Dag og Tid nr. 19, laurdag 10. mai 2003
Bøker:
Ein heimføding på inkastien
Utgangspunktet for å skriva ei engasjerande reiseskildring frå Sør-Amerika kunne vore betre. Jan Zahl har gått gringostien med kompisar, ryggsekk og sitatsamling på eit kontinent han aldri har interessert seg for.
REISESKILDRING
Jan Zahl:
Sommerfugleffekter
Tiden
Når eg likevel spanderte ei helg på «turist Zahls glade beretning fra en søramerikansk nedtur», var det i von om at han mot alle odds hadde makta å gjera gutetur til litteratur og gull av gråstein.
Men Zahl gjorde som mange har gjort før han, betre. Han fyller ut hola i sitt eige panorama med stolne sitat frå forfattarar og observatørar som har meir å fara med; Erling Borgen, Joar Hoel Larsen og Kjartan Fløgstad, for å nemna nokre av dei norske.
Det mest originale ved Sommerfugleffekter er skildringa av hjelpeløysa til den same Jan Zahl som novise på ein elles nedtrødd ferdaveg. Som debutturist er han komisk nok, «jeg følte meg som en hval på fjelltur», men det er langt mellom drammane, for Zahl har også andre ærend. Dessutan lyg omslaget om den «glade beretninga». Det burde stått likeglad.
Opne dører
Eitt av ærenda til Zahl er å analysera landa og folka han fer framom, men dei politiske observasjonane hans er ikkje originale i to tydingar av ordet. Han slår inn dører som stort sett har stått opne sidan Berlin-muren fall. Zahl drøftar dessutan helst med sitt norske reisefølgje og likesinna på gringostien, og har minimal kontakt med dei innfødde. Zahl gjer narr av turistar og turisme av ymist slag, men diltar motvillig med og skjermar seg såleis frå det Sør-Amerika som måtte vera for søramerikanarane. Stort meir enn det ikkje å seia om observatøren Zahl, enn at han krafsar i den etter kvart godt patinerte søramerikanske yta. Den som ventar penetrering, må venda seg mot andre kjelder.
At Zahl tilfeldigvis hamna midt oppe i demonstrasjonane i den argentinske hovudstaden jula 2001, er drama nok til å bera ein illustrert reportasje i Dagsavisen, der forfattaren elles er journalist, men det ber ikkje ei heil bok.
Kittet
Dette problemet har Zahl sett og løyst med å klemma inn ei rekkje svingslag under beltet mot betre forfattarar, som Kjartan Fløgstad og Eduardo Galeano, mot heltar og martyrar med og utan gåsauge, Salvador Allende og ikkje minst Ernesto «Che» Guevara. Sistnemnde, får me vita, «var like opptatt av å ta liv som å redde dem». Sist ein like innsiktsfull karakteristikk av Che stod på trykk i Noreg, var vel då Tine skulle ha ungdomsdrikken OX ut på marknaden. Informasjonsdirektøren i meieriet bad sidan om orsaking for flåseriet. Difor kjem nok myten om Che til å leva lenge etter at både sukkermjølka til Tine og sommarfugleffektane til Zahl har gått i gløymeboka.
Overblikket
Zahl påstår i boka at syttitalsbiletet av Latin-Amerika framleis står sterkt i Noreg, eit bilete i svart og kvitt. «Sett fra Norge er alt fremdeles enkelt», slår han fast. Frå sin ståstad oppe på inkastien, derimot, ser Zahl nyansar som har gått revolusjonsromantikarar som Fløgstad og Galeano hus forbi. «Fløgstad er konsekvent og ensidig i sin romantisering av (gruve)arbeidere, urbefolkning, venstreopposisjonelle og revolusjonære i sin demonisering av alle andre». «Fløgstads politiske overbevisning gir ham et tunnelsyn (...) som gjør ham forutsigbar», konstaterer Zahl.
Svaret
Zahl rakkar især ned på standardverket Latin-Amerikas åpne årer som Eduardo Galeano gav ut i 1971. 30 år etter kan den norske turisten arrestera flyktningen frå Uruguay for ikkje å ha teke med ein menneskerettskritikk av Cuba anno 2003. «I alle andre land i Sør-Amerika trengs det ifølge Galeano revolusjon og innføring av proletariatets diktatur. På Cuba trengs det bare romslighet og tolmodighet. Analysen er enøyd, inkonsekvent og ideologidrevet. Løsningen er forfeilet. Det er synd for det norske bildet som har vokst fram av Sør-Amerika».
Tilfeldigvis trykte Klassekampen ei åtvaring frå nettopp Galeano til Fidel Castro den veka boka til Zahl kom ut. Galeano skreiv at «Cuba gjør oss vondt», slik eg minnest han òg gjorde tidleg på 1990-talet. Men korleis skulle Zahl ha fått med seg det, når han alt i introduksjonen proklamerer at Latin-Amerika aldri har interessert han som om fåkunne og manglande røynsle i seg sjølv skulle borga for den litterære kvaliteten i boka si.
Distansen
Jan Zahl spottar Fløgstad og Galeano av di dei har teke stilling i striden mellom makt og avmakt i Latin-Amerika. Sjølv passar han på å ha ironisk distanse til alle, medrekna seg sjølv og reisefølgjet Kjetil: «Vi kommer til Buenos Aires på ferie, tar på oss Argentina-drakt, går ut i gatene og hamrer litt på noen gryter. Og så drikker vi litt og tar det hele som en fest, som en opplevelse mens det er blodig alvorlig for de som bor her». Løysinga for dei to turistane er å kjøpa ferjebillett ut av landet. Godt gjort.
Undringa
Ettersom forfattaren har fått støtte frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, er det ikkje urimeleg at Jan Zahl har brydd seg med å skildra reisa si. Underlegare er det at Tiden Norsk forlag har gjeve ut ei slik bok. Kan marknaden for reiseskildringar her i landet mettast like lett som kyrne under krigen, med rein cellulose?
Johan Brox
|