Dag og Tid nr. 12, laurdag 22. mars 2003
Bøker:
Endeleg Besigye
Bertrand Besigye er tilbake, ti år etter suksessdebuten med Og du dør så langsomt at du tror du lever.
Bertrand Besigye:
Krystallisert sollys
Aschehoug
La meg først og fremst seia at eg er glad, så glad, for at Bertrand Besigye endeleg er tilbake. Det ligg nok noko bak når ein mann som har hatt stor suksess med debutboka si, ikkje kjem tilbake før det har gått ti år, og då på eit anna forlag. Men nå er han altså her att.
Vitalisme
Det første som slår ein, er at Besigye som fleire andre dei siste åra, har late seg inspirera av vitalismen. Det er energien, livskreftene han tar utgangspunkt i. Som så mange andre frå Nietzsche, Munch, Vigeland, Uppdal og framover tar han utgangspunkt i sambandet mellom den kosmiske energien, representert ved sola, og den personlege energien, representert ved kroppen og den kroppslege utfaldinga.
Slik er det til dømes i opningsteksten, «Magefødsel og pannefødsel». I byrjinga heiter det:
Sett i profil ligner en høygravid kvinnes mage/ En liten kometstein/ Som har landet i menneskekroppen fra en ufattelig høyde
Og nærmare slutten:
Den hjernegraviditeten som svulmer i skapende hoder/ Er som når guden Zevs/ Fødte gudinnen Athene rett ut av sin panne
Midt på natten bykser du opp av sengen./ En ny idé, som du lenge har gitt næring/ Sparker deg våken! Slik fosteret sparker i morens mage
I
deane kjem frå solguden Zevs, og ter seg på same måte som barnet frå stjernene i den gravide magen. Biologi, energi, utfalding altså. Det er ikkje for ingenting at boka har fått tittelen Krystallisert sollys. Og som vanleg innanfor den vitalistiske tradisjonen er det ikkje eleganteriet, men den tunge handa, den som ikkje er redd for å syna seg sjølv, som meislar ut desse tekstane. Det som står, står på linjene, ikkje mellom dei.
Maksimumslyrikk
Det meste av nyare lyrikk er anorektisk minimalisme, med 10-15 ord spreidde utover sida. Men dei fleste av Besigye sine dikt er høggravide. Parallelt med tematiseringa av den svulmande, ekspansive tanken fyller dei heile sidene.
(Eit tankeeksperiment: Om eit minimalistisk dikt er 15 ord, og ei diktsamling inneheld 40 dikt, vil ei gjengs norsk diktbok innehalda 600 ord. Det er om lag like mykje som Besigye skriv på ei side, i eit dikt som treffande nok heiter «Og solen sprenger seg selv». Heile boka, på 118 tettskrivne sider, inneheld like mange ord som eit års norsk lyrikkproduksjon eller eit par-tre større forfattarskap.)
Maksimumslyrikken krev ei anna lesing enn minimumslyrikken. Derfor er det nok mange som vil bli forvirra av denne boka. Hos minimalisten er koplinga mellom elementa overlaten til lesaren, som blir ein aktiv meddiktar. Hos maksimalisten er det forfattaren som breier seg, og som seier korleis det er. Forfattaren tenkjer, lesaren kan nøya seg med å vera kjenslemessig til stades når han les. Diktet appellerer ikkje til intellektet, til hjernen, men til kroppen, til opplevinga av rytme og energi. Derfor kan ein ikkje nytta konvensjonelle kvalitetskriterium. Om kvalitet = kompleksitet = mykje tenking hos lesaren, så er denne boka dårleg. Men om kvalitet = energi = noko som har oppstått utanfor det tilvande, og som ikkje gøymer seg i det akademisk småflinke, så er det tvert imot det andre av norsk lyrikk som er dårleg.
Eg seier ikkje at ein må velja mellom desse to, prinsipielt og for all framtid. Men for å få noko ut av denne boka, er ein truleg nøydd til å gløyma Tor Ulven og Sigmund Mjelve ei stund. Og slik er det kanskje alltid med vitalisme: Eg trur det er Trond Berg Eriksen som har påstått at Hamsuns Pan og Nietzsches Slik talte Zarathustra må reknast som kitsch i dag. Og for dei som har det slik, dei som ikkje kan ta vitalistisk verdslitteratur på alvor, er det sjølvsagt uråd å lesa lyrikk av denne typen.
Men det kan godt vera at denne ekskluderinga er tilsikta. For det er ei tydeleg interesse for subkultur, for punkarar, gothrockarar og skatarar hos Besigye. Og det er ikkje bare attributta hanekammen, draculakostymet og rullebrettet det handlar om. I subkulturen ser forfattaren kollektiv energi, utfalding av eit alternativt normsystem:
Skutt ut i alle retninger/ Helt frem til bygrensens ytterste fortauskanter/ Strekker gateskateren ut sine følere/ Mens han styrter nedover de bratteste bakker/ I stagediverdristig fart!
Som hos den danske punkgenerasjonspoeten Michael Strunge er det ei total neglisjering av det medieskapte, og på den måten konvensjonsstyrde, i dei subkulturelle mønstra. Det er ikkje den amerikanske konsumentkulturen, men tvert imot den ekspansive rørsla som står i sentrum. På same måte som Vigeland strekkjer seg mot sola, gjennom Monolitten, blir skataren til ein person som blir sitt eige, vitalistiske kunstverk. Han sprengjer utover seg sjølv, og omformar den framandgjerande byen til sitt eige felt.
Her, i dei lange og endeframme dikta der byen blir utgangspunkt for positiv identitet, kjem i alle fall eg til å tenkja på Jan Erik Vold sine dikt frå 60-talet. På same måte som Vold vender storbyen til naturleg heim for menneska, vender Besigye vitalismen frå å vera noko som faldar seg ut i eit arkaisk miljø til å bli noko ein kan oppleva på fortauet utanfor rådhuset i Oslo.
Bokklubblyrikk
Det er lyrikkens svar på bokklubbromanar, dette her. Alt står på linene, og ein treng ikkje grunnfag i litteraturvitskap for å forstå kva det går i. For ein som har lese ein del er nok dette eit problem. I staden for bilete er tekstane fulle av nye og gjerne stavrima koplingar som «lysglimtglefsene», «whiskyvarmende». Og for den som har levd ei stund er det kanskje endå vanskelegare å akseptera den naive trua på subkulturen som positiv motvekt til A4-menneska, som dei fleste av oss vel endar opp som. Den 50 år gamle lektoren med digitalkamera i mobiltelefonen og rullebrett under føtene er vel knapt noko mål for andre enn identitetsprodusentar for Nokia og Skeeters.
Men boka eignar seg framifrå som gåve til den som framleis er i ekspansjon. Så får me andre nøya oss med Uppdal sine ord:
Eg har kjend denne bloddrope-trall/ i min vår/ som eg aldri attende får.
Hadle Oftedal Andersen
|