Dag og Tid nr. 17, laurdag 26. april 2003
Leiar:
Samferdsla av sporet
Jernbaneverket har fått utarbeidd ein rapport om dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av jernbanedrifta til dei minst trafikkerte banestrekningane i landet Meråkerbanen, Raumabanen, Rørosbanen, Solørbanen, Bratsbergbanen og Arendalsbanen.
Mykje kan tyda på at dette er starten på nedlegging av dei fleste av desse banane. Nasjonal tran-sportplan prioriterer hovudstrekningane, det såkalla intercitytriangelet Skien-Halden-Lillehammer og jernbanen rundt dei store byane. I konklusjonen om Rørosbanen slår rapporten fast at «både person- og godstrafikken på Rørosbanen er mer kostbar for samfunnet å opprettholde enn et tilsvarende buss- og lastebilalternativ». No kan altså all tømmertransport frå Østerdalen det største skogsområdet vårt hamna på lastebilar.
Transportsystema i verda utviklar seg i feil retning, med stigande ureining, ulukker og skader skriv EU-kommisjonen i ein rapport. EU drøftar å innføra sterke endringar i rammevilkåra for transport, der også dei ytre kostnadene (ureining, støy, ulukker, køar, tidstap og så vidare) vert teke med i tillegg til auke i drivstoffprisane. Dette vil gjera bil og flytran-sport til taparar, og jernbane og båt til vinnarar i det nye transportmønsteret til EU.
Kva med Noreg? Det kan verta eit alvorleg problem om vi held fast på eit gammaldags transport-system basert på bilen ikkje minst når det gjeld godstransport. Same kva for tilhøve vi vil få til EU framover, kan vi bli tvinga til å godta nye rammevilkår for transport. Det er provoserande at EU i dette tilfellet ser ut til å føra ein meir miljøvenleg samferdselspolitikk enn kva vi maktar å få til sjølve.
Svein Gjerdåker
|