Dag og Tid nr. 14, laurdag 5. april 2003
Roald Helgheim:
Kor langt aust er aust?
Dagen vart berga av Arundhati Roy. Den indiske forfattaren av Guden for små ting slo i The Guardian onsdag til med eit essay mot krigen og den vestlege dobbeltmoralen som får tapetet til å flakne. For eit lys i mørket i ei tid Christian Borch med bekymra mine spør Bjørn Hansen om korleis felttoget vårt går no, og den siste læst vite meir enn dei fleste kan lese og sjå seg til, i ei NRK-dekning som etter at lynfelttoget ikkje vart så lett likevel, nærmar seg ein parodi. Eg har skrive det før, og eg tek det opp att: Myten om den nøytrale krigsjournalistikken er vår tids sjølvbedrag, og ein må vere journalist for ikkje å sjå det, så naive som dei framstår i runden til fagbladet Journalisten blant krigsreporterane. Toppen blir nådd av TV2s utsende, «embedded» blant dei amerikanske invasjonsstyrkane, som seier ho kan gå fritt rundt i den amerikanske
militærleiren og spørje om kva ho vil!
I den gnistrande artikkelen «A Strange Kind Of Freedom» skildrar Arundhati Roy opplevinga si då ho på første invasjonsdag såg ein «embedded» CNN-reporter snakke med ein amerikansk krigar som sa «I wanna go in there and get my nose dirty. I wanna take revenge for 9/11». Arundhati gir likevel CNN-reporteren kredit for med veik stemme å ha antyda at linken mellom 9/11 og det irakiske styret ikkje er så opplagt. Menig AJ såg på CNNs mann ein augneblink og sa: «Yeah, well that stuffs way over my head». No er det framleis minst 40 prosent i USA som trur at Saddam Hussein er direkte ansvarleg for åtaket på World Trade Center, og over 50 prosent trur Hussein finansierer Al Qaida. Men kva veit soldatane i felten? Arundhati spør kvifor dei skal bry seg i det heile tatt, for det har ingen ting å seie. Hundretusenvis av menn med utstyr ned til siste dorull er i rørsle. «Den
fenomenale logistikken til Operasjon Iraks Fridom gjer han til eit univers i seg sølv. Han treng ikkje rettferdiggjere eksistensen sin lenger. Han er.»
Etter to veker er han framleis. Han gjekk ikkje heilt etter boka, men håpefulle «nøytrale» overskrifter seier at no er det like før. Eg spelar ikkje nøytral, men i gleda over britisk-amerikanske tilbakeslag er sinnet over den vedvarande dobbeltmoral blant politikarar og media mykje sterkare. Det deler eg altså med Arundhati Roy, som dundrar laus mot ein moral som seier at det er lov å bombe attende til steinalderen eit land Vesten først selde våpen til, og sidan har brote ned gjennom sanksjonar. «Operasjon Irakisk Fridom? Eg tykkjer ikkje det. Det er meir lik Operasjon Lat Oss Springe Om Kapp, men Lat Meg Brekke Beina Dine Først». Ho rasar mot den systematiske mistenkjeleggjeringa av alt som kjem frå irakisk hald, mens alt som kjem frå angriparen er gudsens sanning, inkludert bortforklaringa av drap på sivile. Etter å ha sleppt tusenvis av bomber over Bagdad, inkludert ein marknad midt i
byen, antyda ein militær amerikansk talsmann at dei har bomba sjølve. «Dei brukar gamle saker. Rakettane deira går opp og fell rett ned att». Om så er, spør forfattaren, korleis kan Irak vere ein trussel mot verdsfreden?
Kommentaren skulle ha vore sitert i sin heilskap, men det finst reglar mot slikt. Arundhati Roy skriv at det kan godt hende at om Saddams regime fell, vil det bli dansa i gatene i Basra. Men om Bushs regime skulle falle, ville det bli dansa i gatene over heile verda! Ho fortel om då ei fem millionar dollars last med forsyningar til Irak i fjor sommar vart blokkert av Bush og Blair. Det var ikkje det heilt store nyhendet, men når 450 tonn humanitær hjelp etter dagar med bombetokter kom med det britiske skipet «Sir Galahad», fekk det live fjernsynsdekking heile dagen. Ein leiar for eit kristent hjelpeprogram kommenterte i The Independent at det måtte 32 Sir Galahads-laster til kvar dag for å vege opp for skadane etter bombinga. I mellomtida kjempar fjernsynsfotografane om dei beste bileta av folk som slåst om matsmulane.
Så grotesk blir dette felttoget sett med andre auge enn okkupantane sine og dei «nøytrale» journalistane deira. Og Arundhati gir seg ikkje: Om Saddam hadde hatt brøkdelen av dei kjemiske våpna han blir skulda for, har han vist eit uvanleg ansvar i lys av den amerikansk-britiske provokasjonen. «Under liknande omstende (lat oss seie om irakiske troppar bomba New York og truga Washington DC) kunne vi vente det same frå Bush-regimet? Ville dei la tusenvis av atomstridshovud ligge nedpakka? Kva med dei kjemiske og biologiske våpna dei har? Kva med behaldninga av anthrax, koppesmitte og nervegass? Ville dei? Orsak meg mens eg ler».
Eg har eit særleg formål med å sitere denne kommentaren. I ein kronikk i Aftenposten 29. mars skal den polskfødde forfattaren og kulturhistorikaren Nina Witoszek forklare «Hvorfor Øst-Europas intellektuelle støtter krigen». Namna er Vaclav Havel, Adam Michnik, Czeslaw Milosz, György Konrad og Wolf Biermann, men ho tek like godt med Hans Magnus Enzensberger, Salman Rushdie og Oriana Fallaci også. Dersom så mange «med mot og integritet» står på USAs side, kva då?
Med all respekt er motspørsmålet så enkelt: Kvifor skal Irak bli bomba til støv for det Aust-Europa har lidd? Aust-Europa frigjorde seg på fredeleg vis. Skulle Vesten heller ha bomba alle landa fri? Lenger aust enn det gamle Europa ligg det kontinentet denne krigen verkeleg vedkjem, som ser ei umetteleg verdsmakt rykke nærare. Eg lyttar heller til ei stemme frå ein rasande intellektuell i New Delhi, enn til dei som vil hemne si aust-europeiske fortid med ein krig endå lenger aust.
|