevner – i stand til å lære meg jobben, men også i stand til å drite meg ut».

Engelske Polly Toynbee skriv i Hard Work: Life In Low-Pay Britain at sjølv om ho ofte ikkje var langt unna sitt verkelege miljø der ho omgår politikarar som kjend kommentator, var ho som luft i kostymet som vaskehjelp eller omsorgsarbeidar. Dei såg henne ikkje.

Difor er Kjøpt og underbetaltikkje berre ei hjarteskjerande elendeskildring av livet til mange arbeidande låglønte som utan råd til vanleg husleige bur på skitne, billege motell. Humoren sit laust og er gjerne like svart som han må vere, og kapittelet om jobben som servitør på kafé er som skore ut av ein amerikansk roadmovie, som Ellen Burstyn i hovudrolla i Alice bor her ikke lenger. Som låglønt servitør får ho ikkje seks dollar timen, men 2,15. Resten er eit spørsmål om tips, og for å få tips lærer ho seg snøgt korleis ho skal ynda seg inn ved å spe på med litt ekstra. Og Barbara sluttar aldri å la seg imponere over kva ære alle legg i å gjere arbeidet skikkeleg.

Kalde fakta

Om boka er ein slags sosial roadmovie, forsyner ho heile tida teksten med kalde fakta i fotnotar – ikkje bak i boka som er ein intellektuell uvane, men nedst på same side. Til slutt skriv ho ei evaluering. Barbara la ikkje ut på vegen for å leike heimlaus. Ho går dundrande underskot når husleige og andre faste utgifter er betalt, men har starta med eit lite depositum. Ho vil først utforske lønsnivået, men oppdagar snøgt at meir enn halve rota til fattigdommen ligg i prisstiginga på sjølv dei uslaste bustader. Difor er også formelen det offentlege brukar til å rekne ut kven som er fattig, misvisande. For mens den relative delen til mat i eit familiebudsjett har gått ned, har buutgiftene gått rett til vêrs. «Som mellombels låglønt kunne eg ikkje unngå å leggje merke til at bustadsubsidiane eg normalt tek imot i mitt verkelege liv – over 20.000 dollar i året i form av skattefrådrag for renter på lån – ville gjort det mogleg for ein låglønt å leve eit liv i relativ luksus».

Opprør

Barbara Ehrenreich skriv boka med ein mellomting av svart humor og illsinne. Illsinne både over måten ho som reingjeringshjelp og butikkekspeditør blir hersa med, med det opplagde spørsmålet på tunga: Kvifor gjer ikkje heile den låglønte klassen opprør, fagorganiserer seg og bråkar i gatene? Reaksjonane er som når ho etter endt gjestearbeid tek farvel og avslører kva ærend ho er ute i. Den mest forbløffande kommentaren var: «Vil det seie at du ikkje kjem til å jobbe kveldsskift neste veke?». Men kva tykkjer åleinemora og reingjeringshjelpa Colleen? «Det gjer meg ikkje noko eigentleg, for eg er vel eit ganske enkelt menneske, trur eg, og eg ønskjer meg ikkje det dei (rike) har... Men det eg ville likt, var å kunne ta ein dag fri av og til... dersom eg måtte.. og likevel kunne kjøpe matvarer dagen deretter».

Det er ikkje sosial apati, men dagleglivet i den underklassen der fagorganisering blir møtt med truslar, der systematisk overtid er ulovleg, den fortapte klassen resten av samfunnet ønskjer å gløyme, eller, om dei blir mint om han, seier at nokon må vere fattige også, og har dei ikkje seg sjølve å takke? Akkurat det var noko Ehrenreich merka etter bøker som The Bell Curve, som skulle vise at svarte var dummare andre, fortel ho i eit intervju. Men dei fattige er like ulike og interessante som kva del av folket som helst, tenkjer ho, når ho vender attende til sjiktet der avgjerdstakarane er. Dei som kjem frå ein annan klasse, og som på ein heilt annan måte er vane med å få gehør når dei har noko å klage på.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |