Dag og Tid nr. 17, laurdag 26. april 2003
Walid al-Kubaisi:
Åsne Seierstad svikta bokhandlaren i Kabul
Manglar Åsne Seierstad innsikt i afghansk kultur og mentalitet, eller har ho med vilje forvrengt sanninga for at ho skal passa til vestlege fordommar og tankemønster, spør Walid al-Kubaisi etter å ha lese Bokhandleren i Kabul.
Boka til Åsne Seierstad burde diskuterast ut frå kva urett ho har gjort mot sanninga, familien til bokhandlaren og mot journalistisk etikk. Åsne Seierstad burde langt sterkare kritiserast for brot på journalistisk etikk. I ljos av jakta på underhaldning og sensasjon som media driv, er dette, diverre, uaktuelt.
Bokhandleren i Kabul har selt sensasjonelt godt. Korleis boka vart til, er ei oppsiktsvekkjande historie i seg sjølv. Tanken om å skriva bok tok til då ho vart invitert til eit kveldsmåltid hjå bokhandlaren Sultan Khan. Sultan Khan var gjestfri, open og hadde ikkje noko å skjula for den nye venen. Sultan fortalde historier og sjarmerte den norske Åsne Seierstad. For familien Sultan såg ho nok ut som ein engel som nettopp hadde stige ned frå Mars.
Dette er Afghanistan
Konene, sønene og døtrene til Sultan var til stades. Møtet med Sultan og familien hans sjarmerte Åsne Seierstad. To koner og mange born, søner og døtrer sit saman og viser generøsitet og gjestfridom andsynes den norske engelen Åsne. Alt var ope for ho. Brått seier ho til seg sjølv: «Dette er Afghanistan», og så bestemmer ho seg for å skriva ei bok om familien.
Dagen etter oppsøkjer ho Sultan i bokhandelen og fortel han at ho vil skriva ei bok om han og familien. Tusen takk, sa han berre.
Kva for oppfatning fekk den enkle Sultan om Seierstad og boka ho ville skriva? Han ante ingenting. Men dei noble andlets-uttrykka til den typiske norske uskuldskarismaen, gav utan tvil Sultan ei oppfatning av at Seierstad vart fascinert av han og familien, og at ho sikkert ville skriva om god og open vilje og gjestfridom. Han trudde ho ville skriva ei bok som gav uttrykk for venskap og verdsetjing. Sjølvsagt seier Sultan tusen takk til dette. Men hadde han visst at ho ville skandalisera familien, ville han ikkje ha akseptert det.
Svik
I vår islamske del av verda er det god moral å fortelja korleis ein vert handsama og motteken, ikkje korleis vertane handsamar kvarandre. Ein snakkar om gjestfridom, den gode maten og om openheita, men ikkje om at soverommet til verten var uryddig og at kona var pen eller grim. Sultan var styrd av den kulturelle bakgrunnen sin, difor var det lett for Seierstad å svika han. Ho fortalde ikkje at det som var interessant for henne, var å avsløra privatlivet hans, veikskapane hans, den patriarkalske åtferda hans, og at målet var å døma ein heil kultur og religion ved å skandalisera små detaljar i heimen hans. Målet var å seia til lesaren det ho oppfatta av folk og land: «Dette er Afghanistan!»
Og ho set som krav at ho må bu hjå dei. Sultan svarar: «Velkomen». Men ho krev endå meir:
«Jeg må bli med dere rundt, leve slik dere lever. Med deg, konene dine, søstrene, sønnene.»
Og fordi ho gjev uttrykk for at ho vil skriva om dei som ven, seier den enkle, naive Sultan:
«Velkomen!» Og Seierstad flytter inn til dei og vert medlem av familien, ein eksklusiv medlem, ettersom ingen reglar eller restriksjonar gjeld for henne.
Overgrep
Resultatet er eit grovt overgrep på privatlivet til Sultan, og ho oppfører seg som ein sjølvutnemnd snushane som stikk nasen sin i andre folk sine affærar.
Vi røkte tørket skorpion, forteller Mansur (Mansur, son til Sultan, red. anm.) entusiastisk til en kamerat neste dag. Vi smuldret den opp så den blir som pulver og blandet med tobakk. Ble helt susete av det.
En gang plukker han en jente opp fra gaten, en analfabet som aldri har sett en bok. Hun står og venter på bussholdeplassen utenfor butikken, han sier han vil vise henne noe. Hun er vakker, vakker og myk. Innimellom kommer hun innom butikken, han lover også henne en rosenrød framtid. Iblant får han lov til å ta på henne under burkhaen. Men det får ham bare til å brenne enda mer.
Han føler seg skitten.
(Frå Bokhandleren i Kabul)
Ankepunktet til Åsne Seierstad er familietragedien og den patriarkalske dimensjon i samfunnet. Ho legg ikkje vekt på den opne og venlege mottakinga. Denne kulturen ho fordømmer ut frå ein vestleg ståstad, gjorde folk venleg innstilte mot ho og andre framande. Tenk deg at ein innvandrarjournalist eller ein journalist frå Afghanistan kjem til Noreg og vil skrive ei bok om norsk familieliv: Ho møter norske bokhandlarar og vil skriva ei bok om dei og vil bu hjå dei. Ville ho ha fått lov til det? Nordmenn er skeptiske til andre menneske. Kultur og mentalitet gjer at dei ikkje lit på andre.
Vrengebilete
Sett at ein afghansk journalist fekk lov til å bu hjå ein familie på Frogner, og skreiv om mannen som går på kafé ved Saga kino, og jaktar på prostituerte. Kona har ein elskar ho møter av og til. Ho mottek erotiske tekstmeldingar frå han og seier: «Det er min ven, han vil møta meg i kveld!». Sonen sit i kjellarrommet saman med kameratane og brukar narkotika, og dottera prøver å ta livet av seg. Kva hadde lesaren tenkt? Kva reaksjon får nordmenn når dei les at journalisten skriv:
«Då eg kom ned i kjellaren såg eg Hilde gråta, eit glas sovetablettar var ope og låg tomt på bordet. Ho sa til meg med ei sløv og bedøvd tunge: Eg kan ikkje leva lenger, heile kroppen skrik. Då eg steig opp trappa for å ropa på Marianne, mora, tenkte eg: Dette er Noreg!».
Nordmenn hadde reagert med ramaskrik! Ville den norske familien ha gått til rettssak og kravt erstatning for ærekrenkingar og utlevering av private tilhøve?
Kritikk innanfrå er annleis enn kritikk utanfrå. Åsne Seierstad har rett til å kritisera det islamske samfunnet i Afghanistan. Likevel må kritikken halda seg innanfor ramma av dei etiske reglane som journalistane skal halda seg til. Her kan ein bli intervjua, men har rett til å sjå gjennom intervjuet og godkjenna det. Her i Noreg er private saker verna av lova.
Ein kan ikkje skandalisera eller utlevera det interne livet til ein familie utan at familien sjølv godkjenner det. Det er ikkje lov å opna breva til naboen og lesa dei, ikkje lov å snika seg til postkassa eller e-postar til ein annan. For det private livet er heilagt.
Men Åsne Seierstad frigjer seg frå alle etiske reglar som ho held seg til i Noreg. Journalisten må verna intervjuobjektet mot seg sjølv dersom det kjem med injurierande utsegner. Åsne Seierstad kasta vrak på alle desse reglane og fråtok familien til Sultan retten til å verna privatlivet sitt. Det er ikkje snakk om sanninga. Åsne Seierstad har sikkert formidla ei sanning om familien Sultan frå sin ståstad. Men kva for sanning?
Ibsen
Henrik Ibsen skreiv mange skodespel som formidla sanningar om det norske samfunnet. Eit høgdepunkt var Peer Gynt, der han kritiserte menneska for å vera utan kjerne, utan karakter, med tom identitet. Peer Gynt skreller lauken lag etter lag for å finna kjernen. Han finn ikkje kjernen.
«Jeg er akkurat som løken, jeg har ingen kjerne. Når jeg dør skal det stå på min gravstøtte: Her hviler ingen, her er ingen gravlagt.» Den dystre sanninga vert sagt uansett. Dette er den kollektive sanninga. Sanninga til samfunnet. Likevel hånar Ibsen dei som vil formidla den private sanninga.
I Vildanden fortel han om ein mann, Gregers Werle, som kom rett frå skogen frå sjølvvald isolasjon, for å fortelja ein far at dottera han elskar, eigenleg ikkje er dotter hans. Kona hadde eit forhold til ein annan, far til Gregers Werle, og vart gravid med dottera.
Sannseiaren ville ikkje at ekteparet skulle byggja kjærleiken sin på falske premissar. Og resultatet vert at familien vert øydelagd på grunn av ei sanning som ikkje respekterer det som høyrer det private til. Og Seierstad har ikkje spart seg for å formidla den private sanninga.
No har Åsne Seierstad kome heim frå Irak. Ho kjem sikkert til å skriva bok frå Bagdad òg. Eg vonar at ho tek lærdom av dei etiske flausane sine i Kabul.
Walid al-Kubaisi, forfattar |