Dag og Tid nr. 17, laurdag 26. april 2003
Bøker:
Utan indignasjon og etterpåklokskap
Uten skjebne når ikkje det same intense nivået som Kaddisj for et ikke født barn, men større dramatikk på det ytre planet, skriv Oddmund Hagen.
ROMAN
Imre Kertész:
Uten skjebne
Omsett av Kari Kemény
Pax
Debutromanen til Imre Kertész frå 1975, Uten skjebne, var planlagt utgjeven på norsk våren 2003, men då forfattaren fekk nobelprisen i fjor haust, blei boka framskunda til desember 2002. Det er den andre boka hans i norsk omsetjing. Frå før ligg Kaddisj for et ikke født barn (2002) føre, og saman med Fiasko (på svensk 2002) dannar dei tre bøkene ein eineståande Auschwitz-trilogi i europeisk etterkrigslitteratur.
Det tok forfattaren 15 år å fullføre verket, ikkje på grunn av omfanget, kanskje meir på grunn av den personlege bearbeidinga av stoffet, kanskje også på grunn av litterær uforstand og motstand under kommunistregimet i Ungarn, for det er ingen løyndom at det her dreier seg om Kertész sine eigne erfaringar som overlevande ungarsk jøde frå Auschwitz-Birkenau, Buchenwald og den mindre leiren Zeitz, frå sommaren 1944 til han var heime i Budapest igjen sommaren etterpå. Vinklinga hans på stoffet var politisk ukorrekt, og han hadde lenge problem både med forleggar og forlagsredaktørar.
Offer for ondskapen
Auschwitz blir det store skiljet i livet hans, det eine året han endå som skuldlaust barn blir offer for den banale ondskapen og vender tilbake til livet med erfaringane til eit heilt folk, utan å hate, utan ønske om hemn, men med ei grunnleggande innsikt i korleis ein kan overleve den utryddinga ein blir stilt overfor, korleis ein gong på gong kan lure døden og lagnaden og vende tilbake til eit slags liv etterpå. Samtidig som det ikkje er eit liv, samtidig som ein må be for det barnet som aldri blei fødd på grunn av Auschwitz, samtidig som ein grev si eiga grav i lufta, som det heiter i Kaddisj... med tilvising til alle dei som fekk si grav gjennom røyken frå krematoriepipene, ei grav i lufta.
Det som skil Kertész sine bøker, og spesielt Uten skjebne ut frå det meste som er skrive om utryddingsleirane og konsentrasjonsleirane, er at han gir ei samtidig skildring, utan det bakteppet av etterpåklokskap som pregar så mykje av leirlitteraturen. Kertész hamnar i Auschwitz som fjortenåring, og frå før har han har eit godt inntrykk av tyskarane, dei er ryddige og ordentlege, dei vil det beste for alle, og han opplever det heile gjennom det truskuldige barneblikket. Det er ikkje så ille, det er til å leve med, og på seleksjonen identifiserer han seg med legane som viser fangane til den eine eller den andre sida, han finn det naturleg at dei svakaste blir tatt til sides, rett og slett fordi han ikkje veit betre og er utan kunnskap om kva som ventar, og under transporten til Auschwitz irriterer han seg over ei eldre kvinne som ropar og ropar i togvogna, i dagevis, heilt til det blir stille, og han opplever det som
ein lette. Men på eitt eller anna vis må han ha ant noko, for på oppmoding frå andre fangar, lyg han på alderen under seleksjonen og seier han er 16 og dermed arbeidsdyktig. Det reddar livet hans i første omgang.
Utan indignasjon
Han blir ikkje lenge i Auschwitz, berre fire dagar, men lenge nok til at han ser kva som skjer, anar kva som ventar, han blir innvigd i røyken frå krematoria og blir dermed skjerpa i viljen til å overleve, på ein eller annan måte, først og fremst ved å tilpasse seg, gå midt i flokken, gjere det nødvendige, spare på rasjonane, passe seg for vaktene.
Frå Buchenwald, ironisk omtalt som «denne pene konsentrasjonsleiren», hamnar han i Zeitz, «en liten, fattigslig, avsides, liksom provinsiell konsentrasjonsleir.» Alt blir verre etter som tida går, han blir sjuk og hamnar på Revier og alt omkring han forsvinn i feberdraumar og utydelege glimt utan at han kan gjere noko med sin eigen situasjon. Han er heilt i hendene til legane og medfangar som steller han, og sakte kjem han seg igjen etter at han er sendt tilbake til Buchenwald for ein slags rekreasjon. I mellomtida er krigen tapt, SS rømmer leiren, og dei politiske fangane overtek styringa inntil transportane tilbake til heimlandet kjem i gang.
Det er sjølvsagt scenar med vilkårleg råskap og mishandling, kvar dag blir det henta lik ut av køyene, alt ein kjenner frå leirane er også med hos Kertész, men utan indignasjon, utan raseri, berre som nær sagt sjølvsagde registreringar av at slik er det, slik er livet akkurat her og no, og ein kan ingen ting gjere med det anna enn å tilpasse seg, få dagane til å gå og finne trøst i fantasien, lure seg unna når sjansen er der, spare på kreftene, lære seg dei knepa som gir størst sjanse til å overleve.
Språket er omstendeleg, snirklete, Thomas Bernhard-aktig, med til dels lange, observerande setningar med mange innskot, reservasjonar og digresjonar. Det er eit språk som reflekterer over seg sjølv mens det blir forma, eit språk som leitar seg fram i mørkret etter dei rette orda som kan stå på papiret og vitne om det som hendte. Enda lenger i dette undersøkande språket går Kertész i Kaddisj for et ikke født barn der setningane kan gå over ei heil side, der det knapt nok er avsnitt eller pausar i framstillinga, men ein kvernande, repeterande og insisterande tankestraum som vil til botnen i noko eller nærme seg grensa til togn. Både språkleg og litterært er Kaddisj... eit meisterverk, Uten skjebne når ikkje det same intense nivået, sjølv om ho byr på større dramatikk på det ytre planet. Likevel: begge bøkene er vesentlege bidrag i den omsette
litteraturen her til lands, og etter å ha lese dei, undrar ein litt over at ingen har oppdaga Imre Kertész før.
Men Svenska Akademien hadde sett han.
Oddmund Hagen |