Dag og Tid nr. 14, laurdag 5. april 2003

Bøker:
Ein god mann

Jan Askelund gjer forsiktige forsøk på å seia noko vesentleg. Ingen store ord. Inga løysing.


Jan Askelund:
Gravferd
Wigestrand

Gravferd er Jan Askelunds femte diktsamling på 34 år.
Det er ikkje noko spesielt, noko storslått med Jan Askelund sine dikt. Dei er enkle refleksjonar kring livet og vegen mot døden. Forsiktige forsøk på å seia noko vesentleg. Ingen store ord. Inga løysing. Bare den kloke og vennlege røysta til ein som har forstått kor ho går, grensa for det ein kan seia utan å ta munnen for full. Eg trur det er derfor denne boka rører meg så sterkt. Fordi ho ikkje kan avvisast av hjartet som tankespinn, og sendast vidare til hjernen som elegant leik med ord.

Askelund er sjølv inne på denne motsetnaden i eit par av dikta. Som han skriv: «Sånn pludrar vi og gjer oss metaforisk poetiske, lyrisk kjenslevare; gåtefulle, som vi seier.» Og når ein ser nærmare etter, finn ein fleire stader i boka att spelet mellom reflektert distanse og direkte oppleving, mellom ein distanse som er naudsynt for å sjå tinga som dei er og ein nærleik som verkeleg er naudsynt om ein skal ha kjensler som ikkje bare er «lyrisk kjenslevare», om ein skal vera eit heilt menneske.

Boka følgjer kyrkjeritualet for gravferder. Og spelet mellom dei to sidene, mellom kjensla og tanken, mellom det nære og det distanserte, følgjer med inn i storstrukturen. Mot slutten, når kista står nede i grava, er distansen i dikta større enn tidlegare. Språket slår inn, så å seia, og etablerer eit distanserande forsvar mot grava. Slik kan livet gå vidare.

Eg har ikkje lyst til å sitera noko einskild dikt her. For det er ingen av dikta som kan bera den totalopplevinga boka gjev. Dei er så einfelde at dei fort kan oppfattast som platte når ein ser dei utanfor den konteksten dei høyrer til i. Når eg likevel gjer det, er det med lit til at de tar reservasjonane mine på alvor:

Alle desse nøklane
Eg veit vi er mange
som gøymer på gamle nøklar
til hus og skuffer og skap
i posar og pungar
Nøklar til dører og rom
i fråflytta rivne hus
Eller vi har gløymt
kor nøklane passar
Skulle så gjerne ha kasta dei,
men er ikkje komne så langt
Veit ikkje kor

Så enkelt og liketil. Og med eit biletspråk som fungerer fordi det ikkje bare er biletspråk. Fordi nøklane får lov til å vera nøklar òg, slike av metall, sjølv om ein ofte trur dei bare er til for å opna hjartedører. Eg er nøgd. Nærare nå.

Hadle Oftedal Andersen


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |