Dag og Tid nr. 17, laurdag 26. april 2003
Klok på bok 611:
Guten
Var lamminga i gang, ropte han Skit-Endre, han kom innom då eg var ein snartur hos han Peder i påska.
Eg veit ikkje eg, sa eg.
Veit du ikkje, sa han med kraftig trykk på første stavinga:
Det er då det viktigaste som skjer om våren!
Ja, det er mogleg det, at det er det viktigaste som skjer, men for oss som ikkje står midt oppi det, er det lett å oversjå slike viktige hendingar. Han Peder har gledd seg over å få motorsykkelen på vegen. Sjølv gledde eg meg over kvitveis og storveges raudvin i friluft på kveldstid i midten på april. Sauen har eg ikkje ofra ein tanke.
Han Olav Molven i Bergen har heller ikkje sauer i tankane: «Eg trudde dette var skrive av ein mann frå Vestlandet, frå ei øy på Møre. Men så, med list(e) og lempe, kom ho Nora frå Nordmøre siglande inn med kirurgiske inngrep. Ei moderne, kvast kuttande heks som slaktar det meste. Utkropen er ho! Ute skin sola vårleg, varmande. Det er tid for Hardanger no, høg himmel, snøkledde fjell, fuglelåt.»
Frå Gaupne sender ho Ingrid eit trollkort: «Denne boka har eg stått med i handa ein gong og tenkt ho må eg lese når eg er i humør til det. Og det er akkurat no: Slaktarmøte av Nora Simonhjell. På biblioteket fekk eg ho med ein gong frå bibliotekaren, so eg trong ikkje leite på nettet. Eg står på posta i Gaupne og skriv, fekk tak i dette kortet hos bokhandlaren passar det til Andletslyfting?» Det passar bra det, Ingrid.
«Eg huskar eg las omtalen i Dag og Tid i si tid (1999). Det spesielle namnet Slaktarmøte gjorde at eg straks skjønte kem dåkker var ute etter. Namnet er så fælt, at eg kunne aldri tenke meg å lese/kjøpe diktsamlinga, men då eg på biblioteket fann boka, vart eg likevel freista til å lese dikta hennar», skriv ho Torill Strøm på Myre.
«I 1988 kom Alina Reyes med romanen Slakteren, og i 1999 la Nora Simonhjell fram den første diktsamlinga si: Slaktarmøte. Nora si kvinne gjer som ho hos Alina: eg innleiar eit forhold til slaktaren. Men ho tenker ikkje på sex: han lånar med knivane sine (...) eg øver meg på partering. Ho er sjøl både slaktar og den som skal slaktast. Greiast slik. Og kvifor? For å sleppe slektas blikk, genanes tvang. For å bli seg sjøl, bli ein annan. Nye stader krev endringar, gjer dei ikkje? Men prosjektet hennar går i stå: eg får ikkje blodet mitt kvitt nok. Det same kan det vere: eg prøver eit anna minne», skriv han Thor Henriksen i Oslo.
Han Gunder Runde i Ulsteinvik skriv slik: «I ei av bøkene eg har lese i år, er det ein bifigur som heiter Simon Norahjell eller noko liknande. Eg kan ikkje hugse kva for ei bok det er, men lurer på om det kan vere Hippie av Arne Ruset. No veit eg ikkje om vedkomande forfattar (Ruset eller ein annan) har vorte slakta av Dag og Tid-meldaren Nora Simonhjell, og at dette var meint som eit lite spark til henne. I alle fall heiter diktsamlinga frå 1999 (debuten til Nora) Slaktarmøte, og det er såvidt eg har skjøna seg sjølv forfattaren slaktar. Den andre boka til Nora Simonhjell heiter Kvassare, men var visst ikkje det likevel, skal ein tru meldarane. Elles kan eg ikkje protestere på Annie sine kommentarar om mine manglande tribuneslitareigenskapar, men eg har faktisk ein gong vore på veg inn på Høddvoll, men snudde før eg kom så langt. Det var til og med den kampen der Hødd slo ut Rosenborg i cupen, kva seier trønderen Annie til det», undrar han Gunder. Vi ventar spent. Forresten
Gunder: Det var ikkje han Arne Ruset som skreiv om han Simon Norahjell, men ein urban osloforfattar som eg i farten ikkje hugsar namnet på.
Han Eirik Helleve i Volda har fått blod på tann: «Eg veit ikkje om du fører toppskårarliste, men sidan eg greidde Hornby-oppgåva for to veker sidan, og Duun førre veka, får eg kanskje kreditert eit hat-trick dersom eg greier Simonhjell denne veka», spør han Eirik. Gratulerer, seier eg.
Gopningane er framleis med i kampen. Eg gir ordet til ho Ellen Pauline Borch: «Det vart ei intens lesestund då eg fann fram til boka. Eg vart både stum, undrande og gyste til hovudpersonen sine aktivitetar. Det er ikkje kven som helst som driv sjølvpartering. Gjennom dei bloddryppande sidene undra eg meg på kva motivet bak desse grufulle overgrepa er. Har vi med ein masochist å gjere? Eller ein person som ønskjer å pine og straffe seg sjølv før total utslettelse/død? Det verkar temmeleg lystbetont, så det første er vel kanskje mest sannsynleg», skriv ho Ellen Pauline som ikkje orkar å tenkje meir på denne boka sjølv om ho er «grueleg god og språket forferdeleg bra».
Ho Målfrid Utne på Lofthus vinn denne veka. Gratulerer!
Klok på bok 611
Du er så rar.
Du berre smiler.
Du har grøn jakke
og lyst hår
og liten nase
og store støvlar
og brød i handa
og baklommer bak.
Deg har eg lyst til å leike med.
Denne forfattaren har skrive mange fine dikt for barn. Eg trur oppgåva er lett for røynde klok på bok-karar og -kvinner, men eg gir likevel eit par stikkord til: Forfattaren er fødd i 1940 og samlar på mangt og mykje, seier ryktet.
Sprei fleire rykte til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 2. mai.
Paula på posta
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|