Dag og Tid nr. 15, laurdag 12. april 2003

Krigen mot Irak:
– Det umoglege demokratiet
Draumen om det verkelege demokratiet i Irak vart øydelagt då den første raketten vart skoten mot Irak, seier Walid al-Kubaisi.

Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no

– Du har sett Saddam-statuen falla i Bagdad. Kva tenkte du då?

– Eg vart både glad og nervøs. Glad fordi Saddams diktatur er over. Men nervøs for at Saddam kan koma til å bruka kjemiske våpen, og eg er redd for all lovløysa i Bagdad.

– Men Bagdad fall raskare enn du trudde?

– Irakarane hadde eit historisk val. Enten å forsvara landet og behalda den nasjonale æra, eller kapitulera i skam utan kamp. Den nye generasjonen ville ikkje ha tilgjeve dei det siste. Men irakarane er pragmatiske og kjenslene deira snur seg ekstremt raskt. Heile historia syner dette. Dei har kjempa, men såg raskt at det ikkje nytta. Den vanlege soldaten venta på eit tidspunkt der han kunne kapitulera utan å ofra livet.

– Kjempar ikkje irakarane like mykje av tvang som av vilje? Dersom dei ikkje hadde kjempa, ville dei vorte drepne av sine eigne offiserar?

– Sjølvsagt er det også tvang inne i bildet. Dei som ikkje kjempar, vert drepne eller fengsla. Men eg trur dei fleste var motiverte ut frå nasjonalkjensle. Særleg etter å ha sett alle dei sivile som har vorte drepne under denne krigen.

– Er du overraska over alle jubelscenene i Bagdad?

– Irakarane er vande med å gå på gata for å jubla. Etter 30 år med diktatur har dei vortne tvinga til å jubla for å overleva; om det er for Saddams siger eller for amerikanarane.

– Men no reduserer du eit heilt folk til opportunistar?

– 30 års diktatorisk oppdraging har vanskapt folket si åtferd. Irakarane må føla seg heilt trygge for å kunna visa det dei verkeleg føler og meiner. Dei kan ikkje gløyma terroren til Saddam og dei amerikanske bombene. Det irakiske folket er ikkje som det norske. Vi har ikkje opplevd å kjenna oss trygge.

– Mange vil vel også jubla av glede?

– Sjølvsagt. Dei som er i fengsel, og dei som har opplevd undertrykkinga på kroppen. Men eg jublar ikkje før eg får sett resultatet av denne krigen.

– Men mor di, er ho glad?

– Heilt sikkert. Ho grin nok av glede og vil besøke grava til mannen og sonen sin – og gratulera dei.

– Viser ikkje det at det er gode argument for denne krigen?

– Nei. Saddam kunne ha falle utan krig og utan å splitta verda.

– Kor viktig er det for irakarane at Saddam Hussein vert fanga?

– Det er svært viktig – daud eller levande. Det vil gjera at dei som enno kjempar, lettare kan gje opp og i tillegg vil irakarane lettare føla seg trygge. For irakarane kan det vera rett at han vert fanga av amerikanarane. Det vil auke Saddams audmjuking.

– Trur du Saddam vil la seg fanga i live?

– Han er upåliteleg. Det er umogeleg å svara på.

– Korleis reagerer den arabiske verda på den amerikanske sigeren?

– Den arabiske nasjonen opplever no eit nasjonalt nederlag på line med nederlaget i Palestina, seks-dagarskrigen og krigen mot Israel i 1973. Sjela til det arabiske folket er knust, og såret vil ikkje verta lækt. Det var ufatteleg dumt av dei amerikanske soldatane å plassera det amerikanske flagget på hovudet til Saddam-statuen. Det stadfestar invasjonsstyrkarane som okkupantar. Hadde dei kome for å frigjera Irak, ville dei brukt det irakiske flagget.

– Trur du at Irak kan verta eit demokrati?

– Nei, i så fall vert det eit skinndemokrati, av den typen du ser i Afghanistan der USA dikterer lagnaden til landet utan omsyn til folket. USA har ikkje tidlegare vist at dei er viljuge til å pressa sine allierte land til demokrati. Sjå på Saudi-Arabia eller Jordan.

– Men om du ser langt fram i tid?

– Draumen om det verkelege demokratiet i Irak vart øydelagt då den første raketten vart skoten mot Irak.

– Kva er det som har overraska deg mest i denne krigen?

– At Saddam Hussein ikkje har brukt kjemiske våpen. At krigen har vart så lenge, og at så mange sivile er drepne. I den førre krigen var det først og fremst CNN som viste bilete frå krigen. I denne krigen har den arbiske TV-kanalen Al-Jazeera vist at krigen er ein katastrofe for dei sivile. Vestlege media, som NRK og TV 2, får ikkje fram råskapen som krigen skaper.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |