Dag og Tid nr. 18, laurdag 3. mai 2003
Roald Helgheim:
Bomba som kom for seint
To av dei digre bombene USA hadde i bakhanda i Irak, kom til Qatar før krigens slutt. Likevel var det for seint. Vi snakkar om det største konvensjonelle våpenet som finst, 21.500 pund tunge bomber som gjer like mykje skade som moderate atombomber, og general Tomm Franks hadde alt peika ut måla dei skulle brukast mot. Men ettersom det vart meir og meir klart at Saddam-regimet ville falle saman som eit korthus, fann dei ut at det ville vere «ei overdriving å bruke dei», som ein talsmann formulerte det til New York Times. Offisielt blir bomba kalla Massive Ordnance Air Blast, men initialane MOAB blir like gjerne omsett med Mother of All Bombs. Ho er så stor at ho må sleppast frå bakenden av eit stort transportfly.
Slike meldingar stoggar ein opp ved mens ein skannar overskriftene i jakta på noko å skrive om når Donald Rumsfeld er på sigersferd i Austen, stadig vist på bilete som fyller meg med uhygge. Her i landet har vi fått ein ny tronarving, samstundes som den største politiske striden handlar om eit barnehageforlik eller retten til å skyte hund. Mindre påakta er det at Preben Aavitsland, overlege ved den delen av Folkehelseinstuttet som har ansvar for meldingssystemet for smitte (MSIS), har fått tittelen beredskapsdirektør. Slik blir dei sivile gradane militære i eit samfunn som snakkar om eit trusselbilde kvar gong ukjende fårar lurer utanfrå, enten det er SARS eller munn- og klauvsjuka. Eitt av trusselbilda var jentene austfrå som invaderte Nord-Noreg og vart hengde ut som nasjonens største hiv-smittekjelde. Dei kalde fakta er at ikkje eit einaste tilfelle av slik smitte på norske menn er påvist frå aust. Dette har vi no Folkehelsas eigne ord for, mens beredskapsdirektøren rustar opp
mot SARS.
Det amerikanske vekemagasinet Time veit å fylle tomrommet når den store hendinga er omgitt av ebbe. What Makes A Hero er temaet ein stab har jobba fram det siste halve året, og i eit spesielt tillegg til bladet har dei peika ut 36 av dei. Folket treng heltar, skriv bladet. Eit av opningsbileta er ein britisk (kvinneleg) soldat som tar seg av ein nyfødd i Basra, eit barn fødd på slagmarka og ikkje i kongeriket Noreg. Nelson Mandela er alltid helt, men på ei nettside der lesarane får ordet, er det krigens menn som dominerer, med Tony Blair ved sida av Che Guevara og Winston Churchill. Av dei 36 bladet har valt ut, er det Harry Potters mor J.K. Rowling som prangar, dinest ein lege utan grenser på Vestbreidda, og den ujamne David Beckham før han tok på seg den feminine hårspenna. Uslåeleg Time-favoritt er U2s Bono, ein av dei få bladet ryddar forsida til mellom slaga, mens Caoimhe Butterfly er den
magre dama som er reisande mot krig. Til og med den rufsete britiske fjernsynskokken Jamie Oliver er innlemma i heltegalleriet. Det er også den danske forfattaren Peter Høeg, fordi han gav alle pengane han tente på ein roman til fattige i Afrika. John Lennon er stadig helten til Paul McCartney, men kva med den steinrike irakisk-fødde milliardæren som har hendene djupt i ein fransk bank som har meir enn 13 milliardar dollar i irakiske oljefond, administrert gjennom institusjonen med det merkelege namnet FNs olje for-matprogram?
Mens striden om kven som skal styre denne industrien er i full gang, kan New York Times fortelje den forvitnelege soga om Nadhmi Auchi, ein irakskfødd britisk milliardær som på åttitalet hjelpte Irak til å væpne seg og gjorde business med Saddam Hussein. Som kjent gjorde USA det same på denne tida. Auchi er ingen politisk eksil-irakar, men ein som berre drog frå landet i 1981 for å gjere betre butikk utanfrå. I dag er han ein av dei største aksjonærane i BNP Paribas, ein fusjon av Banque Nationale de Paris og Paribas. Olje for mat-programmet kom i stand i 1996 for å lette verknadene av FN-sanksjonane mot Irak, og sjølv om FN insisterte på å sleppe andre bankar til, insisterte Irak på at banken til Nadhmi skulle vere den einaste ivaretakaren av fondets konto. Banken prøver no å dempe ned den rike irakarens rolle i saka, endå han byrja å involvere seg i banken alt på
syttitalet. Advokaten hans seier Auchi aldri «med vitande» har gjort forretningar med regimet til Hussein. Soga seier at han handla skip med Hussein alt i 1981. Samstundes blir det meldt at ein bank i Luxembourg som Auchi var involvert i, også dreiv butikk med Bagdad. Tidlegare denne månaden vart Auchi arrestert og kausjonert for, etter skuldingar om medverking til muting av direktørar i den franske oljegiganten TotalFinaElf. Ein italiensk bankmann har fortalt at vår mann også var involvert når det gjaldt å bestikke Hussein til å gå med på oljeleidningane frå Irak til Saudi Arabia.
Slik kjem mudderet for ein dag, etter eit felttog som har medverka til kampanjen for å få nykonservatismen til å stå fram som vår tids radikalisme. Denne måndagen skaut og drap amerikanske soldatar eit dusin irakiske demonstrantar. Ukritisk har media tatt i bruk ordet arrestere om ein militær okkupant som etter ein kortstokk på 55 tek dei gamle leiarane til fangar. Med kva rett er det ingen som spør om. Men kva med Noregs rolle? Den politiske er det strid om, men norske verksemder står klare. Favorittframsida mi denne våren er frå Nationen 21. mars, der vi under tittelen «Klare til å tjene penger på Irak» kunne lese denne ingressen: «Norske bedrifter håper på store kontrakter i Irak etter amerikanernes ødeleggelser».
|