Dag og Tid nr 13, laurdag 29. mars 2003
Roald Helgheim:
Sjokk og ærefrykt
Det er trist at det skulle bli krig, men vi får håpe han blir kort, seier somme. Det er eit standpunkt eg finn umoralsk. Det er synd at det vart krig, men vi får håpe Irak gir seg fort. Tenk deg det brukt på imperialistiske felttog som i Vietnam, eller for den saks skuld om Hitlers krig mot Europa og Sovjet. Ei usømeleg samanlikning? Ja, om vi set likskapsteikn mellom USA og Det tredje riket, men ikkje i spørsmålet om kven som er angriparen eller den angripne, og kven som fører ein rettferdig krig for å forsvare seg mot invasjon.
For vi er samde om at invasjonen i Irak er i strid med folkeretten, og dermed definert som eit krigsbrotsverk. Men det er ein dimensjon som druknar i det eg vil kalle sportsjournalistikken om krigen. Ein som har følgt med i norske media, kalla det framrykkingsjournalistikk i radioens Kulturnytt. Det er eit språkleg spikartreff like råkande som det er opplagt, når okkupanten til og med inviterer media med på okkupasjonen, inkludert kringsetjinga av fiendeland frå omliggande statar. Best ser du det når magasin som Time er mellom dei spesielt utvalde som får vere med på the real thing, nærkamp inn i husa, opp trappene, innsparking av dører. Etter at dei har måtta skrive under ei liste over kva som ikkje er lov å skrive, for å få vere med. Den daglege dekninga i fjernsyn og aviser er militærrapportar frå slagmarka, forsynte med grafiske kart som på ein meir
slåande måte enn du har tenkt, illustrerer framrykkingsjournalistikkens karakter. Har vi snart vunne no?
Difor kan vi dagleg også observere den framrykkande sportsjournalistikkens fallitt. Språket er oppbrukt på ei veke. Krigens skrekk og gru lar seg ikkje lenger toppe i overskriftene. Dekninga er like historielaus som sportsjournalistikken i sitt vesen. Etter to dagar stod USA så godt som i Bagdad i alle blad. Etter ei knapp veke er toppen i ei avis «Elitestyrkene til motoffensiv». Midt i denne veka var toppen i Dagbladet at Saddam skaut sivile, bygd på eit fullstendig uetterretteleg britisk rykte om opprør i Basra, rapportert heim frå avisas utsende ved invasjonsbasen i Kuwait. Det er ikkje rart at dette pregar heile den journalistiske mentaliteten så sterkt at det gjekk ei veke før nokon stilte spørsmål ved å bruke omgrep som «koalisjonen» eller til og med «dei allierte» om okkupasjonshæren. VG har kalla dei «den internasjonale styrken», og på Aftenpostens
kommentarplass skriv den elles så reflekterte utanriksredaktøren om «koalisjonen». Den framrykkande sportsjournalistikken kan aldri bli nøytral. «Nøytralitet» er krigsjournalistikkens sjølvbedrag, i den aningslause jakta på vinklar og scoop i staden for innsikt og refleksjon. Difor held eg ikkje med dei som tykkjer vi har gjort slike framsteg på området.
I det upartiske og kritiske strevet sitt skulle kulturradioen alt på krigens andre dag fortelje oss kor lite det irakiske folket får vite om det som hender. For ein sensasjon at irakiske media blir sensurert! Men irakaren har ein kunnskap vi aldri kan få. Det er ho som får bombene i hovudet, og irakisk fjernsyn er viktig nok til at okkupanten bomba fjernsynshuset. Eller som veteranen i Aftenposten skriv: «Når den (koalisjonen) slo ut TV-sendingene i Bagdad, vedgår den at Saddam Hussein har klart å bruke TV til egen fordel til å vise at han lever, har kontroll og kan spre sin informasjon og påvirke holdninger». Skal vi kalle det forsvarsjournalistikk mot åtaksjournalistikk?
Åtaksjournalistikken på sitt mest absurde kom til syne særleg i amerikanske medias knefall for den nye strategien «sjokk og ærefrykt», general Tommy Franks nye medisin for på ein rå og brutal måte å setje fienden fort ut av spel på. Dei visste kan hende ikkje om opphavsmannen til omgrepet Shock and awe, Harlan Ullman ved Center for Strategic and International Studies i Washington. I eit CBS-intervju Dag og Tid siterte frå for to veker sidan framhevar han bombinga av Hiroshima som lærestykke for ein vellukka sjokk og ærefryktstaktikk. Denne veka har The Guardian fått han i tale, og han forsikrar at vitsen ikkje er å øydeleggje maksimalt, men å setje inn ein så sterk støyt fort at det på sikt vil spare begge partar. Yndlingen hans er den kinesiske krigsfilosofen og Kunsten å krige-forfattaren, Sun Zi, som av keisaren fekk i oppgåve å lære
konkubinene å marsjere. For kunne han det, kunne han alt. «Har eg full fridom», spurde Sun. Svaret var ja. «Marsj» sa han til konkubinene, som berre lo. Så kappa han hovudet av sjefkonkubina. Då marsjerte dei!
Irak er mykje meir enn ei militær slagmark. Det er eit laboratorium for utprøving av dei nyaste våpna til å skape «sjokk og ærefrykt» med, å finne nye metodar til at verda skal skjelve for det nye imperiet, slik at det med minst mogleg motstand kan sikre seg nye bruhovud for ein politisk misjon verda har sett før. Gløym dei kjemiske våpna, dei står på det politiske kartet for syns skuld, og er snart borte. Og når det gjeld kva som skal hende etterpå, fører åtaksjournalisten par excellence, Charles Krauthammer, klar tale i Washington Post. «Ikkje gå atten til FN, herr president. Du gjekk bort frå FN til ein høg pris og med stort mot. Ikkje gå attende.»
I den store samanhengen er også FN berre hår i suppa. «Sjokk og ærefrykt» er tingen.
|