Dag og Tid nr 13, laurdag 29. mars 2003
Musikk:
Slik Maria João syng det
Ver glad den dagen Maria João syng songen din også.
Maria João/Mário Laghina:
Undercovers
EmArcy (Universal)
På musikarspråket heiter det å lage ein coverversjon når ein tek ein annans hit og framfører han på sin eigen måte. Den portugisiske songaren Maria João og hennar faste musikalske leiar og pianist Mário Laghina har verkeleg plukka på høgste hylle. Berre å gå laus på Tom Waitz versjon av «Waltzing Mathilda» (Tom Trauberts Blues) må kallast eit vågestykke, men det er sjølvsagt berre ei musestemme av Joãos format som kan klare det, på denne vårløysinga av ei plate.
Den portugisiske vokalisten er noregskjend sidan ho dukka opp med den kvinnelege koreanske pianisten Aki Takse som ho ein gong møtte i Tyskland. Sidan har ho reindyrka sitt eige konsept, og er snart fast inventar på den MaiJazz-festivalen ho skal opne i år også. Med Stavanger Symfoniorkester song ho heile dyreriket sist vi var der. Med i det faste bandet er også den norske perkusjonisten Helge Norbakken, og denne gongen har dei altså arrangert og orkestrert klassikarar frå U2s «Ware Up Dead Man», The Beatles «Blackbird», Björks «Unravel», Joni Mitchells «Both Sides Now», songar av Sting. Tom Jobim, Stevie Wonders, Milton Nascimento, you name them.
Kvar for seg laga slik dei har kjent for det, suverent og smakfullt arrangert med ulike besetningar, med strykarar eller utan, og med den uforliknelege stemma til Maria João. Hadde eg hatt ein hit der ute ville eg ha sagt til Maria: Undercover me.
Roald Helgheim
|