Dag og Tid nr. 14, laurdag 5. april 2003

Klok på bok 609:
Andletslyfting

«I serien merkelege samantreff er me no komne fram til dette: Same dag som eg for aller, aller fyrste gong får tolv rette i tipping, kjem det ei fotballinspirert klokpåbok-oppgåve. Sitatet er henta frå boka ‘Fever Pitch’, som på norsk sikkert heitte noko heilt anna, ei bok som gjev eit godt bilete på korleis det er å vera engasjert tilhengjar av gromlaget Arsenal. Sjølv kjøpte eg boka i London 30. desember 1993, dagen etter at eg hadde vore på Highbury og sett Arsenal slå Sheffield United 3-0 (to mål av Kevin Campbell, eitt av Ian Wright). Etter den solide sigeren i kvartfinaleomkampen mot Chelsea skal forresten Arsenal igjen møta Sheffield United, i semifinalen i FA-cupen 13. april, og etter alt å døma vert det ein god dag både for meg, og for forfattaren av boka, Nick Hornby
», skriv han Eirik Helleve i Volda.

Inspirert av merkelege samantreff gir eg premien til deg Eirik. Gratulerer med sigeren! Det gjekk ikkje så bra då Arsenal møtte Valencia i Champions League. Ein vakker nordmann sette ballen i feil mål to gonger, i alle fall sett frå arsenaltribunen.

Vi held oss på Nordvestlandet eit bel til: «Forfattaren vi skal fram til, er Nick Hornby, og boka er ‘Fever Pitch’. Eg trur ho heiter ‘Tribunefeber’ på norsk. I motsetning til min gode nabo Gunder Runde lir også eg av tribunefeber. Hødd er fotballfavoritten her i Ulsteinvik. Så for ein gongs skuld hadde du laga ei oppgåve eg syntest var lett», helsar ho Annie Storaune.

Ho Annie ymtar om at han Gunder ikkje er nokon fotballelskar, men han har storsinn nok til å ta oppgåva alvorleg: «Når ein tenkjer på kor populær fotballen er i det norske samfunnet, er det i grunnen merkeleg at det ikkje er fleire forfattarar som skriv om denne aktiviteten. Sjølvsagt har vi radarparet Solstad/Michelet, men dei gir vel bøkene sine omkring fotballen ei nærmast dokumentarisk form. I farten kjem eg ikkje på andre enn Ingar Skrede med ein artig roman frå ca. 1970-talet: ‘Fotball! Plymouth!’. Men denne gongen var det altså ein utlending. Eg tar sjansen utan å gå inn på tidkrevjande risørtsjarbeid, og satsar på Nick Hornby og ‘Tribunefeber’. Er det gale så er det gale, tenkjer eg vi seier

Du har så rett så rett, Gunder. Brukar ein hovudet, kjem ein lagt både på og utanfor fotballbanen. Det var nytt for meg at det er så tett mellom Dag og Tid-abonnentane i Ulsteinvik. Hyggjeleg for dei i bladstova, det.

Ho Gyro Knutsdotter Homme har sendt meg eit gult kort frå Kristiansand, men det var heldigvis ikkje så farleg som eg frykta: «Sender eg no eit gult kort til ho Paula (og eg likar tanken på at ‘på posta’ er i ein gamal lenestol, ved postkassa i vegkanten, med eit ullpledd over knea, og kaffikoppen i dei snart grønkande grastustane ved sida – mykje betre enn at det er framføre ein dataskjerm innandørs; difor sender eg heller kort enn skjermbrev), er det ikkje av di påska nærmar seg eller eg held med noko gult fotballag; men av di sola vermer godt inn kjøkenglaset no og ho er gul og det er i det heile herleg. Kanskje er det sola som oppmodar til å ta sjansar. For når eg no kjem med framlegg om Nick Hornby og ‘Tribunefeber’ som svar på Kpb, er det utan den gode tryggleiken ein får ved å ha sett etter. Boka var ikkje på biblioteket, og eg tek difor sjansen. Sopass må ein då våge. Sola skin og kva har ein då å tape. Alt godt», helsar ho Gyro – og takk for det!

Han Olav Molven innrømmer at han ikkje hadde peiling, men vart tipsa av gode hjelparar på biblioteket i Bergen og difor skårar med reint vristspark. Han filosoferer elles over andre sider ved denne spalta: «Jau, eg meiner at dersom den eine etter den andre fortalde ho Paula at Kpb-spalta hadde positiv helse-effekt, ja så kunne ho vise til det som ‘velprøvd røynsle’. Skulle einast eg merke den gode verknaden, vil den berre leve som ein anekdote, ei sær hending frå ‘regio Bergensis’. Der er det jo mangt sært, seiest det!»

Det er det i Trondheim òg: «Hei Paula, når det gjeill fotbaijll, da e vi på hjemmebane her i Trondheim, både på dame- å herre-sida. Å dæffer så har Trondheim Folkebibliotek ei stor hyijll med fotbaijllbøker, kor vi kaijnn læssa om Trondheims-Ørn å Rosenborg. Æ prøvd å ta en tur dit, gikk nedme fotbaijllhyijlla, å der faijnnt æ først ei bok tå a Anne Holt, heilt uveijnnta fer mæ. Deijnn hette ‘I hjertet av VM’, å der skriv a myijllom anna om ein som åsså e ein tå favorittan min, næmli haijnn Pat Jennings, guten i buret, med 472 kampa fer Tottenham, å 119 lainnskampa i mål fer Nord-Irland», skriv han Kaare Stegavik.

Tenkjer han Barabass blir glad no når han ser at du har godhug for favorittlaget hans.

Klok på bok 609
eg minnest ansiktet mitt
det dei andre ser som meg
eg kjenner ikkje dette fjeset
eg ser bestemor
eg ser far og mor mi si i hake
innestengde
frosne fast i det dei kallar meg
eg prøver å ikkje sjå
ikkje høyre
eg vil bak fjella
gjennom alpane

Dette diktet er henta frå ei debutbok frå tampen av førre hundreåret. Forfattaren har gjeve ut endå ei bok, og har sterke meiningar om andre sine bøker. Stikkord: Slakting. Kven vil eg fram til? Svar kan de sende til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 11. april.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |