Dag og Tid nr. 12, laurdag 22. mars 2003
Roald Helgheim:
I krig og kjærleik
Kva gjorde du den dagen USA gjekk til krig mot Irak? Det var ikkje om dagen, det var om natta, og eg sov då hærføraren kunngjorde at «America has no ambitions», anna enn å avvæpne fienden og setje inn eit nytt regime. Kva høgare ambisjonar kan ein ha enn å okkupere eit land og setje inn sitt eige regime? Det spør eg meg dei første morgontimane då nyhendemedia demonstrerer sin absolutte impotens, ute av stand til å rapportere anna det vi veit om att og om att, medan dei for kvar halvtime spør Åsne Seierstad kva ho ser frå hotellrommet sitt i Bagdad. Ein gong sukkar ho oppgitt over spørsmålet frå studio: Veit de kvar Saddam Hussein er no? Korleis skulle eg vite det, spør Åsne. Og mens eg skriv, er dei første analytikarane i gang med å fortelje oss det vi har visst heile tida. I informasjonssamfunnets gullalder kan fjernsynet ikkje vise oss anna enn folk i studio
eller reporterar på ein balkong langt borte, mens krigsbileta er ferdiglaga av angriparen. Fordi Aftenposten gjekk i trykken før krigen braut ut, ligg ho på dørmatta med den utrulege overskrifta «Norge vil hjelpe USA».
Det står ikkje at Norge vil hjelpe Irak. Det står at norsk sivilt og militært personell, etter det avisa kjenner til, vil bli sett inn for «å bistå USA med humanitær innsats og gjenoppbygging av Irak». Vi står på ei amerikansk liste over land «med status som sikre støttespillere». Om vi ikkje vil støtte krigen, reknar krigsforbrytaren i alle fall med at vi er med på freden.
Difor skrur eg klokka attende nokre få timar, til då det siste førkrigsnummeret av vekemagasinet Time låg i postkassa, med bildet av ein kvinnelege helikopterførar på framsida: WHEN MOM GOES TO WAR. «Denne helikopterføraren og ektefellen hennar er no stasjonert i Kuwait, etter å ha etterlate den 14 år gamle dottera heime A FAMILY TALE». Heime fortel dottera at ho alt kan sjå føre seg korleis det blir når dei kjem heim. «Dei vil vere så lukkelege. Ingen feltsenger. Verkelege senger. Verkeleg mat. Ein grasplen. Regn. Og ingen sand.»
Det er ikkje berre human touch. Det er ein historisk reportasje. «Møt the Richardsons, dei første mann og kone bataljon-kommandantane i det nye gifte-med-barn-militæret». Ungane er heime på Fort Campbell, Kentucky, som er basen for den 101. luftborne Screaming Eagles, og dei ventar på nyhende frå Kuwait. Soldatungar er ikkje som andre ungar, står det. Ikkje berre foreldra, men ein onkel og tante i familien Richardson er på veg til slagmarka. Vi får vite kor mange US-soldatar som er gifte og har ungar, kor mange som har ein kjærast i hæren. «Hæren trenar soldatane i både krig og kjærleik», med sikre epost-kanalar. Og: Eigne sædbankar for militære par i tilfelle eit kjemisk åtak øydelegg husbondens formeiringsevne, eller for den eldre ektefellen som ønskjer å få seg ein unge og «ikkje har råd til å vente eit år mens mannen er borte».
Alt dette les eg til auget blir stort og vått, dagen før den krigen alle foreldre i år framover vil bli spurt om: «Mommy, what did you do in the war».
Krig er ikkje til å gjere seg morosam over. Det finst mange spel der krigens slag kan kjempast om att. Krig er heller ingen leik med historiske parallellar, om kva som hadde hendt dersom, såframt, ifall. Det er ein luksus å kjenne ubehag over å vere på parti med eit fleirtal mot denne krigen, over å vere «politisk korrekt» når alle andre er det.
Lenge før USA gjekk til åtak mot Irak, har det internasjonale samfunn slått fast at det er ein ulovleg krig. Det står i dei fleste leiarartiklane i Norge. I ein står det endå klårare: «Angrepskrig er definert som en krigsforbrytelse». Det er ein krig den angripne har rett å forsvare seg mot med alle konvensjonelle, militære midlar. Som under krigar flest er åtaket eit felttog ført under ei sky av løgner og historiske forfalskingar. Demagogen Bush framstår ikkje som meir sannferdig enn den despoten han vil avsetje. Framleis snakkar han som om Hussein og Al Qaida er det same. Då han gav opp Tryggingsrådet i FN og gav Hussein 48 timars ultimatum, sa han at USA «prøver å samarbeide med FN», som om det var kva samarbeidspartnar som helst. Våpeninspeksjonane har vore eit hår i suppa for ein hærførar som hadde bestemt seg for krig uansett.
Vi treng ikkje repetere merittlista over amerikanske tokt kloden rundt. For det meste har dei vore ikkje-erklærte krigar, utan større «ambisjonar» enn å styrte eitt regime for å setje inn eit anna! Denne gongen er det erklært krig. Det er ein krig USA kan føre ustraffa fordi stormaktene har gjort seg sjølve immune mot den folkeretten dei seier seg å forsvare. Vetomaktene kan hindre tiltale i FN. USA og Russland har stilt seg utanfor også den nye krigsdomstolen. USA saboterer også det FN-styrte arbeidet mot kjemisk krig. Då verda vart bekymra for kulturskattane i Irak, kom det for ein dag at USA heller ikkje slutta seg til Haag-konvensjonen av 1954, som regulerer vern av kulturminne i krig.
Det er denne nasjonen som er ute på ein mission, som seier at verda ikkje er trygg før USA har amerikanisert henne. Vi kan forstå eksil-irakarar og andre som vonar på regimeskifte. Men verda må styrast av meir overordna omsyn enn å gi Det kvite cowboyhuset frie hender. Når Irak har rett til å forsvare seg, vonar eg at USA får størst mogleg motstand. Noko anna ville vere hykleri.
|