Dag og Tid nr. 11, laurdag 15. mars 2003

Teater:
Kjasande kjærleik mot avgrunnen

Den mest openberre årsaka til at norway.today mislukkast som teater er at det tematiske alvoret stykket tek opp aldri vert teke alvorleg, skriv Inger N. Bråtveit.


Hordaland Teater
norway.today
av Igor Bauersima
Omsett og instruert av Vera R. Wexelsen

No er det tre år sidan den norske jenta og den austerrikske guten kasta seg utføre Preikestolen og landa i steinura 600 meter under. Ei veke før hadde dei inngått ei sjølvmordspakt på internett, og det er vegen mot dette kollektive sjølvmordet norway.today handlar om.

Dyster dialog

Ein stad i Noreg chattar Julie (Monica Grønvik) ut si monologiske erkjenning. Ein sjølvmordsinvitasjon ho seinare får svar på, og som veks fram som ein dyster dialog mellom to unge menneske. Det er svarte natta og ein kan berre sjå to pc-ar på scena. Scenografien er strippa, scena er ei snødekt fjellhylle og ei aud verd på ein gong, og skulle slik sett danna eit ypparleg utgangspunkt for eit dynamisk kammerspel. Tragedien er openberr, replikkane er saksa rett ut av nettrøynda og den eksistensielle angsten ligg meir enn latent i manus. Så kvifor vert aldri dette teater? Kvifor vert aldri dette meir enn ei tragikomisk påskefjellspåminning i beste Severin Suveren-stil?

Den mest openberre årsaka til at norway.today mislukkast som teater er at det tematiske alvoret stykket tek opp aldri vert teke alvorleg. Midt i ei desperat opptakt mot ein aukande desperasjon, midt i både kjærleik og død, kjem små humorhelsingar til publikum som ingen stad høyrer heime.

Den nordnorske dialekten til skodespelaren Erik del Barco Soleglad ser fleire gonger ut til å vera eit publikumspåskot for å koma med humørfylt, nordnorsk banning og delar av publikum humra då òg med, i beste Du-skal-høre-mye-stil. Men dette er ikkje Rorbua og dette er ikkje Tore Skoglund, det er Preikestolen og eit kollektivt sjølvmord som skal setjast i scene.

Åleine saman

Det handlar om kva som er ekte og kva som er falskt. «Her finst ikkje lenger noko som er ekte eller sant, for sann kan ein berre vera når ein er heilt åleine», seier August alias del Barco Soleglad. Åleine-saman-tematikken er ein velkjend tematikk som ein mellom anna finn hjå Jon Fosse, og reint eksplisitt i stykket Nokon kjem til å kome. I Nokon kjem til å kome handlar det òg om menneske som ikkje finn seg til rette i samfunnet, som ikkje fiksar dei nære relasjonane, men som likevel lengtar etter å høyra til.

I norway.today handlar det i høgste grad om å vera saman der ein er som mest åleine, om å ha lag med seg like inn i døden, men der Fosse syner fram ein romantisk draum, ber stykket norway.today i seg eit uartikulert opprør mot alt som er falskt i samfunnet. Ungdomane i norway.today forlèt ikkje byen til fordel for landsbygda, men ynskjer seg vekk frå eit falskt liv der sjølvmord er det einaste ekte.

Film

Dramatikaren Igor Bauersima har integrert filmmediet på to måtar i dette manuset, reint direkte ved at publikum får sjå resultatet av at sjølvmordskandidatane Julie og August filmar kvarandre siste natt og morgon før det fatale fallet, og seinare indirekte ved å referera til den klassiske opprørsfilmen Rotlaus ungdom (Rebel without a cause ) frå 1955. Bruken av film aukar noko av dramatikken i framsyninga, og problematiserer postmodernistisk ved å bryta ned skiljet mellom fakta og fiksjon, heilt til det heile punkterer og vert ståande att som eit masete og modernistisk mediegrep. Eit grep som for lenge sidan har smitta over på skodespelarane som sprellar rundt på scena i tomt, tima snakk. Snakket står i vegen for skodespelet, og teksten er det som står i vegen for at dette skal kunna bli teater. Då er det for seint å lura på kva som er falskt og kva som er fakta. Eit velmeinande råd: Hald dykk unna dette teaterstykket om de framleis skulle vera glade i livet og ha trua på teater.

Inger N. Bråtveit

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |