Dag og Tid nr. 19, laurdag 10. mai 2003

Klok på bok 613:
Sjukdom
Ja, det gjekk som det måtte gå denne gongen: Postkassa vart full av brev. Alle kjenner Einar Økland. Det var lett å kåre vinnaren denne veka. Etter alle åra på posten, fell eg framleis for tjukke brev. Han Oddmund Kårevik på Notodden sende meg eit brev i A3-format, i tynn pappkvalitet:

«Kjære Paula, eg har lenge hatt stor glede av å lese spalta di – og svara frå alle dei bok-kloke. Eg trudde ikkje eg var heilt på jordet sjølv, men eg hev liksom aldri fått det til. No har eg det! Jippi, Paula! Svaret er Einar Økland og diktet heiter ‘Den nye guten i gata’. Kva han Einar samlar på, skal vere usagt – men eg kan opplysa om at eg er fødd og oppvaksen på andre sida av fjorden i forhold til han. Eg er nemleg ekte kårevikar – frå Stord. Og i gamle dagar då ferjene framleis gjekk, stod eg i Dagfinnsvikjo og skimta over til Valevåg der han visstnok bur. Elles kan eg opplysa om at mora mi – Åsta Kårevik (då Horneland) gjekk på Bryne gymnas parallelt med Einar Ø ein gong på 1950-talet. Det gjord ped-læraren min òg (Arne Samuelsen). Nokon betre? Hæ!!? I tillegg og til slutt ein litt pessimistisk framtidsvisjon: I forordet til Jon Fosse si bok ‘Naustet’ peika Einar Økland på det overraskande og overbevisande antalet av dugande forfattarar som hadde vokse opp langs HSD sitt rutenett. No i desse trekant-/firkantsamband + kyststamvegtider kan ein vere litt redd for framtida til kreativiteten. Og eg tenker at Inger N. Bråtveit nok er sjeleglad for at ferja framleis går til Sand, ja for korleis skal ein elles tenka ut eit bok-plott – utanom når ein står i ferjekø og ventar på siste buss som har gått. Og det striregnar? Ja, eg berre spør!
» Takk for det fine ferjeforsvaret! Eg held med deg.

På eit brev poststempla Trondheim har eg fått svar frå ho Marit Jacobsen og ho Signe H. Brochmann: «Vi brukte diktet ‘Den nye guten i gata’ i en morgensamling vi deltok i på Seljord folkehøgskule i fjor vår. Vi husket det godt, men sto i et øyeblikk fast med hensyn til forfatterens navn. Med godt samarbeid over tekstmeldinger kom vi imidlertid fram til svaret: Einar Økland. Diktet ‘Den nye guten i gata’ er hentet fra diktsamlinga ‘Pennen den blå’, gitt ut på Samlaget i 1992

Grunnen til at eg valde dette diktet, var to kloke som sende svar på Duun-oppgåva med eit kort som hadde diktet til Einar Økland på framsida. Takk for tipset, Blixa Bargeld & Oscar Wilde.

Ho Margrethe Birkeland i Kristiansand skriv slik: «‘Du er så rar’ er titteldiktet i barneboken – dikt – som kom som Einar Øklands første bok for barn i 1973. Det er en fryd – også for voksne bokmålsfolk – å lese Øklands barnebøker. De får på en mesterlig måte fram kommunikasjonen mellom barn og voksne – på godt og vondt!»

Ho Elen Maria Todal i Hellandsjøen skriv at han Einar Økland har sagt følgjande: «Vaksne skal tas med ei klype salt. Barn skal ein ta med det gode.»

Ho Ellen Beate Grinnen i Sandvika sender eit anna dikt av Einar Økland som ho likar, «Åleine»: Første gong/ eg var åleine med/ deg var eg redd.// Nå er eg/ redd for å bli åleine/ utan deg./ Sånn kan det gå.// Det tenkjer eg på.// Tenk å bli redd/ på ein så god måte.// Forresten er det berre deg/ eg tenkjer på nå.// Slik kan det gå.

Han Olav Molven i Bergen skriv at han Einar Økland debuterte i 1959, anonymt, på bokmål og vil ha meg til å prente dei to versa. Han Olav legg til: «Ein gong studerte eg E.Ø. og hatten. Vi var på veg sørover frå Bergen. Flott hatt, flott kar!», skriv han, og skryter samstundes av diktaravisa som Dag og Tid laga om Einar Økland i 2000.

«Nei, Einar Økland er ikke lett å sette i bås – og godt er det! Han har skrevet en enorm produksjon siden debuten i 1963 – ‘Ein gul dag’. Jeg husker særlig ‘Amatøralbum’ (1969) og den særdeles omstridte ‘Gullalder’ – der Økland elsker å provosere og her greide han å erte mange på seg! Einar Økland er en mann med mange interesser, og det viser hans innsats i Samlagets fornøyelige serie om rariteter etc etc. Her behandles blant annet hermetikketiketter, gamle julemerker, filmplakater, bokomslag osv. Herlig! Til slutt vil jeg slå et slag for et av hans fineste dikt ‘Draumar’ (1969?), tydelig inspirert av hans gode venn Olav H. Hauge – ‘Det er den draumen’», skriv avsendaren – anonymt på bokmål.

«Hei, skeisebibliotekarane i LASK her. Vi sliter med vårdepresjoner, og har, i en periode nå, kjent oss så nedtynget at ikke eg gang KPB har kunnet glede oss. (Høye strømpriser gjorde at skeisebanemannskaper i det ganske land lot is smelte så altfor, altfor tidlig.) Einar Økland er dikteren denne gang. ‘Den nye guten i gata’, diktet, og samlingen: ‘Du er så rar’(!), fra 1973, fint illustrert av Kari Bøge. Nå har vi lest hele samlingen, og humøret er betraktelig bedre; dikt som ‘Siri ved havet’ gir oss troen på at sommeren nok kan overleves: Himlen er blå./ Havet er blått./ Eg lurer på om/ eg har blå auger
.//»

Klok på bok 613
Sover du jente? Hun nølte før hun lot være å svare. Hun forsøkte å ligge ganske stille og puste slik en gjør når en sover rolig.

Romanen skildrar tida då Napoleon kriga og ein alvorleg sjukdom støytte mange ut frå eit normalt liv her i landet. Stikkord: Far til Wergeland. Boka kom i 1995. Forfattaren debuterte i 1969. Kven vil eg fram til? Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 16. mai.
Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |