Dag og Tid nr. 19, laurdag 10. mai 2003
Bøker:
Provoserande om etnisk reinsing
Forfattaren plasserer Masaryk og Churchill
i same kategori som Stalin, Hitler og
Milosevic.
SAKPROSA
Norman Naimark
Fires of Hatred:
Ethnic Cleansing in the
Twentieth-Century Europe
Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts, 2002
«Etnisk reinsing» er eit nytt omgrep som oppstod under krigane i det tidlegare Jugoslavia på 1990-talet. Som Norman Naimark viser i si viktige bok Fires of Hatred, er fenomenet likevel eldre. Men kor mykje? Tvangsflytting av heile folkegrupper kjenner vi allereie frå antikken. Naimark argumenterer likevel overtydande for at vi bør reservera omgrepet «etnisk reinsing» til dei fordrivingane av folkegrupper som har funne stad sidan starten av det. 20. hundreåret. Fyrst då hadde dei nødvendige føresetnadene for denne typen brotsverk falle på plass. Éin viktig ideologisk føresetnad var framveksten av biologistisk nasjonalisme. Viktige praktiske føresetnader var tekniske system for kontroll og kategorisering av befolkninga, samt transportmiddel til å frakte store grupper over store avstandar.
På same måte som folkemord har etnisk reinsing som mål å eliminere ei heil folkegruppe frå eit område. Ordet heil er sentralt. Det er ikkje dei menneska som har dei galne meiningane, som er særskilt rike eller yter motstand mot makthavarane som må vekk, men alle. Motsett folkemordet er det likevel ved etnisk reinsing nok for reinsarane at desse menneska vert fjerna frå eit bestemt territorium, det er ikkje nødvendig å likvidere dei fysisk. Etnisk reinsing vert rett nok alltid fylgd av svært mykje valdsbruk, for folk flyttar sjeldan frivillig. Kampanjar for etnisk reinsing tiltrekkjer seg også ofte sadistar som gjennom dette får utløp for sine valdelege lyster. Hovudtendensen er likevel at vald og drap vert brukt som middel til å skremme folk på flukt. Grensa mellom etnisk reinsing og folkemord er likevel ikkje alltid så lett å trekkje, noko materialet til Naimark
viser.
Provoserer
Naimark tek for seg fem tilfelle av etnisk reinsing i Europa i det 20. hundreåret: Fordriving av armenarar og grekarar frå Anatolia før, under og etter fyrste verdskrigen; nazistane sine jødeforfylgjingar; Stalin sine deportasjonar av tsjetsjenarar og ingusjetarar frå Kaukasus under den andre verdskrigen; fordrivinga av tyskarar frå Polen og Tsjekkoslovakia etter denne krigen; og endeleg krigane i det tidlegare Jugoslavia. Allereie utveljinga av døme er eigna til å provosere. Dei som representerer ofra, vil lett reagere på at brotsverka mot deira gruppe vert presentert som berre eitt blant fleire tilfelle. Ikkje minst verkar det overraskande at jøde-utryddinga er tatt med. Er ikkje dette eit paradigmatisk tilfelle av folkemord? Naimark vil ikkje nekte for det, men dokumenterer samstundes at nazistane si tenking omkring jødespørsmålet starta med planar for etnisk reinsing, ved å sende dei
til Madagaskar eller andre stader. Krystall-natta var eit klassisk tilfelle av vald for å skremme folk vekk. Fyrst då fleirtalet av jødane likevel vart buande, vart Die Endlösung utklekt. Det er fordrivings-aspekttet ved jødeforfylgjingane Naimark vil drøfte.
Det vil også sikkert provosere mange at fordrivinga av tyskarar frå Polen og Tsjekkoslovakia er teke med. Driv ikkje Naimark med moralsk nivellering når han slik plasserer Masaryk og Churchill i same kategori som Stalin, Hitler og Milosevic? Sjølv vil eg meine at det ville ha vore langt meir diskutabelt om desse fordrivingane ikkje vart tekne med, for dette er verkeleg klassiske tilfelle av etnisk reinsing. Naimark dokumenterer grundig både kynismen som låg bak avgjerdene om å fordrive tyskarar, og brutaliteten dette vart gjennomført med. Polakkane kan ein nok om ikkje orsake, så i alle fall forstå: dei vart særs brutalt handterte av tyskarane under krigen. Men okkupasjonen av Böhmen og Mähren hadde vore langt meir lempeleg, og Naimark viser at tsjekkarane nok kunne trenge ein Vergangenheitsbewältigung på dette punktet.
Mykje er framleis uklårt omkring opptakta til krigane i Bosnia og Kosovo. Naimark påpeikar at talet på drepne har vorte justert nedover fleire gonger, og at alle grupper deltok i etnisk reinsing. Han er likevel ikkje revisjonist, og deler den vanlege oppfatninga om at serbarane stod for dei fyrste, dei fleste og dei verste overgrepa.
Eit mål i seg sjølv
Det er ikkje tilfeldig at alle tilfelle av massiv etnisk reinsing i Europa i det 20. hundreåret har funne stad under eller rett etter ein krig, hevdar Naimark. Det skuldast likevel ikkje at etnisk reinsing er ein beklageleg, men uunngåeleg konsekvens av moderne krigføring, slik overgriparane sjølve ofte framstiller det. Derimot, meiner Naimark, skuldast det at den allmenne brutaliseringa og valdsbruken som pregar krigar, kan brukast som eit påskot og eit
dekkje for denne typen brots-verk. Fordriving av folkegrupper er ikkje ein konsekvens av noko anna, men eit mål i seg sjølv.
Målet er å skape etnisk reine statar. Og svært mange av reinsarane har nådd måla sine, påpeikar Naimark. Det finst i dag så godt som ingen tyskarar i Polen eller i Tsjekkia, eller grekarar og armenarar i Tyrkia. Reinsingane har vist seg å vere irreversible. Nasjonalistane og rasistane har sigra. Det burde likevel vere ein siger med bitter ettersmak, for i alle desse tilfella har reinsingane skapt fattigare statar, både økonomisk og kulturelt.
I eitt tilfelle er resultatet av reinsinga vorte omstøytt, ved at Khrusjtsjov lét tsjetsjenarar og ingusjeterarar vende heim att til republikkane sine etter 1956. Nokon vil sikkert meine at dette er prov på kor farleg det er å freiste å endre på resultatet etter ei reinsing: sjå kva som har skjedd i Tsjetsjenia sidan. Dette er ikkje ein konklusjon Naimark trekkjer, som heller ikkje eg vil trekkje. Krigane i Tsjetsjenia på 1990-talet har ikkje vore uunngåelege og kan ikkje takast som belegg for at det er farleg å freiste å rette opp att gamal urett. I Bosnia i dag tenkjer ein heilt motsett: Her ser ein det som ein nødvendig føresetnad for å kome vidare i freds- og forsoningsprosessen, at folk får høve til å vende attende til heimane sine. Sjølv om attendevendinga går langsamt, meiner likevel mange observatørar at tendensen går i rett lei. Dersom den held fram, vil
det indikere at reinsa multi-etniske samfunn kan late seg gjenopprette, i alle fall eit stykke på veg.
Mykje sagt
Naimark si bok er kort: under 200 sider. På desse sidene får han sagt svært mykje, og mykje er tankevekkjande. Boka er utstyrt med eit grundig noteapparat og solid dokumentasjon. Litteraturreferansane syner at Naimark, i motsetnad til altfor mange amerikanske forfattarar, er fortrulege, ikkje berre med engelsk-språkleg litteratur, men også har sett seg inn i relevante kjelder og sekundærlitteratur på ei rekkje andre språk: tysk, polsk, russisk, og serbokroatisk.
Pål Kolstø,
Universitetet i Oslo
|