Dag og Tid nr. 19, laurdag 10. mai 2003

Slavoj Zizek:
Ein fundamentalistisk reaksjon kan koma i Irak
Den amerikanske okkupasjonen kan lett resultere i ei verkeleg fundamentalistisk islamsk anti-amerikansk rørsle i Irak, skriv Slavoj Zizek.

Før åtaket på Irak frykta alle at det kunne føre til ei eller anna form for katastrofe: ein økologisk katastrofe av gigantisk storleik, høge amerikanske tap, eit nytt terroråtak på Vesten... Slik godtok vi stillteiande det amerikanske standpunktet – og no, når vi veit at krigen blei kortvarig (som ein slags repetisjon av Golf-krigen i 1991) og at Saddam-regimet snøgt gjekk i oppløysing, går det som eit kollektivt sukk av lette sjølv mellom mange av dei som er kritiske til den amerikanske politikken. Ein kan difor vere freista til å tru at USA før krigen skapte frykta for den trugande katastrofen med overlegg, av di dei rekna med at heile verda ville bli letta når det faktisk ikkje oppstod ein katastrofe. Likevel er det mykje som talar for at nettopp dette er den største faren. Med det meiner eg at ein burde ta mot til seg og seie det motsette: Kanskje eit mislukka amerikansk felttog hadde vore det beste som kunne hende – at det hadde vore eit nyhende som kunne tvinge alle dei involverte partane til å tenkje over situasjonen ein gong til.

Desorientert motstand

I dagane og vekene etter den «ærerike» slutten på krigen forsvann fredsrørsla nesten heilt, og dei vesteuropeiske landa som gjekk i mot krigen, trekte seg ut i skam og gjorde framstøytar for å få til ei forsoning med USA – Gerhard Schröder gjekk så langt at han offentleg bad om orsaking for dei anti-amerikanske utsegnene sine. At krigsmotstandarane gjev seg så lett, er eit trist teikn på kor desorienterte dei er: Det er no dei har grunn til å vere redde. Å gje etter for den tanken at «det gjekk no ikkje så gale», at «Saddam og regimet hans fall saman utan for mange drepne og utan dei katastrofane som ein frykta (brenning av oljefelt, bruk av våpen for masseøydelegging), er å gje etter for den farlegaste av alle illusjonar – det er her dei betaler prisen for å gå imot krigen på feil grunnlag. Argumentasjonen som gjekk ut på å vise at den amerikanske okkupasjonen vil vere til skade for irakarane, var rett og slett feil: Det som mest truleg vil hende, er at vanlege irakarar vil tene på samanbrotet av Saddam-styret når det gjeld levestandard og religiøs og annan fridom. Dei verkelege ofra i denne krigen er ikkje irakarane, dei er å finne andre stader.

Falske spådommar

Har vi fått med oss at, iallfall til no, alle spådommane som kom fram for å rettferdiggjere krigen, har synt seg å vere falske? Det blei ikkje brukt, ikkje ein gong funne, våpen for massøydelegging, det var ingen fanatiske arabiske sjølvmordsbombarar, det var nesten ingen oljebrønnar som blei sette i brann, det var ingen fanatisk Republikanargarde som forsvarte Bagdad til siste slutt og la byen aud, kort sagt, Irak synte seg å vere ein papirtiger som stort sett fall saman under det amerikanske presset. Er ikkje nett denne militære «triumfen» det endelege provet på at motstanden mot krigen var rett, at Irak ikkje var eit trugsmål mot USA? Saddam-regimet var ein motbydeleg autoritær stat som var skuldig i mange brotsverk, især mot sitt eige folk. Likevel er det viktig å halde fast ved at Irak aldri blei straffa, men tvert om støtta av USA og dei fleste andre land for det som målt i tap av menneskeliv eller brot på internasjonale reglar var det største brotsverket, nemleg krigen mot Iran.

Fiasko

Om vi godtek at åtaket på Irak i røynda var ein lekk i kampen mot muslimsk fundamentalisme, må ein slå fast at åtaket ikkje berre var ein fiasko, men tvert om styrkte den saka det var meint å slå ned på. Saddam Hussein-regimet var til sjuande og sist nasjonalistisk og utan kontakt med den fundamentalistiske muslimske populismen – det er heilt klart at Saddam berre flørta på overflata med dei islamske pan-arabiske straumdraga. Heile historia hans syner at han var ein pragmatisk herskar som søkte makt og som skifta alliansar når det passa han: først mot Iran for å rane til seg oljefelta deira, så mot Kuwait av same grunn – og denne gongen fekk han mot seg ein pan-arabisk koalisjon som allierte seg med USA.

Det endelege provet på kor sekulært dette regimet var, er det ironiske faktumet at då Saddam Hussein fekk 100 prosent av røystene ved valet i oktober 2002 – og dermed oversteig dei beste resultata frå Stalintida på 99,95 prosent – var den kampanjesongen som blei spela over statsmedia om att og om att «I Will Always Love You» med Whitney Houston. Enda meir ironisk blir det når USA no må forsvare denne delen av arven etter Saddam.

Fundamentalistisk fare

Var det noko Saddam ikkje var, så var det ein fundamentalist som var besett av «Den Store Satan» og som var klar til å sprengje verda i filler. Det som likevel lett kan oppstå som eit resultat av den amerikanske okkupasjonen, er nettopp ei verkeleg fundamentalistisk islamsk anti-amerikansk rørsle med direkte samband til slike rørsler i andre arabiske land eller land der det bur muslimar. Og dei første teikna ser ein allereie: dei daglege shiamuslimske demonstrasjonane mot USA i Irak.

Det var sikkert ikkje ukjent for amerikanarane at tida snart var ute for Saddam og det ikkje-fundamentalistiske regimet hans, og at forkjøpskrigen mot Irak ikkje var retta mot Saddam, men mot dei som stod nærast til å ta over etter Saddam, nemleg eit verkeleg fundamentalistisk islamsk regime. Likevel, på denne måten kan den amerikanske intervensjonen berre føre til at den vonde sirkelen blir endå meir kompleks. Etter logikken om sjølvoppfyllande profeti er det fare for at den amerikanske intervensjonen kan føre til det amerikanarane fryktar mest av alt: Ein stor, sameina muslimsk front mot amerikanarane.

På dette punktet kan ein knapt motstå ei lett paranoid freisting: Kva om folka rundt Bush visste dette, og kva om denne «utilsikta verknaden» var det verkelege målet for heile operasjonen? Kva om det verkelege målet var å leggje grunnlaget for ein permanent krisetilstand som skulle gjere det mogleg å snu om på heile den geopolitiske ordenen?

Slavoj Zizek
Omsett av Thor Vardøen
og Kirsten Aasheim


Slavoj Zizek er professor i filosofi ved Universitetet i Ljubljana og er ein internasjonalt kjend
ideologikritikar. Zizek skriv med jamne mellomrom for Dag og Tid.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |