Dag og Tid nr 13, laurdag 29. mars 2003
Film:
Matrix på landet
I Jalla Jalla mista han potensen. I Kopps leikar han Matrix på landet. Filmen er berga.
Kopps
Regi: Josef Fares
Sverige
Det skal han ikkje ha æra for åleine, men om den Libanon-fødde Josef Fares er eit funn for svensk film, er Torkel Pettersson eit funn for alle årstider. Den lange, snauskalla slåpen som saman med Fares Fares (bror til regissøren) gjorde Jalla Jalla til makelaus fest, dukka opp i nokre episodar av svensk TVs mørkaste uhyggeserie Sjätte dagen som korrupt politimann og doplangar, og var som den vonde sjølv. Han er også å sjå i den kino-aktuelle danske eksplosivfilmen Gamle menn i nye biler. I Kopps er han på plass som polis i den på alle måtar fredelege svenske småbyen Hegeboträsk der vekas actionhøgdepunkt er ei ku som er laus i sentrum. Her har ikkje vore kriminalitet å snakke om i manns minne, og vår mann drøymer seg bort i action-scener à la Matrix, og snakkar amerikansk purkespråk med fucking i annakvart ord for den minste
uttrykking, mens han seier til seg sjølv: «You can do this, fuck fuck you can fucking do this».
Eit politiektepar kranglar dagen lang og kollega Fares Fares søkjer kvinnekontakt gjennom annonsar. Elles spelar politiet poker med gamle damer som juksar under bordet, og alt er berre idyll når politiet sentralt bestemmer at politistasjonen skal leggjast ned, utifrå den svært diskutable logikken at der det ikkje er kriminalitet, trengst det ingen polis. At bodbringaren er ei møy så lys og fager som den svenske sommarnatta, gjer ikkje saka mindre komplisert. Noko må gjerast, og som ein slags omvend Olsenbande (eller Jönsson-liga, som dei heiter i Sverige) går politiet sjølv til aksjon.
Det er farleg tynn suppe å lage film på, og sakleg sett skulle ein forvente større profesjonalitet i utøvinga av forbrytarfaget av dei som har som fag å kjempe mot det. Berginga er vår mann Pettersson, men også Fares Fares (som har som ritual å tute gjennom å stange hovudet med rattet før han går ut av bilen) har ein likefram spelestil som er bokstaveleg tala avvæpnande. Far til brørne Fares er også med i ei lita rolle, og resten av dei medverkande er jamt gode.
Løyndommen bak Jalla Jalla var å lage ein film om menneske utan tanke på om dei var svarte, brune eller kvite, der «kulturkollisjonar» var naturlege og ikkje oppkonstruerte. Resultatet var ein overraskande, morosam og kjenslemessig sterk film. Her er det rein komedie i svensk gläsbygd. Du skal ta han heilt ut. Det er ingen spøk i Hasse & Tage-land. Josef Fares lukkast eit stykke på veg. Og vår mann er klar for større oppdrag.
Roald Helgheim
|