Dag og Tid nr. 14, laurdag 5. april 2003
Bøker:
Regn etc
Vi kan ikkje skulde ein forfattar som skriv Gud, engel og kjærleik for å fare med små ord. Men Jon Fosse skriv regn og vind også.
Jon Fosse:
Auge i vind
Dikt
Samlaget
Auge i vind (2003) er den femte diktboka til Jon Fosse. Tittelen har han tjuvlånt frå seg sjølv, frå eit dikt i Nye dikt (1997). Fundamentalt nye går det neppe an å kalle dikta i årets bok. Snarare er dikta eit framhald og vidare arbeid med ord og motiv som har vore til stades i alle diktbøkene hans. Ord som engel, gud, bølgjer, båtar, regn, vind og fjord går igjen. Gud er ikkje ny i diktinga til Jon Fosse. Gud var stort tema i debutboka hans (1983), og Gud var med i den første diktboka hans (1986). Englane var også med. Og regnet. Folk regnar ned i dikta til Jon Fosse slik dei snør ned i diktinga til Tarjei Vesaas. Slik blir det fortalt om regnet i årets bok:
«Regnet fortel si jamne historie
og vi står der
gamle/ nesten gamle
står vi der og lyttar til historia
som fell igjennom oss
og som er oss
er oss i regnet
fallande Og regnet som fell Og du
der du står
open
attlaten
og seier at eg
eg er ikkje noko
eg finst ikkje
eg betyr ikkje noko
eg er ikkje slik
seier du Og så regnet
Og så deg
der du står i regnet»
Naturen er ei viseleg innretting, han bidrar mellom anna med årets gang og repeterer seg sjølv år etter år med sin sommar, vinter og vår. Og uti naturen har du vind, bølgjer og regn, dei er tilbakevendande og dei er nesten rymtiske remser som ein repetisjonsglad forfattar kan halde seg til når han skal mane skrifta si inn i voggande rørsler. Dessutan er det ein lyd i regnet som på magisk, poetisk eller alminneleg vis gjer at regnet fortel meir enn «si jamne historie». Når regnet fortel si jamne historie, «står vi der og lyttar til historia», fortel diktet. Altså er dikta til Jon Fosse, og skrifta hans for øvrig, som er storbrukar av repetisjonar, ikkje ute etter å dementere seg sjølv (i repetisjonen) eller avsløre metaforisk språkstøv, her finst inga sjølvforherligande glede i å avsløre dumt og tomt språk, snarare finst ei glede i å mane fram
remser og rytmar som gjer lyttande og sjåande, kanskje?
Eg sa over at årets nye dikt er framhald av dei gamle Fosse-dikta, og sidan eg nå sa at dikta er «framhald», må det vel liggje endring i dei nye dikta i forhold til dei gamle, men eg veit ikkje om eg i denne omgangen kan makte å namngi kva den endringa og fordjupinga skulle kunne vere. Eg kunne sagt at Jon Fosse repeterer seg sjølv i årets bok, og det ville vere ei artig utsegn all den tid alle Fosse-lesarar veit at bøkene hans er svært prega av repetisjonar. Men repetisjon er også framhald og endring, og bare tilsynelatande ei gjentaking av det foregåande. Repetisjonen kan både insistere og glatte over. Seier du det same to gonger og tre gonger, har du ikkje sagt det same verken da du sa det for første, andre eller tredje gongen. Språket er merkeleg sånn. Det pukkar på seg sjølv og står dermed i fare for å oppheve seg sjølv. Eller gjentakinga er slett ikkje gjentaking, men ei
endring som ikkje er lett å få med seg. Språk flyttar språk. Språket rører seg i ulike språk- og livsområde. Hos Jon Fosse er rørsle ofte synonymt med det levande, pulserande, rokkerande, bølgjande, regnande, voggande etc. Så når språket er i rørsle ord går med ord mot ord i setningar og linjer da er det i orden med det levande. Da lever livet. Dermed kan mangel på rørsle representere død eller trugsmål om død:
«Eg held ei brestande rørsle i handa/ og kallar den fortviling/ Eg held andletet mitt oppe/ byr på meg sjølv i alle dei forkledningane eg har// Det er lenge sidan nokon har fortald meg/ kva alt gjeld/ vi går gjennom dagar og netter/ og er fine for kvarandre vi held oppe// det som må haldast oppe/ Eg ser deg og/ du ser meg/ og fortvilinga opnar seg/ innover i oss/ heilt til der den blir enkel/ og det går an å sjå gjennom den/ ned til ønske om mat/ om varme/ om at nokon skal ta vare på oss/ og der tar du vare på meg/ og der tar eg vare på deg»
Sitatet over er typisk for dei rørslene og dei stemningane vi finn i mange av dikta i Auge i vind. Fortviling, sorg og «brestande rørsler» er ikkje kjensler og stemningar som poeten søkjer å lutre gjennom noen form for sorgarbeid, neida. Fortvilinga i det siterte diktet er noe ein ser med, ikkje som ein melankolsk triumf, men som ei godtaking av visse grunnvilkår som desse dikta og denne diktaren ser ut til å tru på som uomgjengelege. Til dømes at sorg er. Omsorg er. Og at slike sorgkjensler og omsorgshandlingar er vilkår vi lever med, og at skikkeleg liv handlar om å oppøve sensibilitet og intelligens til å leve i sorg og vise omsorg. Ja, Fosse preikar jo ikkje på dette viset, men diktinga hans har denne etiske dimensjonen ved seg. Og viss dikta lyttar og ser, har dei vel sjans til å gjere lesaren lyttande og sjåande også? Viss ikkje var det ikkje mye vits.
Sannsynlegvis har eg undervurdert det nye i dei nye dikta til Jon Fosse, og kanskje skulle eg ha sitert andre dikt. Når eg nå på tampen sit og les att og fram i denne boka, finn eg stadig fleire og atter nye dikt eg kunne tenkje meg å sitere. Her er gode dikt side opp og ned, og dei er alle prega av nøysame registreringar, eg veit ikkje kvifor eg skreiv nøysame, men det kjennest rett, og det er noe ujålete med dikta til Jon Fosse. Eg heldt nesten på å skrive at her ikkje er store ord, men eg kan vel ikkje skulde ein forfattar som skriv «Gud» og «kjærleik» for å fare med små ord. Så er han kanskje ikkje nøysam heller, men ser meir enn det strengt tatt er mogleg å sjå?
«usynlege hender leier oss/ rundt omkring ingen ser hendene ingen veit om dei/ men utan desse hender ville dei svarte taka i hjarta våre/ drive oss ned i ei trampande uro/ der vi står/ og ikkje kan sjå// Det er desse usynlege hender som legg sin stille musikk/ inn i oss/ som eit lyftande sug/ inn mot den stilla/ som gjer at dagen kan levast»
Atle Christiansen
|