Dag og Tid nr. 14, laurdag 5. april 2003

Leiar:
Feilvurdering

Sjølvmordsaksjonen i Irak kan få katastrofale følgjer for den vidare krigen. Dei amerikanske soldatane er vortne livredde eit kvart møtande køyrety og menneske. Dei tek alle førehandsreglar og kan kjenna seg trua til å skyta ved minste mistanke. Resultatet er fleire drepne og at mange vert hardhendt kroppsvisiterte, noko som tek seg svært dårleg ut på arabisk fjernsyn.
Pentagon planla ein lynkrig. Raskt og effektivt skulle styrkane til Saddam Hussein demoraliserast og regimet fjernast. Det har slått feil. Dei venta at irakarane ville jubla. Det har også slått feil.

Amerikanarane har gjort dårleg førearbeid. Dei har undervurdert den irakiske nasjonalkjensla. No gjeld det for irakarane å kjempa mot amerikanarane, etterpå kan dei kvitte seg med Saddam Hussein, som Walid al-Kubaisi seier her i avisa. Sjølv bror hans, som har vore 15 år i fengsel under Saddam Hussein sitt regime, vil no slost mot amerikanarane. Resultatet er at invasjonsstyrkane truleg må kjempa seg heilt fram til sentrum av Bagdad. Byen må erobrast kvartal for kvartal. Vi kan få eit nytt Grosnyj og freden kan vanskeleg vinnast.

Diverre har ikkje berre amerikanarane teke for lett på denne krigen. Noregs største avis, VG, støttar krigen, likeins Framstegspartiet, Noregs største parti på meiningsmålingane. Og den norske utanriksministeren får seg enno ikkje til å kritisera amerikanarane.

Svein Gjerdåker


Herbjørn Sørebø

Herbørn Sørebø har gått bort. Vi takkar for alle tankar han delte med Dag og Tid-lesarane kvar veke gjennom 28 år og lyser fred over minnet hans.

Dag og Tid

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |