Dag og Tid nr. 17, laurdag 26. april 2003


USA:
Strategen og filosofen
Ved sida av dei kristne fundamentalistane er det dei «nykonservative» som set preg på politikken til den amerikanske presidenten. Kven er dei? Og kven er dei nykonservative meistertenkjarane Albert Wohlstetter og Leo Strauss?

Alain Frachon og Daniel Vernet

– De er visseleg blant dei skarpaste hjernane i landet vårt, og eit tjuetal av dykk gjer stor nytte for seg i regjeringa mi.
Slik uttrykte George W. Bush seg då han 26. februar i år tala til American Enterprise Institute i Washington, tenkjetanken som er ein av dei nykonservative bastionane. Nett som John F. Kennedy i byrjinga av 1960-åra plukka ut «the best and the brightest» i den akademiske eliten for å få hjelp til å meisle ut sentrum-venstre-politikk, har George W. Bush tydd til eliten blant dei nykonservative for å skaffe seg akademisk tyngd bak sin høgreorienterte politikk. Kven er desse nykonservative? Kva er historia deira? Kven var læremeistrane deira? Kvar har desse intellektuelle nykonservative røtene sine?

For det første er det viktig å skilje mellom kristenfundamentalistane frå bibelbeltet i sør og dei nykonservative, som stort sett kjem frå Austkysten. Inspiratorane for den nykonservative rørsla har ein «intellektuell» profil og er ofte newyorkarar og jødar med fortid på «venstresida». Når det gjeld spørsmål om samfunnsmoral er dei oftast liberale. Forbod mot abort eller obligatorisk bøn i skulen er ikkje målet deira, slik det er for kristenfundamentalistane.

Eksplosiv cocktail

I regjeringa til George W. Bush finn ein representantar for begge desse gruppene. Den mest framståande representanten for kristenfundamentalistane er justisminister John Ashcroft, medan dei nykonservative har ei av stjernene sine plassert som viseforsvarsminister: Paul Wolfowitz. George W. Bush, som i valkampen vende seg mot sentrum-høgre utan ei meir presis politisk forankring, har laga ein forbløffande og eksplosiv ideologisk cocktail av desse to gruppene, som kjem frå heilt motsette planetar.

Ashcroft har førelese på Bob Jones University i Sør-Carolina, som er eit kraftsentrum for dei fundamentalistiske protestantane. Jøden Wolfowitz er eit produkt av universiteta på Austkysten. To av dei mest framståande professorane hans på sekstitalet var Allan Bloom, som sjølv var elev av den tysk-jødiske filosofen Leo Strauss, og Albert Wohlstetter, professor i matematikk og spesialist på militær strategi. Her finn vi to namn som kom til å sette spor etter seg. Dei nykonservative plasserte seg i den vernande skuggen til strategen Wohlstetter og filosofen Strauss.

Optimistiske idealistar

Etter europeisk standard kan dei knapt kallast konservative som vil verne om den etablerte orden «bygd på hierarki, tradisjon og eit pessimistisk syn på menneskenaturen», som Francis Fuku-yama har uttrykt det. Ein kan snarare kalle dei optimistiske idealistar, som er overtydde om at den demokratiske modellen til USA bør gjelde over heile verda... Dei vil ha slutt på status quo og slapp konsensus, og trur dei kan endre verda gjennom politikk.

I innanrikspolitikken kritiserer dei dei nykonservative velferdsordningane som blei innførde av dei demokratiske presidentane Kennedy og Johnson og republikanaren Nixon. På 1970-talet var dei kritiske til avspenningspolitikken, som dei meinte tente Sovjetunionen på kostnad av Vesten, og dei gjekk mot realdiplomatiet til Henry Kissinger. I kjølvatnet av Leo Strauss kritiserte dei også den kulturelle og moralske relativismen frå 1960-åra som dei meiner ligg bak relativismen i det som var politisk korrekt i 1980-åra.

Her er det ein annan intellektuell av høg klasse som fører kampen: Allan Bloom frå universitet i Chicago, som venen hans Saul Bellow har skildra i romanen Ravelstein. I boka The Closing of the American Mind (1987) går Bloom til åtak på eit universitetsmiljø for alt det er verdt: «Alt er blitt kultur, stoffkultur, rockekultur, gjengkultur i gatene... Det kulturelle forfallet er blitt ein kultur.» I namnet til det politisk korrekte har all kultur same verdi.

Midt i ei tid der det «politisk korrekte» har overtaket, klarer dei nykonservative å få inn sine poeng: Boka til Bloom blir ein overveldande suksess. I utanrikspolitikken veks det fram ein veritabel nykonservativ skule. Han formar ein generasjon av unge som er besette av strategi. Blant desse finn vi Richard Perle som har følgt førelesingane til Allan Bloom.

Krinsen

Richard Perle finn saman med Paul Wolfowitz, og læremeister for dei begge når det gjeld strategi er Albert Wohlstetter (død i 1997), som var forskar ved Rand Corporation, rådgjevar i Pentagon og ein av fedrane til den amerikanske doktrinen om atomvåpen.

Det var han som stilte spørsmål kring MAD-doktrinen, som bygde på prinsippet om gjensidig avskrekking. Teorien var at når begge dei to blokkane hadde atomvåpen, ville dei nøle med å bruke dei. For Wohlstetter og elevane hans var MAD-doktrinen både umoralsk – av di mange sivile liv kunne gå tapt – og ineffektiv; han førte til at våpenlagra på båe sider ikkje kunne takast i bruk. Ingen statsmann med vitet i behald, i alle fall ingen amerikansk president, ville ta ei avgjerd om «gjensidig sjølvmord».

Gradert avskrekking

Wohlstetter la difor fram ideen om ei «gradert avskrekking», det vil seie at ein aksepterte avgrensa krigføring, eventuelt med taktiske atomvåpen, «intelligente» presisjonsvåpen som kunne brukast mot motstandaren sine militære lager. Han kritiserte også den politiske våpenkontrollen som Washington og Moskva var blitt samde om. Den ville etter hans meining føre til at den teknologiske kreativiteten i USA blei hemma berre for å halde oppe ein kunstig balanse med Sovjetunionen.

Elevane til Wohlstetter fann gjenklang hjå Ronald Reagan då dei lanserte Star Wars-programmet, som blei etterfølgd av antirakettforsvaret, og dei overtydde George W. Bush om at ikkje-spreiingsavtala med Russland frå 1972 (ABM) hindra USA i å utvikle nye forsvarssystem.

Elles har Perle, Wolfowitz og krinsen rundt dei det til felles at dei utan vilkår støttar politikken til regjeringa i Jerusalem, same kven som sit der.

Nykonservative medium

Gjennom dei to periodane til Ronald Reagan (1981-1989) fekk mange i denne krinsen høve til å skaffe seg regjeringserfaring. Over tid bygde dei opp eit nettverk i Washington, og etter kvart skauv dei ut dei meir radikale intellektuelle demokratane for sjølv å ta kontroll over dei fora som skulle formulere det politiske idégrunnlaget: tidsskrift som National Review, Commentary, The New Republic og Rupert Murdochs vekeavis The Weekly Standard. Den australske mediemogulen Murdoch eig også fjernsynskanalen Fox News, som sørgjer for at dei nykonservative ideane blir spreidde i vulgærformat. Militante nykonservative idear finn ein også i leiarspaltene til Wall Street Journal under leiing av Robert Bartley, og endeleg finst berømte tenkjetankar som The Hudson Institute, The Heritage Foundation og The American Enterprise Institute.

Internasjonalistar

Desse folka er ikkje isolasjonistar, tvert om. Dei er jamt over svært velutdanna, har god kjennskap til andre land og snakkar ofte fleire språk. Medan den reaksjonære populisten Pat Buchanan talar varmt for at USA skal konsentrere seg om å løyse dei problema landet har på heimebane, er dei nykonservative internasjonalistar og tilhengjarar av ein aktiv og målretta utanrikspolitikk. Dei bryt med den tradisjonelle republikanske lina til Nixon/Kissinger og Bush d.e, som gjorde avtaler med kven det skulle vere så lenge det tente amerikanske interesser. Men dei er minst like kritiske til den utanrikspolitikken som er blitt ført av demokratiske presidentar frå Woodrow Wilson til Bill Clinton, som satsa på internasjonale institusjonar for å spreie demokratiet i verda.

Leo Strauss (1899-1973)

Om Albert Wohlstetter var sjefsstrategen, må Leo Strauss reknast som meisterfilosofen innanfor nykonservativ tenking. Strauss, som døydde i 1973, blei fødd i Tyskland i 1899 og drog frå Tyskland dagen etter at Hitler kom til makta. Litt seinare kom han til Amerika, der han underviste ved New School of Social Research før han stifta det som skulle bli ein yngleplass for «straussianarar», The Committee on Social Thoughti Chigaco. Strauss var framfor alt ein lysande akademikar, som har skrive mykje om klassiske og religiøse tekster, men knapt noko om aktuelle politiske problem. Den politiske påverknaden hans har kome indirekte via studentar som Allan Bloom og Paul Wolfowitz. Det ville vere for enkelt å påstå at Leo Strauss er kjelda til alt det nykonservative tankegodset ein finn i krinsen rundt George W. Bush. Likevel er han ein nyttig referanse for å få tak i kva slag teoriar dei støttar seg til, teoriar som vel kan vere diskutable, men som slett ikkje er banale.

Det er særleg to tankerekkjer hjå Strauss som har vorte retningsgjevande for den moderne amerikanske nykonservatismen.

Den første tankerekkja hans er knytt til dei personlege erfaringane hans. Som ung mann var han vitne til korleis Weimar-republikken blei riven i filler av samanstøytane mellom kommunistar og nazistar. Det fekk han til å tenkje at eit demokratisk styresett berre kan overleve dersom det har styrke til å stå i mot tyranniet, som er ekspansjonistisk av natur, og om nødvendig gripe til makt.

– Weimar-republikken var veik. Han stod fram som ein rettsstat som ikkje hadde maktmiddel å setje inn, skreiv Strauss i forordet til boka si om Spinoza.

Moderne tyranni

Den andre tankerekkja heng saman med studiane hans i klassisk kultur. For grekarane og romarane – som for oss – er det viktig å skjøne korleis menneska blir forma av politiske regime. Korleis kunne ha det ha seg at det 20. hundreåret hadde skapt to totalitære regime som Strauss meinte Aristoteles ville ha kalla «tyranni»? Det svaret Strauss gav, var at den moderne verda hadde kasta vrak på dei moralske verdiane som demokratiet var tufta på og på dei europeiske verdiane «fornuft» og «sivilisasjon.»

Årsaka til at desse verdiane gradvis har gått tapt ligg etter hans meining i opplysningstida. Den subjektivt orienterte filosofien frå denne tida måtte føre til at «historisisme» og relativisme skauv unna tanken om det absolutt gode, som i seg sjølv er uoppnåeleg, men som kan tene som etisk prinsipp i konkrete situasjonar.

Ein slik relativisme blei omsett til politisk filosofi i teorien om balanse mellom dei to supermaktene som rådde på 1960- og 70-talet. Konsekvensen av denne teorien var at det demokratiske USA og det kommunistiske Sovjet blei rekna som moralsk likeverdige. Men for Leo Strauss var det skilnad på gode og vonde regime, og dei gode hadde rett og plikt til å verje seg mot dei vonde. Det ville vere for enkelt å trekkje ei rett line frå Strauss til Bush og «vondskapens akse», men det er ingen tvil om at det finst ein samanheng.

Denne tankegangen, som er fundamental i den politiske filosofien som rår i Washington for tida, blei utvikla av «straussianarane». Strauss sjølv meinte at det amerikanske demokratiet var det minst dårlege av alle politiske system. Eit slikt regime var den beste ramma som fanst for menneskeleg utfalding, sjølv om det var tendensar til at eigeninteresser kunne bli prioritert høgare enn dei moralske og politiske prinsippa som låg til grunn for den amerikanske grunnlova.

Ateismen og testamentet

Strauss sjølv var jødisk ateist, men han oppfatta religionen som ein av dei nyttige illusjonane som måtte til for å kunne styre dei breie lag av folket. Det var elevane hans som utvikla tanken om at dei amerikanske institusjonane ikkje berre var ei praktisering av grunnlova, men uttrykk for eit høgareståande prinsipp, ja beint fram bibelsk. Slik blir religionen trekt inn for å sikre folkeleg støtte til dei nasjonale institusjonane. Filosofien skal derimot vere for eliten, og ha til oppgåve å halde den kritiske tanken levande.

Trass i skepsisen sin mot det moderne, var Strauss ein sterk forsvarar av det liberale demokratiet som vart skapt av opplysningstida og som det amerikanske demokratiet var kvintessensen av. I det liberale demokratiet ligg sjølvsagt retten til å kritisere det liberale demokratiet, men Strauss meinte at eit samfunn som gjekk for langt i å relativisere Det gode ville miste evna til å reagere mot tyranniet.

Dette aktive forsvaret av demokratiet og liberalismen dukkar opp att som eit favorittema i den politiske læra til dei nykonservative. Kvaliteten på dei politiske regima i verda er mykje viktigare for verdsfreden enn alle internasjonale institusjonar og avtaler. Det største trugsmålet kjem frå statar som ikkje deler amerikanarane sitt syn på demokratiet som ein grunnleggjande verdi. Det beste midlet for å tryggje fred (for USA), er å kvitte seg med slike regime og innføre demokrati.

Vektlegginga av politiske regime, hyllinga av det militante demokratiet, den nesten religiøse dyrkinga av dei amerikanske verdiane og den sterke motstanden mot tyranniet: mange av dei synspunkta som er typiske for mange av dei nykonservative («neocons») i krinsen rundt president Bush har røter i læra til Strauss, som stadig blir justert og oppdatert av andre generasjon straussianarar. Det som skil denne generasjonen frå meisteren, er den nesten messianske optimismen som pregar desse nykonservative som skal bringe fridom til verda (Midt-Austen i dag, som Tyskland og Japan i går) – som om politisk vilje skulle kunne endre menneskenaturen. Ein kan kanskje få massane til å tru noko slikt, men filosofien må ikkje late seg forføre av slike illusjonar.

Mysteriet

Eit mysterium står att: korleis kan straussismen, som stort sett har eksistert som munnlege overleveringar og vanskeleg tilgjengelege tekster, ha fått ein slik status i administrasjonen til den amerikanske presidenten?

Ei forklaring kan vere at av di elevane til Leo Strauss blei frosne ut på universiteta som «politisk ukorrekte», blei mange av dei tvinga til å bruke talenta sine i offentleg administrasjon, i tenkjetankar og i media. Ei anna – komplementær – forklaring kan ha samanheng med det intellektuelle tomrommet som oppstod etter at Den kalde krigen tok slutt, og som straussianarane – og seinare dei nykonservative – kan ha vore best eigna til å fylle. Det at Berlin-muren fall, gav dei rett i at den harde Reagan-lina i høve til Sovjet ville føre til at Sovjetstaten gjekk under. Attentata 11. september 2001 stadfesta tesen deira om kor sårbare demokratia er mot ymse former for tyranni. Etter krigen i Irak kan dei bli freista til å trekkje den slutninga at det er både mogleg og ønskjeleg å styrte «vonde» regime. Reint moralsk kan det gje meining å setje internasjonal rett opp som motvekt mot ein slik freistnad. Men inntil ein ny verdsorden er på plass, vil eit slikt argument korkje ha vekt eller kraft.

Einerett Le Monde/ Dag og Tid
Omsett og korta ned av
Thor Vardøen og Kirsten Aasheim.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |