Dag og Tid nr. 12, laurdag 22. mars 2003
Klok på bok 607:
Bortesiger
«Hei. Anne Oterholms Avslutningen (1999). Oterholm er en aldeles strålende forfatterinde, og hennes siste roman, Etter kaffen, anbefales kokvarmt til alle som kan lese. Olaug Nilssen (hun med de korte armene) fremførte forleden et dikt om sine favorittforfattere, der hun blant annet sier:
Og viss du vel Oterholm
så er det ein sikker vinnar
Kan hende blir du noko olm
på hyper-reflekt-terte kvinner
når dei dyrkar lidenskap
og lurer på om det finst grenser.
Dottera har kort-kort genser
men må konstatere tap
når mor får lyst på den bergenser-
en ho har fått på besøk.
Er det alvor, er det spøk?
Resten av diktet ligger på www.vinduet.no», fortel ho Hilde Matre Larsen i Oslo.
Han Olav Molven i Bergen er ikkje heilt i slaget: «Nei, i dag er eg utilpass, med virus i kroppen. Er glad eg fann løysinga. Elles ville vel motstandsevna gått i gal lei? Kpb-spalta har ein psykosomatisk verknad. Eg er viss på det, men vedgår gjerne at mi visse er av anekdotisk karakter, og ikkje noko Paula kan vise til som velprød røynsle enn så lenge.»
Eg veit ikkje om eg skjønar heilt kvar du vil, Olav. Håper det ikkje går utover konkurranseevna, og at du blir utbrend!
«Det herre va hu Anne Oterholm født i USA, bor i Oslo, foreldre frå Sotra, hu skreiv derfor debbyboka på eitt slags nynorsk, men mått oversett deijnn te aijnna norsk, som hu ha fortsætt å bruke sea. Det va boka Avslutningen som det herre sittate a heijnnnta ifrå», skriv han Kaare Stegavik i Trondheim.
«Hei! Forfattaren vi skal fram til er Anne Oterholm f. 1964. Ho blei i 1995 kåra til Årets debutant av Bokklubben Nye Bøker. Dette er innleiinga til romanen Avslutningen», skriv ho Brita Lundeland i Aurland.
Han Gunder Runde i Ulsteinvik by har teke på seg dei kritiske brillene: «Anne Oterholm er ein forholdsvis ustabil forfattar, frå det heilt gode til det temmeleg banale. Dessverre synest eg nok dagens nøtt høyrer til siste kategori. Avslutningen frå 1999 handlar om søstrene Jone og Mona, og deira hopehav. Jone (eller Oterholm?) prøver å filosofere over hatet, på basis av Albert Camus filosofi (bakgrunnen er hans Caligula) Oterholm har vel her, som franskfilolog, litt å byggje på, men dessverre vert det ikkje interessant nok, sjølv for ein Camus-beundrar som Gunder R frå Ulstein.»
Ho Birgitte Berge i Rådal svarer kort og korrekt. Ho Ellen Pauline Borch i Gaupne har meir ho skulle ha sagt: «No har eg tenkt på kva enden på visa kan vere. Men med litt hjelp frå Startsiden sine søkemotorar på internett, kom eg fram til at Anne Oterholm fekk debutantpris av Bokklubben Nye Bøker i 1995 for romanen Ikke noe annet enn det du vil. Boka vi skal fram til er boka Avslutningen som kom i 1999. Så enden på visa vart god denne gongen òg. Det er no berre heilt fantastisk med dette internettet», helsar ho Ellen Pauline.
Eg kjenner at vi er litt i slekt vi to Pauline er mest som ein avleggar av Paula. Forferdeleg fine namn, synest no eg. Og så har dei ein internasjonal schwung over seg. Det er kjekt, om ein skulle kome til å hamne utanfor norskegrensa.
Han Dale-Oskar og han Barabass var innom så snarast før helga. Han Oskar hadde vore på butikken og levert tippinga. Jada, han driv med slikt. Held med Masjester Unitedd, som han kallar det engelske fotballaget. Han Barabass har slik tru på Tottenham av ein eller annan merkeleg grunn. Sjølv har eg alltid hatt eit godt auge til Arsenal. Det er så lett å uttale, ja, så godt som norsk. Og så har dei så fine raude og kvite drakter. Ikkje det at eg har så stor interesse for fotball, men eg prøver då å følgje med litt. Det har med allmenndanninga å gjere. Rett som det er spør dei om fotball i «Ti spørsmål» i avisa, og då lyt ein vere oppdatert.
De trur sikkert at eg fer med løgn når eg no skal til å fortelje ei sann historie frå røynda, men det gjer eg ikkje, lyg altså. Det har seg slik, skjønar de, at ein gong på 1980-talet så møtte eg han Kevin Keegan i Oslo. Ja, nei det var ikkje noko stemnemøte, men eg og ho Monica ei anna jente som arbeidde i Posten vi var på pøbb og ante fred og inga fanfare før eit par karar vart hengande ved sida av oss i baren. Det viste seg altså då at han eine var sjølvaste Kevin Keegan. Han var i Oslo for å leie ein fotballskule eller noko slikt. Eg hugsar ikkje detaljane. Ikkje prata eg noko særleg med han, heller. Han hadde berre augo for ho Monica. Ikkje det at eg lastar han for det. Ho var blond og fager. Eg såg meir ut som ei kryssing av ein utegangarsau og ein portugisisk sjømann, så det er vel ikkje så rart at eg fall ut av målgruppa.
Så til dagens tipping:
Klok på bok 607
Jeg forelsket meg i fotball på samme måte som jeg senere skulle komme til å forelske meg i kvinner: plutselig, uforklarlig, ukritisk og uten tanke for smerten og sammenbruddene som nødvendigvis følger på kjøpet.
Vi skal utomlands og til ein mann som likar både musikk og kvinner i tillegg til engelsk fotball. Kven vil eg fram til?
Om du tek svaret på heil eller halv volley, er målet Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 28. mars.
Paula på posta
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|