Dag og Tid nr 13, laurdag 29. mars 2003

Leiar:
Noreg må seia ifrå

Noreg har ein lang tradisjon for å kritisera menneskerettsbrot i andre land. Ein kvar offentleg delegasjon til Kina har instruks om å ta opp menneskerettsbrota i landet. Og ein kvar nyttårstale frå statsministeren legg vekt på Noregs fokus på førebyggjande menneskerettsarbeid.

USA bryt no folkeretten. Den tidlegare presidenten for FNs folkerettskommisjon kallar invasjonen i Irak eit overfall – sjølv om det er eit demokratisk land som invaderer eit diktatur. Dersom invasjonen var gjort av ein annan stat, ville Noreg som ein rein ryggmarksrefleks reagert sterkt. I dette tilfellet skjer derimot ingenting. Vi har ein norsk utanriksminister som ikkje ein gong klarar å uttrykka klart kva han meiner overfor vår eigen opinion. Fråsegnene til utanriksminister Jan Petersen vert meir og meir pinlege.

Kva burde Noreg ha gjort? Som eit minimum burde vi ha teke initiativ til å kalla saman FNs Generalforsamling for å få til ein felles protest mot krigen. Deretter burde regjeringa markert si misnøye overfor USA og England. Vi burde ha kalla inn dei amerikanske og britiske ambassadørane i Oslo for å uttrykka Noregs sterke motstand mot krigen, og påpeika tydeleg at landa på ein svært alvorleg måte bryt internasjonal folkerett. Deretter burde vi kalla heim dei norske ambassadørane i dei to landa til samtale for å ytterlegare understreka alvoret.

Dette ville ikkje ha gjort nokon skilnad på kva USA og England gjer eller ikkje gjer i framhaldet av denne krigen. Men internasjonalt menneskerettsarbeid krev ei konsekvent og prinsippfast haldning. Skil ein mellom liten og stor misser ein tillit både heime og ute.

Svein Gjerdåker


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |