Dag og Tid nr. 12, laurdag 22. mars 2003

Bøker:
Portrett av Bergman som ung kunstnar

«Vad tar man sig till när man har en hjärna som min? Jo, man öppnar gaskranen hemma i lilla köket och sen flyter allt sammans sin väg. Poff!» Ingmar Bergman sleppte filmvitaren Maaret Koskinen til i arkivet sitt på Fårö.
I begynnelsen var ordet ter for seg dei ungdommelege utkasta til ein kjend motivkrins.


Maaret Koskinen:
I begynnelsen var ordet
Ingmar Bergman och hans tidiga författarskap
Wahlström & Widstrand 2002

Bergman har følgt meg sidan Fanny og Alexander trefte det unge hjarta og synte kva levande bilete kan gjere med tilskodaren. Somme meiner at Bo Widerberg var ein meir reinspikka filmregissør, men eg kan ikkje følgje flokken hans når dei avskriv gubben på Fårö. Ingmar Bergman og Bo Widerberg skildest i synet på kunst og politikk, men det er ikkje til å kome frå at begge laga strålande, varige filmar. Bergman får sluttreplikken, han kan vere raus og skryte av kollegaen. Widerberg var i strid til det siste. I dokumentarfilmen Liv till varje pris av Stefan Jarl snakkar ein dødssjuk Widerberg om tilhøvet til Bergman. Han registrerer at Bergman reknar Kvarteret Korpen blant favorittfilmane sine, men forbannar seg på at han ikkje skal ha nokon Bergman-film blant sine favorittar!

Bergman-skepsisen blant jamaldringane til Widerberg er merkande i Noreg òg. Ein gong for lenge sidan arbeidde eg som klippeassistent på ein mindre vellykka norsk spelefilm. Vi trudde på prosjektet, og tonen i klipperommet var god. Eg har framleis respekt for regissøren og visjonen hans, sjølv om filmen til sist ikkje vart så god som vi hadde håpt. Vi var høgt oppe ei stund, og meinte nok inst inne at vi kunne måle oss med dei største. Det var då vi byrja å snakke om Bergman. Den norske regissøren, ein sentral mann i filmmiljøet her heime sidan byrjinga av syttitalet, hadde liten sans for den aldrande svensken. «Han er ein djevel til å lage bilete, men heile skiten handlar jo berre om borgarleg keisemd... Nei, Bergman kan du ha for meg!» Haldninga var oppriktig nok, men skjulte vel noka umedviten ærefrykt for farsfiguren. Det er ikkje lett å sjå kor vidt skuggen famnar når du står midt i han.

Personleg univers

Eg fortaper meg visst i staden for å snakke om boka som ligg på bordet. Maaret Koskinen har skrive ei fin bok om den unge forfattaren Ingmar Bergman. Bergman gav doktor Koskinen lov til å granske dei gamle papira som hadde hopa seg opp og fylte eit rom i heimen på Fårö. Det var eit gylle tilbod for filmvitaren og Bergman-spesialisten. Ho fekk bokstaveleg tala vasse i kjeldemateriale av høgste verde. Arkivet på Fårö inneheldt notat, skisser, prosa, skodespel og filmmanus frå dei første forsøka på trettitalet og fleire tiår framover. Materialet syner at Bergman tidleg prøvde ut motiva som kjem att i filmane i ulike sjangrar. Motivkrinsen utvikla seg frå usikre litterære forsøk til eit filmverk som med eiga tyngd og støtte frå konvensjonell språkbruk må kallast eit særmerkt, personleg univers.

Seg sjølv

Har nokon annan kunstnar i Norden synt fram kjeldene til verket sitt grundigare enn Ingmar Bergman? Boka til Koskinen er endå eit bidrag i ei lang rekkje av tekstar, filmar og fjernsynsspel som kastar lys over den personlege historia og utviklinga hans. Det er forbløffande å sjå kor tidleg tendensen til å bruke seg sjølv i ulike spaltingar dukka opp hjå Bergman. Det vanlege ønsket til unge kunstnarar om å utvide røynda med ei fantasiverd, var i tilfellet hans styrt av endå sterkare trong til å dramatisere eigne konfliktar. Boka vekslar mellom lange sitat frå tekstane til forfattarspira og Koskinens kyndige kommentarar. Bergmans konfliktar med omgjevnadene og seg sjølv er hovudtemaet frå byrjinga av forfattarskapet. Det er eit merkeleg moge val for ein unggut som var så tydeleg forheksa av lyset og rørslene på filmduken og maskespelet i teatret. Dei fleste kunstnarar med slik bakgrunn strever lenge med ytre form før dei finn eit personleg stoff. Bergman gjekk rett på sak.

Forvirra

Sjølvsagt var han ikkje fullt utvikla som kunstnar i tjueårsalderen. Bergman var òg forvirra, full av drifter som herja kropp og sinn. Han var sjølvgod og mistruisk mot autoritetane. Han bar på ømme og angstfylde bilete frå barndommen, brennande, frustrert kjærleik til mora og ærgjerrig trong til å vinne over den strenge prestefaren. Innbilte og verkelege demonar herja med han. Men Ingmar Bergman forstod tidleg at nett elden i hjarta var stoffet for kunsten. Den unge forfattaren var ikkje fri for melodramatiske fakter. Det tok tid før forma var avklart. Likevel finst det heilt frå byrjinga ein brennande kjerne i tekstane. Vi ser kimen til ein kunstnar som uttrykkjer seg fordi han ikkje kan la vere. Han kunne flire av elden òg, men han slapp ikkje frå han.

Eg avrundar der Koskinen byrjar, med eit sitat frå ei av skrivebøkene til Ingmar Bergman. Her samanfattar den unge forfattaren ambisjonane sine, med obligatoriske innslag av sjølvgransking og tvil. Tonen er meir høgstemd enn han bruker vere, men den gode patosen avslører kanskje like mykje av det spontane hjartelaget til tjueåringen som dei mørke, djupt sjølvironiske notata: «Längst ned i min dåraktiga själ hyser jag en liten högferdig tanke: Kanske kommer en gång – någon gång – något ljust och skönt att skavas ut ur allt eländet. Som en liten, liten, liten pärla ur ett stort svart och jävligt musselskal. Och om nu något vackert en gång kan komma från mig, så har jag fyllt min uppgift i tillvaron.»

Odd Magnus Grimeland

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |