Dag og Tid nr. 17, laurdag 26. april 2003


Roald Helgheim:
Abraham Lincolns krig
Sigeren over Saddam Hussein har enno ikkje fått skåptilhengarar av krigen til å stå skikkeleg fram. Grunnen kan vere at det vil framstå som opportunistisk å tone flagg når det gjekk som det gjekk, når ein ikkje har gjort det skikkeleg før. Av omsyn til den kollegiale og politiske husfreden har mange ikkje orka å stå fram, blir det sagt. Då har eg meir sans for ein Mikael Konupek, som ikkje treng godte seg over krigens utfall, men som tok eit prinsipielt, men ikkje ukritisk ja-standpunkt frå starten. Men kven er eg, som vil oppkaste meg til moralsk dommar over kven som tonar flagg eller ikkje?

Rett og rangt er ikkje eintydige storleikar. Dei er alle farga av ein personleg ståstad, og eit av dei kjende hamskifta er den amerikanske forfattaren og publisisten David Horowitz, som i mine politiske ungdomsår skreiv Pax-bøker om amerikansk utanrikspolitikk som var skjelsetjande for ein heil generasjon, inkludert Jens Bjørneboe. Som redaktør av det radikale tidsskriftet Ramparts var Horowitz også i Skandinavia, og arbeidde ei tid ved universitetet i Uppsala.

Den politiske heilomvendinga hans har vore skildra før i denne spalta. I sitt politiske nettblad Frontpage Magazine svara han på eit innlegg eg skreiv, at han ser på fortida som eit politisk svik. Han tok først eit oppgjør i 1989 i boka Destructive Generation: Second Thoughts about the Sixties. Eit drygt tiår seinare stilte han seg for alvor i eit nytt rampelys, med å leie ein kampanje mot at USA skal gjere opp for slaveriet gjennom erstatningar til det svarte amerikanske samfunnet, med heimel i ein avtale gjort etter borgarkrigen om «40 acres and a mule» til kvar frigjord slave. Å kalle Horowitz ein hauk i amerikansk politikk er i dag berre førenamnet. Eit ferskt blikk på nettmagasinet hans viser ein politisk tumleplass for gamle og nyomvende haukar. Ein av dei gamle er Newt Gingrich, som denne veka gjekk til frontalåtak på Det amerikanske utanriksdepartementet og den rolla det har spela i Irak-striden. Den gamle speakeren i Representanthuset vil ha eit oppgjør med og ei omorganisering av eit departement som under Powell (han nemner ikkje namnet) svikta så totalt, men som vart berga av Rumsfelds handfaste krigsdepartement. Når sigeren no er vunnen, held Utanriksdepartementet fram med si skadelege verksemd, og får også gjennomgå for å ha medverka til den såkalla kvartetten av USA, Frankrike, Russland og FN, som vil vere «vegvisarar for fred» i Midt-Austen. No som presidenten skal reorganisere departementssystemet og lage eit stort Homeland Security-departement, er tida også overmogen for å reorganisere det amerikanske UD og «redefinere fred på våre vilkår». USA kan ikkje vere leiar i demokratiets epoke med eit øydelagt instrument for internasjonal kommunikasjon, skriv Gingrich, på vegner av stiftinga American Enterprise Institute, som han er leiar for.

Dermed har haukane fått endå ein lobby, med ein trufast supporter i eit organ som skuldar FN for å ha berika Hussein, som talar mot at FN har noko å gjere i Irak i det heile tatt, og som kallar krigsmotstanden i USA ein femtekolonne. Slik den politiske temperaturen er no, er dette common sense i opinionen i USA. Og ettersom vi leitar etter radikale eller liberale alibi for den nye militante kursen, heiter den nye bibelen Terror and Liberalism, signert forfattaren og kommentatoren Paul Berman.

Han har før skrive om revolusjonære rørsler og den totalitære faren bak, mellom anna i boka A Tale of Two Utopias: The Political Journey of The Generation of 1968. Å gå til krig mot ein påstått trussel eller eit despotisk regime av humanitære grunnar, er etter den nye boka eit for slapt moralsk grunnlag. Berman vil utvide retten til krig mot alle liberalismens fiendar, tufta på «the Gettysburg Address»: Å slåst mot Saddam er å likne med frigjeringa av dei amerikanske slavane. Ikkje berre det, også Abraham Lincoln var ein talsmann for å frigjere verda, skriv Berman, som meiner europearane ikkje forstår dette. «Dei kan ganske enkelt ikkje førestelle seg korleis bruk av makt kan føre til politiske revolusjonar i fjerne verdshjørne.»

Meldaren i New York Review of Books stiller seg tvilande til Bermans tolking av Lincoln, og dei europeiske kolonimaktene var vel ikkje akkurat politiske bleikingar då dei la under seg land i fjerne strok? Med tanke på både den franske og andre revolusjonar og kva dei hadde å seie, er det vel eit stivt stykke å gje USA den historiske eineretten til å revolusjonere verda i sitt bilete?

Spørsmåla er ikkje ironisk meint, men ein alvorleg polemikk mot den nye typen militante liberalarar som i dette tilfellet også meiner at det var Lincoln si innsikt at liberalismen berre kan sigre om han blir understøtta av ein kollektiv vilje til å døy for han, noko kompromisspolitikarar av europeisk type ikkje har. Kritikaren av boka peikar på at dei genuint demokratiske intervensjonane USA har stått bak, har vore klart selektive. Men den nye historieløysa er for lenge sidan gangbar politisk mynt for ein nyomvend politisk lobby.

Kva krigen mot Irak i utgangspunktet handla om, er no uinteressant pirk. Ein Hans Blix som snakkar om nye våpeninspeksjonar, blir avvist med forakt i Washington. USA vil setje inn ein eigen tusenmannshær til å finne dei fordømte kjemiske våpna. Noko seier meg at med eit så fanatisk utgangspunkt, er dei i stand til å finne kva som helst.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |