Dag og Tid nr. 17, laurdag 26. april 2003
Bøker:
Globalisering som ideologi
Det er naivt å tru at miljøtrugsmål av apokalyptiske dimensjonar skal skape ein internasjonal solidaritet, skriv tysk filosof i ny bok.
SAKPROSA
Rüdiger Safranski:
Wieviel Globalisierung verträgt der Mensch?
Hanser Verlag
Kvar tid har si tidsånd, sine «tankar som tenkjer seg sjølv». Den tyske filosofen Rüdiger Safranski har skrive ei ideologikritisk bok om førestellingar kring fenomenet globalisering. Gjennom knappe 120 sider kan lesaren nyte ein filosof som har kome ut frå dei indre, faglege gemakkar og skitna til fingrane gjennom begripeleg formidling av dagsaktuelle tema. Føremonen til filosofien er presisjon i omgrep og kunnskapen om kva andre i tidlegare tider har tenkt om emnet. Den knappe og pregnante stilen gjer at boka rekk over mange aspekt,
eg vil berre nemna nokre få av dei.
Safranski spør om det er klokt å svekka nasjonalstaten til fordel for kollektive strategiar på vegner av heile menneskeætta. Vel kan ein tala om eit verdssamfunn når det gjeld kommunikasjon, men ein felles dagsordenen er ikkje i stand til å skipa eit fellesskap i tydinga eit handlande og ansvarleg subjekt. Berre statar og frivillige forbund av statar har makt, menneskeætta kan ein alltids bruka som besvergelsesformular, men i røynda er det makta som rår.
Naiv tru
Å tru at dei miljøproblema som trugar med å få apokalyptiske dimensjonar skal skape ein internasjonal solidaritet, er etter forfattaren naivt, då det føreset ein global konsensus basert på ei opplyst innsikt i kva som tener eigeninteressa til alle. Men den historiske interessekampen er ikkje berre driven fram av ulike materielle interessegrupper, slik det vulgær-materialistiske og post-religiøse Europa lèt til å tru.
Mange aktørar slåst for ideologiske/religiøse mål som nettopp ikkje kan reduserast til kamuflert eigeninteresse. Dessutan vil alle dei som sit på eit utkast til heilskapstenking på vegner av menneskeætta som skal gjere ende på naud og krig, snart få hendene fulle med å kjempe mot andre, konkurrerande utgåver, noko marxisme-historia er det beste døme på.
Safranski tvilar på at den normative verdsborgarskepsisen mot alt som minner om nasjonalisme er vel gjennomtenkt. Det rette og viktige idealet om å heva blikket utover det lokale, rikkar ikkje ved at det å høyra heime ein stad er ei grunnleggjande trong.
Vel kan vi reisa og kommunisera globalt, men bu kan vi berre her eller der. Eit menneske som ikkje er situert i ein eller annan lokal samanheng, er ein ideologisk abstraksjon, det finst ikkje i røynda. Den som kjenner seg trygg på sin eigen ståstad, kan òg i større mon våga å vera open for det ukjende og framande enn dei som har kjensla av at heile deira kjende, gamle livsverd vert feia bort av ei global utvikling, pressa på dei utanfrå.
Interessant
Når dei gamle nasjonale fellesskapa forvitrar og vert irrelevante som politisk arena på grunn av globaliseringa, vert forståinga av det nasjonale «etnifisert». Då vert berre dei primitive teikna på likskap attende: Språk og hudfarge. Det var ikkje dét som var meininga åt dei idealistiske verdsborgarane. Det hadde vore gledeleg om ein tenkte globalt og handla lokalt. Som regel skjer nett det motsette: Apostlane til den økonomiske globaliseringa forfølgjer den mest lokale og bornerte eigeninteressa, men med øydeleggjande globale følgjer.
Kva er no dette for ein pessimist?
Noko nasjonalistisk stammeskrik er denne boka slett ikkje. Kanskje heller ein nøktern antropologi som åtvarar oss mot å enda opp «dit vi ikkje vil» ut frå dei aller beste formåla. Dessutan har boka ei interessant drøfting av ulike måtar å ta verda inn over seg på. I kor stor mon er det naudsynt å skapa seg sin eigen ståstad og syta for si eiga utvikling også når dette fører med seg at ein tidvis må sjalta ut bombardementet av inntrykk utanfrå. Forfattaren syner oss gjennom sit eige eksempel at avstand og fordjuping kan skapa klårleik og perspektiv på det dagsaktuelle. Noko opphøgd jammer frå elfenbeinstårnet er dette så visst ikkje. Ei begripeleg framstilling av filosofen Kant sine tankar om ein internasjonal rettsorden, står fram som det positive alternativet til forfattaren sitt . Boka er truleg like dagsaktuell om ti år og hadde difor sikkert kunna
forsvara ei norsk omsetjing.
Ivar Bakke |