Dag og Tid nr. 17, laurdag 26. april 2003
Bøker:
Meir å hente enn i dei fleste bøker
Ein kan ikkje vera anna enn audmjuk i møtet med romanen Menneskenes jord av den indonesiske forfattaren Pramoedya Ananta Toer, skriv Steinar Lillehaug.
ROMAN
Pramoedya Ananta Toer:
Menneskenes jord
Frå engelsk ved Kjell Olaf Jensen
Pax
Boka blei til medan forfattaren sat fengsla for meiningane sine, fortald til medfangar og notert ned i løyndom, som den første i ein serie på fire romanar. Serien fekk namnet «Buru-kvartetten» etter øya der Pramoedya sat internert. Det er tretti år sia historia blei fortald; ho vart nedskriven to år seinare, og nå, i 2003 har norske lesarar fått høve til å lesa romanen.
Sjølv om forfattaren er fengsla for meiningane sine og skriv med fare for liv og helse, treng det sjølvsagt ikkje vera stor litteratur han skapar. Det er ikkje sikkert denne romanen er eit storverk heller, men at det er ei viktig bok som ruvar over det meste av det som kjem ut på norsk, skal det ikkje vera tvil om. Pax forlag gjør ein stor innsats for å leggja til rette for at vi skal bli kjende med sentral litteratur frå den tredje verda og skal ha takk for denne boka òg. Og omsetjar Kjell Olaf Jensen har som vanleg gjort eit respektabelt arbeid.
Koloni
Forteljinga går føre seg på Java i 1898. Nederlendarane er koloniherrar på øya, og det er eit samfunn med eit strengt hierarki vi møter. Europearane er sjølvsagt på toppen av pyramiden; under dei er indoane folk med både europeisk og javanesisk blod, medan dei innfødde er på botnen. Men det eksisterer eit innfødd adelskap der, og desse har dei same rettane som koloniherrane. Hovudpersonen i boka Minke er ein ung adelsmann. Som dei fleste andre javanesarane er han muslim, og moralsynet hans er prega av religionen, som elles ikkje speler særleg rolle i romanen.
Sjølv om Menneskenes jord berre er tretti år gammal, har vi å gjera med ein tradisjonell realistisk roman. Dette viser både temaet, valet av karakterar og måten forteljinga blir fortald på. Pramoedya skildrar eit samfunn i forandring, og han gjer det på den måten at han har skapt ein romanfigur som lett kan ta seg fram i alle samfunnslag og ulike miljø på Java. Minke kjem frå den innfødde overklassen, og far hans blir utnemnd til bupati ein slags fylkesmann i løpet av romanen. Han er intellektuell og den einaste javanesaren som har fått høve til å utdanne seg ved det hollandske gymnaset på øya. Men trass i alle privilegium er han seg sterkt medviten at han tilhøyrer ein undertrykt nasjon, og han kjenner seg forplikta til å forsvare folket sitt mot forakta frå koloniherrane. Han kjenner seg også forplikta til å gjera så godt arbeid som mogleg
for å vise omgjevnadene at ein ikkje har eit lyte om ein manglar europeisk blod i årene, og på dette området lukkast han svært godt.
Herskapshuset
Boka tek til med at Minke kjem inn i huset til ein av dei rikaste europearane i området. Han får god kontakt med den innfødde konkubina til denne hollendaren, og det veks raskt fram eit kjærleiksforhold mellom Minke og dottera i huset. Det viser seg at mannen i huset heilt har mista grepet om både livet og forretningane; i staden held han til i eit horehus i nærleiken. Ho som kom inn i huset som sengehyggje har tatt styringa over så vel økonomi som kvardagsliv, og Pramoedya bruker denne tredobbelt undertrykte kvinna til å vise potensialet hos både javanesarar, kvinner og fattigfolk. Ho oppmuntrar kjærleiken mellom Minke og dottera, først og fremst av di ho ser at dei er bra for kvarandre, men truleg og fordi ho treng den legitimiteten det kan gi ho sjølv som heilt og dottera som halvt innfødd.
Minke byrjar straks å kalle denne kvinna Njai Ontosoroh for mamma, og ho behandlar han omtrent som ein son. Ho har ein eigen son òg, som forsvarar far sin samtidig som han tek etter han, og han blir så sjalu på Minke at han ønskjer å drepa han. Minke har empati nok til å forstå kjenslene hans, mens trugsmåla frå denne Robert er noe av det som får han til å kjenne kor utsett han kan bli, som stikk seg fram. Han giftar seg med ho han er glad i, og like etter døyr svigerfaren. Minke får for alvor oppleve at det er europearane som rår på Java, og sjølv om han har aldri så mange privilegium, klarer han ikkje å hindre at kona blir tvinga til å reise frå landet. Det er dette som avsluttar romanen, men det er tre til i tetralogien...
Mykje å hente
Menneskenes jord er ein alvorleg roman, fortald utan humor, men i ein tone som ofte er munter. Pramoedya er javanesar, og han er på parti med javanesarane, både som lesarar og som romanpersonar. Forteljarstilen er velsigna fri for ironi; alle blir teke på alvor, anten dei er i vekst eller fall. Skal ein karakterisere forteljinga med adjektiv, kan det passe med «oppriktig» og «truskuldig». Det kan hende at den moderne europeiske lesaren hadde vore meir nøgd om personane ikkje var så føreseielege; det er ingen av dei som opptrer overraskande noen stad i handlinga. Men slik er det hos Dickens òg, om eg ikkje hugsar feil.
Det er meir å hente i Menneskenes jord enn i dei fleste bøker ein får mellom hendene. Eg håper at mange vil lesa denne boka, og at forlaget har høve til å gi ut også dei andre bøkene i Buru-kvartetten.
Steinar Lillehaug
|