Dag og Tid nr. 18, laurdag 3. mai 2003
Leiar:
Kommunal liberalisering
I tråd med liberaliseringa og frisleppet av det meste i samfunnet vårt skal også kommunane få ei friare stilling. «Stopp Stortinget» heiter det i vårkampanjen til Venstre. Partiet krev mindre øyremerking av midlane til kommunane og mindre detalj-regulering.
I tråd med tenkinga om frisleppet skal kommunane konkurrera seg i mellom om tilflytting, arbeidsplassar, turistar og merksemd. No har kommunane alltid konkurrert. Konkurransen har vore ufin og vorte avgjord av kven som har hatt størst innverknad på fylkesbenken på Stortinget. Men vi anar at ein annan type konkurranse er i emning der informasjonsbyråa får fakturera tungt for sine tenester av meir eller mindre vellukka kampanjar. Jamfør annonsekampanjane til universiteta for å trekkja til seg studentar.
Dag og Tid har tradisjon for å forsvara det kommunale sjølvstyret. Skal sjølvstyret verka godt må kommunane ha reell makt. Det er ikkje nok å flytta på desimalar i stramme budsjett. Interessa vil lett tapa seg både hjå dei folkevalde og i folket. Valframmøtet går ned og demokratiet vert svekt. Men det er alltid grunn til å tvila på raske populistiske framstøytar. Vil store summariske overføringar med blankofullmakt koma dei til gode som treng det mest? Vil midlane gå til eldreomsorg og skular? Det finst nok av døme på at kommunar prioriterer prangande rådhus og monumentale anlegg framfor «fattige» skular.
Samfunnet har mykje å tena på at visse felles, grunnleggjande tilbod og tenester er lovfesta. For å tryggja desse må midlane øyremerkjast, sjølv om det svekkjer lokalstyret. Truleg må også ein større del av overføringane til kommunane enn i dag øyremerkjast og ikkje mindre.
Svein Gjerdåker
|