Dag og Tid nr. 12, laurdag 22. mars 2003

Teater:
Mankells vonde leik

Med noregspremieren på
Hasse Karlsson avslører, har Rogaland Teater avslørt ei mindre kjend side ved den populære kriminalforfattaren Henning Mankell.

Hasse Karlsson avslører
av Henning Mankell
Instruksjon: Simon Lay
Omsetjing: Tore Renberg
Rogaland Teater

Stykket er skrive i 1991, og byggjer delvis på sjølvbiografisk stoff frå forfattaren sin oppvekst i Herjedalen. Oppsetjinga bør treffa eit ungt publikum, sjølv om også vaksne vil kjenna seg att; eit ønskje om å halda på ein kamerat fører småkårsguten Hasse stadig nærare noko han ikkje vil.

Mankell tek utgangspunkt i Hasse Karlsson som vaksen, på veg heim til ei mor han ikkje har vore på talefot med på 26 år. Midt i øydemarka streikar bussen, og me får vera med i Hasses minnestraum der han står i sprengkulda. Han kjem for seint. Mora døyr før han får avslørt det han har gøymt på, men til gjengjeld avslører stykket dette for oss.

Gutestrekar

Me er i eit lite bygdesamfunn i dei svenske skogane. Her blir Hasse med på ein «leik» saman med «Svalen», ein gut med udefinerte hemntankar. Gutestrekane utviklar seg mot tragedie. Ei forstyrra kvinne blir lokka opp på ei jernbanebru. Der frys ho i hel i vinternatta, utan at gutane gjer noko for å redda henne. Etterpå blir Hasse offer for utpressing av ei som veit kva han har vore med på. For å komma seg ut or knipa stel han mora sine sparepengar – og dermed draumen hennar om å sjå att havet og Rotterdam. Hasse får aldri forklart seg, og mora vender seg bort frå han.

Den enkle scenografien til Kathrine Hysing markerer fint både sprengkulde og ei sosioøkonomisk røynd på 1950-talet. Gutane blir vitalt spelte av Anders Dale (Hasse) og John Fjelnseth Brungot (Svale). Når framdrifta er lita, blir dei to likevel masete, kanskje fordi dialogen er så barnsleg. Det er også noko uklart kva som er det tragiske i stykket. Er det kvinna som døyr, venen si manipulering, mora si bortvending eller den manglande forsoninga? Når stykket ikkje grip meir enn det må, kan det ha å gjera med dette. Oppsetjinga blir meir lærerik enn skakande.

Ufortalde historier

I tillegg til den gode skildringa av venneforholdet, har stykket i seg kimen til andre historier som kunne blitt viktige, men som aldri blir fortalde. Dette gjeld møtet mellom den vaksne sonen og mora (spelt av Signy Sandsberg), og relasjonen mellom denne drøymande kvinna og skogsarbeidaren ho har gifta seg med.

Magne Drangeid

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |