Dag og Tid nr. 14, laurdag 5. april 2003

Minneord:
Ein vegg er borte

Herbjørn Sørebø kunne me alltid lita på. Kvar fredagsmorgon låg det klart eit nytt synspunkt i Bladstova. Sist fredag kom det ingenting...


Me visste at det stod svært dårleg til, men likevel vona me. Kanskje ville det snu seg, kanskje var han forseinka med «spalta», men nei. Laurdags føremiddagen sist veke kom meldinga som me frykta.

Det er lenge sidan Herbjørn Sørebø vart sjuk, men likevel har han vore trufast mot Dag og Tid. Kvar einaste veke har han levert nye synspunkt.

Ei veke utan

Det byrja den 7. november 1975, og sidan har lesarane kunna gleda seg over synspunkta til den samfunnsengasjerte sunnfjordingen. Både sommar som vinter. Både frå innland og utland.

Eg veit ikkje kva eg kjem til å blande meg bort i, men eg kjem ikkje til å spørje deg, herr redaktør, kva eg skal meine
, skreiv han i den første spalta.

Det har han neppe gjort, men han har likt å diskutera. På alle desse åra skal det ha hendt berre ein gong at Dag og Tid var utan Herbjørn Sørebøs synspunkt. Kva som skjedde den gongen, veit eg ikkje for visst. Kanskje var det postverket som hadde skulda, eller kanskje var det ein Dag og Tid-tilsett som gløymde att artikkelen på eit kafébord. Herbjørn hadde i alle fall gjort jobben.

I nærare 28 år har Herbjørn Sørebø vore fast spaltist i Dag og Tid, og han har levert 1365 artiklar – grovt rekna. Eg veit ikkje for visst om nokon norsk spaltist som har vore like trufast mot avisa si.

Herbjørn fekk fleire tilbod om å vera spaltist i større aviser, men han takka nei. Han ville skriva i Dag og Tid, og alle artiklane har den tidlegare styreformannen i vekeavisa skrive gratis. Me takkar og bukkar og torer ikkje summera opp kor mykje me er skuldige både på det eine og det andre viset...

Vekte glede

Ein gong fortalde Herbjørn at han fekk like mange kommentarar på spalta si i Dag og Tid som på kommentarar etter eit fjernsynsprogram. Ein artikkel var han spesielt glad for å ha skrive. Det var den som tok for seg hatet mot Olof Palme. Det var på den tida då Trygve Bratteli døydde, og i samband med det var det eit arrangement i Oslo. Der var Olof Palme, og han takka Herbjørn Sørebø for det han hadde skrive i Dag og Tid. Den svenske statsministeren hadde til og med artikkelen i lomma.

Kosta mykje

Når ein er spaltist i ei vekeavis, er det lett for at du anten er for seint eller for tidleg ute.

– Eg er nøgd om eg greier å få sagt noko viktig om samfunnet. Greier eg å få folk til å dra på smilebandet, er det bra, sa Herbjørn i eit intervju for eit par år sidan.

Ofte kosta det å finna på noko originalt til «spalta», og den siste tida kosta det svært mykje. Før Herbjørn måtte på Radiumhospitalet siste gongen, sørgde han for å opparbeida eit lite lager. Han skreiv synspunkta sine på papir i sjukesenga, og sonen skreiv dei inn på datamaskina og sende dei til Dag og Tid.

Eg kjem alltid til å hugsa Herbjørn Sørebø, spesielt for dei gode replikkane og de artige historiene. Sjølv om all von såg ut til å vera ute, hadde han ein munter replikk. Eg kjem aldri til å gløyma den siste telefonen frå Radiumhospitalet. Gledestrålande fortalde Herbjørn om lækjaren og sjukepleiaren som kunne så mykje om Jakob Sande. Dei hadde pusta nytt liv i sunnfjordingen – for ei lita stund...

Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |