Dag og Tid nr 13, laurdag 29. mars 2003
Bøker:
Ære er ei offentleg sak
Kan eit drap verkeleg redde æra? Unni Wikan syner at det er vanskeleg å skilje mellom affekt i augneblinken, psykologiske motiv og kulturelle sanksjonar i æresdrapssaker.
Unni Wikan:
For ærens skyld
Fadime til ettertanke
Universitetsforlaget
Denne boka har allereie hatt si stund i den offentlege debatten. Media er opptekne av andre saker no, men boka til Wikan fortener eit vidare liv. Ho kan til dømes brukast til å lodde botnen i krigsretorikken til George W. Bush (så vel som Saddam Hussein). Ære står sentralt i krigserklæringa til Bush. Han meiner vel ikkje nett det same med ordet som ein far skulda for drapet på dotter si. Men om nokon trur at ære ikkje er eit aktuelt omgrep i vesten, bør dei høyre på retorikken til Bush og tenkje seg om. Også Tony Blair har spelt på ærekjensla, til dømes då han overtalte representantane i Underhuset til å stemme for britisk deltaking i åtaket på Irak.
Fleire ærend
Unni Wikan har fleire ærend i boka om Fadime. Ho vil granske dei menneskelege sidene i denne tragiske og skilsetjande saka, der offeret allereie var eit kjent andlet i det offentlege rommet. Fadime hadde stått fram med historia om kjærleiken sin og motstanden frå slektningane. Vi kjende henne, om det er mogleg å kjenne eit menneske berre gjennom media. Så vart ho riven bort frå oss. Det er uråd å seie om det offentlege lyset som ho lét falle over seg, utløyste drapshandlinga, eller om det gav ho ei nådetid. Wikan syner at innsynet i det private var utoleleg for familien. Kjærleiken til ein upassande mann var det første brotet med skikken. Ingen kan seie kva som hadde skjedd vidare om Fadime hadde gått stillare i dørene.
Ei skammeleg handling i eitt miljø er ærefull i eit anna. I vesten er den individuelle fridomen meir verdsett enn fellesskapet. Vi set æra vår i sjølvstendet og eiga utvikling. Vi er individualistar, og meiner med det at vi er frie menneske. Brotet med tradisjonane er sanksjonert som ein ny norm. Fadime ville òg vere eit fritt, sjølvstendig menneske. Slik kom ho på kant med kulturen i ætta. Det finst mange jenter lik henne. Det oppsiktsvekkjande i denne saka er ikkje Fadimes brot med kulturen ho kom frå, men den fatale reaksjonen frå familien.
Ære i strid
I nordiske rettssaker er det kom
promitterande å vise til ære. I andre land kan straffa for drap på slektningar som har vanæra ætta kortast ned til nokre månaders fengsel. Hjå oss er tilvisinga til ære heller skjerpande. Vi aksepterer ikkje menneskesynet og kvinnesynet som ligg under. Wikan syner at ære og rett er i strid i alle kulturar. Det er eit definerande trekk ved omgrepet. Straffa for æresdrap i kurdisk Tyrkia (der familien til Fadime kom frå) er likevel minimal. I Norden, og
elles i det moderne vesten, finst inga folkeleg forståing for æresdrapet. Retten handlar i sam-
svar med folkemeininga når tilvisinga til ære skjerpar straffa. I rettssaka mot faren til Fadime var det viktig for forsvaret å seie at dette ikkje var eit æresdrap. For media har likevel andletet hennar blitt eit ikon for offeret i æresdrapet.
Ingen aksept
Shabana Rehman meiner Wikan syner for mykje empati med drapsmannen. Wikan bortforklarer uakseptable haldningar i islam når ho viser til æresdrap innanfor andre religiøse tradisjonar, seier Rehman. Ho har sjølv møtt dei fordømmande haldningane i miljø som liknar det Fadime kom frå. Religionen kan verkeleg lastast for ugjerninga.
Eg har sympati med engasjementet til Rehman, men er ikkje samd med henne i alt. Wikans empati med drapsmannen kan ikkje på nokon måte tolkast som aksept eller bortforklaring av handlinga. Medkjensla med faren til Fadime er naudsynt for å oppløyse dei utilgjengelege motiva hans i menneskelege og kulturelle faktorar. Han kan ha vore motivert av såra ærekjensle og press frå miljøet. Overleveringane styrde sikkert mange av impulsane hans. Men fortvilinga og sjølvforakta etter drapet syner at motiva til drapsmannen var psykologisk samansette, og ikkje kan forklarast berre med tilvising til ein kulturell tradisjon.
Boka til Unni Wikan er eit fint bidrag til litteraturen om det fleirkulturelle samfunnet. Ho gjev verdefull innsikt i eit emne som er nært, men vanskeleg tilgjengeleg. Teksten bruker mange direkte overførte vendingar frå det svenske kjeldematerialet, men språkføringa er elles god og i beste meining uakademisk.
Odd Magnus Grimeland
|