Dag og Tid nr. 14, laurdag 5. april 2003
Bøker:
Skulen som sjølvmotseiing
Niklas Luhmann har skrive ei viktig bok om skulen i det moderne samfunnet, skriv Sverre Moe.
Niklas Luhmann ved Dieter Lenzen:
Das Erziehungssystem der Gesellschaft
Suhrkamp Verlag, 2002
Det er mykje uro kring skulen for tida og ein skulle venta at samfunnsvitskapen ville gje oss fruktbare teoriar, perspektiv og omgrep. Slik er det ikkje. Utdanningssosiologien står heller svakt i Noreg. Det skortar ikkje på statistikk og fakta, heller ikkje på tiltak, reformer og pedagogiske ny-ord, men refleksjon over skulen i det postmoderne, høgdynamiske og overinformerte verdssamfunnet er det heller lite av. Her lyt vi nok sjå til utlandet, og den tyske sosiologen Niklas Luhmann (1927-1998) er ein av dei vi kan lytta til.
Luhmann hevda at skulen er ein institusjon som sjølv må finna ut korleis oppseding skal kunna endra folk på ein høveleg måte. Spørsmålet er difor korleis eit slik system sjølv formar si oppgåve, sine program og sine omgrep om kunnskap og læring. Til dette kjem det at Luhmann skilde skarpt mellom tenking og kommunikasjon. Tenking kan berre finna stad i ein hjerne, og kommunikasjon kan berre finna stad mellom folk, ikkje i hovuda til folk. Tankar kan ikkje overførast, og hjernen kan ikkje kommunisere, lyder Luhmann sin provoserande tese. Kort sagt inneber dette at oppseding handlar om sosiale ordningar som skal endra tenking, noko som ikkje er umogeleg, men slett ikkje så lett som vi trur. Det som skjer i skulesystemet er difor at det må lagast bilete av tenking og læring som gjer det mogeleg å oppfatta verksemda som ein styrd, målretta prosess som endrar tenking. Heile oppsedingssystemet er difor eit
system som arbeider med ei eigentleg utilgjengeleg psykisk omverd.
Pedagogisk refleksjon
Då Luhmann døydde i 1998, etterlét han seg eit uferdig manuskript med tittelen Das Erziehungssystem der Gesellschaft. I fjor haust vart dette utgjeve av Dieter Lenzen, professor i pedagogisk filosofi. Boka er interessant lesnad. For Luhmann er skulen berre slik han er, og han freistar berre å sjå korleis skulesystemet løyser si oppgåve. Difor er boka prega av analysar av typiske pedagogiske tema (interaksjon i ein skuleklasse, sosialisering, læring, osb.). I motsetnad til dei kritikarane som vert ståande på utsida av skulestova, freistar Luhmann å gå inn i klasserommet og skulen sin eigen praksis, og boka bør difor òg kunna stimulere til pedagogisk refleksjon og debatt.
I og med at skulesystemet arbeider for å endra noko som det ikkje har tilgang til, så inneber det at det byggjer på eit paradoks, og er det noko Luhmann er kjend for, så er det vel den stendige påvisinga av at det moderne samfunnet lever på slike paradoks der ulike system føreset seg sjølve, utan å sjå at dei sjølve er føresetnaden for alt dei kan sjå. Skulen er ikkje aleine, men Luhmann sitt poeng er at sosiale system evnar å skjula sin eigen paradoksi gjennom å laga seg program og eit systemspråk som sameiner det skilde og gjer det umogelege mogeleg. Skulesystemet sitt språk om elevar, læring, overføring er difor eit skulespråk som tildekkjer systemet si sjølvmotseiing, og Luhmann er sjølvsagt oppteken av å trekkja denne fram, det vil seia å syna korleis systemet handsamar ulike skilje.
Likskapsideal
Eit kjent døme på slik sjølvmotseiing finn vi i skiljet mellom lik og ulik. Her er det slik at skulen som institusjon skal handsama alle likt samstundes som dei skal koma ulike ut or skolen. Fattig og rik skal ikkje få karakterar etter om dei er fattige eller rike, og alle skal læra det same meir eller mindre samstundes alt etter alder og skuletrinn. Likevel skal all denne likskapen enda med at dei får ulike karakterar og ulike føresetnader for den vidare karrieren sin. Skal vi forstå dette paradokset, lyt vi sjå på korleis skulen kommuniserer om «elevar», som er det systemtypiske uttrykket. Poenget er då at skulen kommuniserer om evner på ein slik måte at sjølv om alle vert handsama likt, så er dei likevel ikkje like. Dei byrjar like og very handsama likt, men endar ulike, takk vere eit program som syter for å skilja rettvist mellom dei like. På det viset gjer skulen ein viktig
seleksjon for samfunnet, nemleg å syta for at ulikskap vert legitim og akseptabel. Om Luhmann har rett, lyt vi tenkja over kva vi meiner med likskap og ulikskap i skulen. Heimelekse til lesaren: Skal einskapsskulen til Hernes med fleire handsama ulike likt eller, om han vil gjera ulike like, skal han ikkje då gje mest til dei som har minst?
Boka kunne vore omsett til norsk, for eg trur Luhmann kan hjelpa til med å få ein meir fokusert og realistisk debatt om det eg vil kalla fikseringa på oppseding i det moderne samfunnet. Det gjeld jo ikkje berre borna, for i dag omfattar mest heile livet oppseding i ulike former. Vi er jamleg på kurs, vi driv med «livslang læring», og sjølv pensjonsalderen krev si oppseding. For dei som strevar med tysken, kan eg nemna at dei vakne danskane har gjeve ut nokre av dei skulesosiologiske tekstane til Luhmann. På engelsk er det diverre lite å finne.
Sverre Moe,
Høgskulen i Stavanger
|